lørdag 31. januar 2009

Den sjette mappa førte meg til drømmeland...

Den sjette mappa førte meg tilbake til Barcelona. I oktober hadde vi ein eventyrleg tur til Barcelona saman med vår nærmaste familie og gode vener. Der feira vi bryllup 10 dagar til ende.


Barcelona sentrum. Santa maria Del Mar.

Dei første dagane budde vi 50 meter fra hovudgata Las Ramblas, midt i sentrum av Barcelona.


Marcus på veg til leilighetane som var plassert inni dette smuget!


Etter feiringa 3. oktober gjekk ferda vidare til Can Carreres. Dette var ei lita bygd ca 1 time fra Barcelona sentrum. Her fekk vi oppleva sol, varme, bading og TAPAS.

Bileter fra Can Carreres.

Uteområdet var hærlig!



Her er hovunhuset vi budde i. Huset inneholdt 10 soverom. Alle romma hadde egne TV, bad m/boblebad, dobbelsenger, balkong etc. Det minste soverommet var 30 M2.

Bassenget vårt....

Eg lengtar verkeleg tilbake til denne FANTASTISKE byen. Og når finanskrisa (haha) er over tar eg gjerne turen tilbake.

Frøydis


Hjartene mine...

Disse to hjartene fekk eg av ei veldig god studievennine då eg studerte i Bergen.

Plutseleg forsvann det eine hjarta??!??? Eg var heilt fortvila. Det var jo sjølve symbolet på vårt gode vennskap.

Leeeeeeeeeenge etterpå dukka det andre hjarta opp att oppi ein M&M snopedings som ungane fekk ein gong vi hadde vore utanlands... Heilt fantastisk! Eg var heilt rørt.

Tenk å bli så glad for å finne igjen eit lite hjarta i glas?!!?? Det betydde all verda for meg og sidan har eg passa godt på dei.

Syns dei er så søte, og denne gode veninna betyr naturlegvis ein heil del for meg:). God helg Anne Mari og alle andre som er innom bloggen vår.

Gunnhild og hjartene

fredag 30. januar 2009

Epleidyll...

Her ein dag grilla vi epler i peisen. Det var stor stas for dei minste og alle ville ha kvar sitt eple totalt fire ungar:). Då eplene omsidet var ferdig grilla, renska og låg oppskorne på fatet var det plutseleg ingen som ville ha. 

Det er jo heilt klassisk. Så den som måtte få i seg fire varme og gode epler det var meg, og svogeren min. Mmmm... Kan anbefalast med kanel og sukker på. God idè dersom du lagar til bål ute, eller har peis inne.

Ha ei god helg alle som kikkar innom.

Beste helsing

Gunnhild 




onsdag 28. januar 2009

Ta vare på kronene til gulla!




HIPP HIPP HURRA !!!!!




For ei tid tilbake bestemte eg meg for å stille ut bursdagskronene til ungane oppå kjøkkenskapa. Det skulle egentleg vere ei midlertidig utstilling, men eg har sjølvsagt forelska meg i desse kronene. Eg skulle hatt 10 kroner totalt, men berre 4 kroner har komme seg heilskinna gjennom flytting og ommøblering! Dette kan vere eit lite tips til barnerommet??

(Det var pussig at du Gunnilla akkurat hadde lagt ut bilder av kjøkkenet og!! Er ikkje tvillingar for ingenting...fniiiis)

Klem Frøydis

Nytt kjøkken, men kva lampe?


No er endeleg kjøkkenet ferdig og nye prosjekt står for døra:).

Vi skal investera i ein del nye taklampar, men slit maks med å finne nokre som vi likar godt. 

Nokre som har tips til butikkar med litt spesielle, enkle fine lampar? Evt. nettadresser eg kan kikke innom? Blir kjempe glad for tips og tilbakemeldingar om kor eg kan gjere gode lampekjøp.

Ha ein fin kveld alle saman.

