

Eneleg kom det deiliga veret og vi kunne tilbringa store deler av dagen utandørs. Med nesten gjennomsiktig kvit vinterhud gjorde det godt med litt frisk luft og sol i ansiktet (dei timane det varte...sukk).
Vi har brent alle sprossene som var på vindua (galskap ville nokon sagt), men sanninga er at dei stjal enormt med lys inne og at dei trengte både pussing, skraping og maling.
Sidan vi på sikt skal endre fronten med nye STORE vindu ut mot fjorden, så blir jo ikkje det sprossevindu likavel... Då blir det stooooore opne vindu med minst mogleg dill dall.
Jaja, fint utan sprosser då:)!
Etterpå laga vi kakao og tok oss ein tur ned i strando, der samla vi inn stein som eg kan ha i utepottene som for tida er ganske tomme. Dei bileta legg vi ut ein anna dag, fortjener eit eget innlegg:).
Gledar meg stort til sumarblomane er i butikkane igjen. Alltid så koseleg med blomar utanfor døra...
Ha ein flott kveld.
G
1 kommentar:
Høyres ut som dåke har hatt ein koslige søndag! Så flinke å komma dåke ut med dei søte små:)
Ingenting smake så godt som kakao ute i kulden!
Klem
Legg inn en kommentar