G

tirsdag 27. januar 2009

Ein deilig dag på stranda...




På søndag var eg på jakt etter fine rullesteinar som eg kan ha til å pynta litt med rundt blomane i pottene utandørs. Det er litt koseleg og så reinsleg. Spesielt for å unngå at toåringen kastar mold overalt utanfor ingongspartiet. Då er det kjekkare å rydda opp litt fine steinar som vi har henta på stranda.

Ungane syns det var kjempe kjekt å bidra til dette prosjektet, og kva er vel betre enn det?

Takk for hjelpa småtroll. 

G

mandag 26. januar 2009

På nett igjen.......JIPPI!!!!!



Har endelig trumfa gjennom mobilt breiband!! Var snakk om at vi ikkje fekk fiber før tidlegast påske!!!

Helgo har vore brukt på fotokurs!!! Kjempe gøy!! Ei topp helg hadde vi. No skulle vi bare hatt ekstral linser og stativ og.......



Håpa no på mykje fint lys framover og masse fri.
Har sett nokon delmål med rydding av nye rom, så kanskje vi blir litt meir aktive her inne og. Gler oss te å sjå loftet på Kråkeslottet!



søndag 25. januar 2009

Det er godt å vera foreldre....

I dag har vi hatt ein skikkelig KOSEDAG ilag med familien Hillestad. Endeleg eit snev av VÅR i lufta og alle var i godt humør. Det er ikkje mykje varme ute, men gu kor hærlig det føles med solstråler i fjeset!!









Kakao og mykje meir...







Eneleg kom det deiliga veret og vi kunne tilbringa store deler av dagen utandørs. Med nesten gjennomsiktig kvit vinterhud gjorde det godt med litt frisk luft og sol i ansiktet (dei timane det varte...sukk).

Vi har brent alle sprossene som var på vindua (galskap ville nokon sagt), men sanninga er at dei stjal enormt med lys inne og at dei trengte både pussing, skraping og maling.

Sidan vi på sikt skal endre fronten med nye STORE vindu ut mot fjorden, så blir jo ikkje det sprossevindu likavel... Då blir det stooooore opne vindu med minst mogleg dill dall.

Jaja, fint utan sprosser då:)! 

Etterpå laga vi kakao og tok oss ein tur ned i strando, der samla vi inn stein som eg kan ha i utepottene som for tida er ganske tomme. Dei bileta legg vi ut ein anna dag, fortjener eit eget innlegg:). 

Gledar meg stort til sumarblomane er i butikkane igjen. Alltid så koseleg med blomar utanfor døra...

Ha ein flott kveld.

G

lørdag 24. januar 2009

Tuuuuuuuuuuuusen takk Maj Nan!

Tusen takk for awarden Maj Nan (Mitt og Mine), den blei vi kjempe glad for!!!! 

Som ferske i bloggverda så varmar det veldig med ein slik koseleg award.

Vi fekk ein tidlegare i veka òg, tusen takk Anne-Tone (Rod i Hob). Eg fekk diverre ikkje til å lagre den. Er jo litt amatør...tihi....

Eg ynskjer herver å gi denne awarden vidare til http://hvitstil.blogspot.com/. Det er ei side eg er innom titt og ofte, og den inspirerar meg VELDIG.

I tillegg, sjølvsagt, vil eg gi den til http://rodihob.blogspot.com/, eg får energi berre av å kikka innom sida di (du er jo mamma til Lucie og Simba). 

God kveld vidare...

Nok ein gong TUSEN TUSEN TUSEN TUSEN takk for at de kikkar innom sida vår.

Gunnhild

Stoff og stil !

Eg var hos ei venninne for litt sida. Ho hadde hylle opp og hylle ned med flotte stoffstykker. Eg har sjølv ein del fine stoff, og det er stort sett sengkle og puter eg har sydd på fram til no. Det er veldig kjekt....




Er det nokon der ute som har tips til kor eg kan kjøpa meir stoff til framtidige prosjekt?? Det finnes jo så fantastisk mykje fint der ute. Eg har store planar om å innrede eit soverom til syrom. Kjøpa meg ein sybenk og nye hyller til alt stoffet. Nokon som har noko liknande i heimen? Kjekt med kreative tips!!

Smoothie!


I ettermiddag tok vi oss ein pause og laga deilig smoothie.

Dagens smoothie bestod av:


frosne jordbær (ca. 1 liter)
to appelsiner
svisker + linfrø
biola
appelsinjuice

Eg hadde akkurat nok veske i til at det "gjekk rundt" i blenderen. Mmmm... Likar det best når det
er minst mogleg flytande og meir som is. YAMMY!!!! Ungane elskar det. Så enkelt, sunt og ikkje minst GODT!
I dag har vi rydda både inne og ute.  Mykje rydding, men det er på ingen måte alltid ryddig av den grunn. Toåringen og treåringen er kjempe flinke til å passa på at det ikkje er for ryddig...tihi...

Huset fløyt (sjølvsagt???!!)  verre enn nokosinne då svigerfar og Dag tilfeldigvis stakk innom... men sånn er det vel av og til. Det er masse rot før det blir ryddig!!!!

Vi skal flytta vaskerommet ned, og skal bruka dagens vaskerom til ein gang nr to.
Det blir ein slags "grov gong" som berre vi fire skal bruka, heldigvis er det skiferheller og utgangsdør her òg... 

Der treng det ikkje alltid vere så ryddig og vi kan ha alle sko og jakker lett tilgjengeleg.I noverande gang er det så trangt at når alle sko og jakker, samt Geir si barnevogn er inne så er det på eit vis altfor fullt. Skal kjøpa meg ein kommode og litt knask som eg kan ha i den nye gangen etterkvart. Tenkjer det blir ein bytur:) Legg ut bileter når eg er ferdig og har fått ut vaskemaskin og tørketrommel. Kjem røyrleggjar og skal fikse det praktiske i forhold til nytt vaskerom på mandag.
 

GOD HELG!

G

torsdag 22. januar 2009

Circle of friends...



Det har vore ein spesiell dag på mange måtar.

Heile familien har vore i gravferd til ei kusine sin ektemann, som diverre døydde så altfor ung...berre 40 år gammal. Kjempe trist!

Det set ting i perspektiv og materielle ting betyr absolutt ingenting.
Det viktigaste er jo familien og gode vener.

I den forbindelse legg eg ut eit bilete av "circle of friends" som mamma fekk av nokre gode kollegaer.

Det er ein spesiell lyseholdar som er utruleg fin på mange måtar. Den symboliserar noko godt.

L
VEL
V

Tankane til oss "tre kusiner" går i dag til familien.

onsdag 21. januar 2009

Det kjem seg dag for dag:)






Har diverre hatt lite tid til overs på loftet den siste veka, men er ihvertfall snart ferdig med grunninga...som er det versta etter mi meining.

Resultatet kjem seg litt etterkvart, men det gjenstår myyyykje godt arbeid. Den stygge pipa har vi snakka om å kle inn med skiferstein. Det trur eg passar fint på loftet. Planen er å kle inn grunnmuren med det samme, men det må bli når vi har vunne i lotto eller noko.

Sollampen kjøpte vi då det nya kjøkkenet blei bestilt, den skal på sikt få henga på ein lys vegg, inntil vidare får den henga i gangen opp mot loftet (som inntil vidare ikkje er malt).

Kjempe lunt og deilig lys i den, skikkeleg gladlampe.


Ha ein fin kveld.

G

mandag 19. januar 2009

Strikkedilla!

No kjenner eg at den gode gamle ånda er komt tilbake i meg....strikkeånda. Det siste året har eg ikkje følt at tida har strukke til i det heile. Men det er løye kor ein klarar å prioritere det ein verkeleg har lyst til!




Oppskrifta på desse babyvottane er som følger: 3 mnd. Legg opp 44 masker fordelt på fire strikkepinnar. Strikk 2 rett 2 vrongt i 6 cm. Fortsett så med glattstrikk i ca 6 cm til. Sett deretter eit merke midt mellom, dvs at du har 22 masker mellom kvart merke. Fell så ved å strikke 2 masker vrengt saman før merket, medan du strikker 2 masker rett saman etter merket. Når du har ca 6 masker igjen trekker du tråden gjennom og festar godt.. Eg brukar Lanett babygarn. Kjøpes på Baronessa.

Fiks ferdig...Tommel er heilt unødvendig for ein liten baby!!!


Hege's strikkekorg!






I går hadde eg besøk av ein kjekk kollega som hadde fått årets julegåve; nemlig er ei skreddarsydd korg til strikketyet!! Korga inneholdt ein slags tøypose med mange lommer og kjekke løysingar. I midten av dette kunstverket var sjølve strikketøyet, i sidelommene var det egne rom til blant anna knappar, strikkepinnar, nåleputer, sakser og ellers alt du treng når du har noko på gong. Posen oppi var friska opp med fargerike knappar og strikkar til innhaldet.. Dette hadde gjerne vore noko for tante Åslaug??? Bursdags/julegavetips?? Det er sikkert ikkje ein smal sak for oss nybyrjarar, men tante Åslaug hadde fiksa dette:)

søndag 18. januar 2009

Lenge leve gåver og leiker...




Det er alltid kos å vitja Halsnøy spesielt når eg er innom gåver og leiker.
Der er mykje koseleg.

Denne gongen var eg på jakt etter ei stor lykt eg kunne ha utanfor inngongdøra vår.

Sidan strømmen har vore vekke ei heil stund i dag, fekk den nye lykta komme innomhus... Kjempe nøgd! Butikken hadde eit hav av flotte lykter så det blir ikkje så lenge til eg tar turen til øya igjen. Bestemt meg for å kjøpa nokre litt mindre koselege til å ha på den brutalt store peisen vår. Veldig usikker på om vi skal pusse den eller kva vi skal gjere med den...

G

lørdag 17. januar 2009

Eg treng bloggehjelp!

Hei folkens!

Korleis får dåke alle til eit sånt flott bilde som passar perfekt inni ramma øverst på bloggen?

Må det tilpassast i photoshop kanskje?

Det skulle eg absolutt likt å fått svar på. Kjempe takknemleg for tilbakemelding om dette. Førebels er det berre rot her:). Lyst å få litt meir orden på sida vår.

G

Storm ute og fyr i peisen inne...

I natt har det blåst så heile huset nærmast har rista. Ikkje vore ver til å gå ut litt ein gong.
Det er sjeldan vi ikkje går ut berre for å få frisk luft.

Ungane hadde nok ikkje kunna stått oppreist ein gong. Håpar på ein rolegare søndag.

Bileta er tekne ved sjøkanten på Halsnøy kloster, der bles det friskt i dag!

Eg har vore på Halsnøy og kjøpt meg ei koseleg utelykt, som skal stå ved inngangspartiet, og klypt håret.

Treåringen gav meg streng beskjed om at eg ikkje var fin då eg kom heim. Heldigvis var mannen uenig i det.

GOD HELG!

G


fredag 16. januar 2009

Har blitt utfordra!!!!



Eg har blitt utfordra av min gode gamle kollega i byd´n (http://mittogmine.blogspot.com/)...
Kjempe koseleg å sjå at du har ein herleg blogg eg kan kikke innom Maj Nan:).

4 favorittprogram på TV:
Hmmmm. Eg ser så grådig lite på fjernsyn.
Likar frustrerte fruer
Gray´s Anatomy (som diverre har pause)
Sommer (som diverre er ferdig...) dansk dramaserie på NRK
Gullrekka på NRK fredagen

4 ting jeg gjorde i går:
I går var eg på jobb til klokka halv sju, etterpå for eg rett bort til beste veninna mi og åt ost og kjeks samt deilig kvelds med te og frukt attåt:). Mmmm... Kjempe koseleg! Frøydis (tvilling) var med..herleg!

4 ting jeg ser frem til:
Ser veldig fram til våren slik at vi kan vera MASSE ute og leika, grava i hagen og ikkje minst kan eg byrja på urtehagen min. Den inspirerar meg til å halde på ute.
I tillegg ser eg fram til å bli ferdig med oppussing på loftet, det blir fantastisk koseleg.

4 favoritt restauranter:
Sidan eg bur i Kvinnherad så begrenser det seg VELDIG. Handeland gård likar eg kjempe godt å få god mat og drikke:)...

4 ting på min ønskeliste:
Snille ungar
Utvida altan rundt huset med glasrekkverk
Nyare bil
Vaskehjelp...tihi...

Gunnhild

torsdag 15. januar 2009

Lampeglede...



Endeleg har vi fått oss ein snedden lampe til å ha på skjenken bak spisebordet.

Det slo meg plutseleg at samtlege lampar eg er skikkeleg nøgd med (enten det er stålampar, taklampar eller uplights) så har vi fått dei av svigermor! Skikkeleg flink er ho...

TUSEN TAKK Olrun og Otto, for du har jo vore med på gåvene, sjølv om Olrun har saumfart butikkane.

Du (Olrun) har god peiling på lampar og dei gjere kvardagen lysare:).

Ha ein fin kveld alle saman.

G

tirsdag 13. januar 2009

Tåselås...

I dag har vi "ungane" kost oss med pannekaker og bacon, og maling på døra.
Kjempe gøy! Ungane kunne nesten ikkje tru at vi skulle mala tåselasane og hendene, og deretter
setja avtrykk på døra (barnerommet). Det var stor stas. Mannen fekk malt seg litt òg, så det skiller mange centimenter mellom far og son.

G





mandag 12. januar 2009

Gøy å bada!



Marcus.

Eg trudde ikkje det var mulig å få ein slik latterkrampe som ungane fekk i dag. Sjølvsagt var det er PROMP under vatn som utløyste krampen:) Det er ingen tvil om at ungane har arva mine behov når det kjem til bading. Helst kvar einaste dag!!!




Aurora synes det er viktigare å ta seg bra ut enn å sjå omgivelsane rundt seg.

Ha ein strålande kveld.

F

Nye liftgardiner i heimen...

Endeleg er jula ute og det vanlege interiøret kjem meir til sin rett.
Her er dei "nye" liftgardinene eg kjøpte i haust. Kjempe godt nøgd.
Snart skal eg bestille nye liftgardiner til "nytt" soverom på loftet. GØY!!!!

G




lørdag 10. januar 2009

Panel vs. kvitmalt.






No er eg så smått i gang. Mentalt har eg tenkt på det i nesten eit år, men ikkje hatt heilt
tida til å gjere noko med det.

Vi har budd i huset i snart ett år no, og eg klør etter å ta tak i loftet som vi framleis ikkje brukar til dagleg.

Der er tre soverom (evt. to soverom og ei loftsstove), samt eit lite toalett.

I fyrste omgang skal eg male loftstove. Heile etasjen er panel, så det skal bli godt å få det litt lysare. Legg ut eit par bileter av korleis det ser ut i dag... så får vi sjå korti eg er ferdig.

Eg håpar naturlegvis at min kjære mann skal vera med å male litt òg. Då blir det fart på sakene:)

Heile hovudetasjen er malt lyst, og der er vi veldig nøgde etterkvart!

PS. Bileta viser eit herleg kaos, og kaos er det... enn så lenge:)

GOD HELG!

Gunnhild

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!