tirsdag 30. mars 2010

UT PÅ TUR ALDRI SUR...

I dag har team svigers hatt ekspidisjonstur til BRAKHAUG med heile bøttebaletten og mitt kjære søskenebarn Trude.

Vi gjekk i tett snøver, i påvente av belønning på toppen. Ungane var kjempe flinke og gjekk heile vegen.  Minsteguten på tre fekk sitja på ryggen til onkel Bjørn eit godt stykke. Det var stor stas! 

No reiser vi snart til fjells og gledar oss til påskeferie med svigers.

Endeleg nådde vi målet. Kjempe flott innsats av både liten og stor! 

Litt belønning på toppen, muffins:)

Litt naturintrykk undervegs, vi som hadde håpa på sol og vårtemning i påsken. 


Ein liten kvilepause undervegs. 

GOD PÅSKE! 

Klem Gunilla

torsdag 25. mars 2010

Byblom frå tanto!

I går kom tante Sigrid endeleg heim frå Sandnes. Ho hadde med ein suuuper søt byblom til oss. Den har fått hedersplassen i trappeoppgangen.
TEST

TEST
test
Tenk så søt denne blir når laukane spring ut!
test
test
Tusen takk snille Sigrid.
Kjekt med påskestemning i heimen. Teksten Bistro de Paris passa jo kjempe godt no som vi har bestilt Paris-tur...
test

test

test
Meg og mannen skal til Paris i april. Det gler vi oss stort til. Då skal vi kosa oss med god mat, sight seeing, shopping og avslapping! Har du tips til kva vi bør få med oss? Då blir vi veldig takksame!
test
Ha ei flott helg folkens.
Klem Frydis

onsdag 24. mars 2010

Jubel i taket!


Tante Sigrid kom heim frå Sandnes i dag, eg har knapt sett ungane "høgare"! Dei var heilt ville då tanto og Henriette kom inn dørane. Her skålar dei med smoothie i glaset. Mmmm...

Ha ein fin kveld. 

TUSEN TAKK FOR TULLIPANANE FRØYDIS. 

Klem Gunilla 

tirsdag 23. mars 2010

Tusen takk gutar!

I dag har gutane i familien verkeleg vist seg frå si beste side. Tantebornet mitt plukka disse flotte snøklokkene til meg, sant dei var søte??!?? 

Berre det at ein 7-åring tek seg tid til å plukka ein bukett til tanto/mosto er direkte rørande...

Ikkje nok med det, onkel Anders og Sondreguten har henta sand til den "nye" sandkassen eg snikra i sumar. Endeleg er snøen vekke og sandkassen er fylt opp med ny sand. Kjempe stas! Ungane var lagt då hengaren med sand kom på tunet,  så det blir nok ein stor opptur i morgon tidleg!  

TUSEN TAKK BOYS! 

HA EIN FIN KVELD.

Klem Gunilla 



søndag 21. mars 2010

Hytta er klar til påskekos

Hytta er no klargjort til påskekos med familien Fykse, Mathisen og Nilsen.  Sengene er oppredd og hytta er strigla og klar til innovasjon. GOD PÅSKE ALLE SAMAN!

- Ungdomsrommet -

- Gjesterom nr 1 - 

Vår = is


Mormor og Geir jr. har teke flotte bileter av seg sjølve...

Molle og bessen kosar seg glugg...


Molle blir berre flinkare og flinkare å teikne, gøy! 



Heilt frisk etter mandeloperasjon...hehe...

Ei herleg helg på hytta med mamma, pappa og mine søte små. Det kjekkaste med turen var ifl. ungane ferjeturen og fiskespelet på hytta. Heilt herleg! 

Vi har kosa oss med tur til Ikea, god mat, tv-kos, og avslapping. Ute har det vore øs pøs og atter øs. Håpar snøen held til påske og at sola kjem attende.

HA EI FIN VEKE ALLE SAMAN.

Klem frå Gunilla

lørdag 20. mars 2010

Dugnad utandørs!

Denne helga har ikkje gått heilt som planlagt. AV ein eller anna grunn hadde fruen i huset fått for seg at det var denne helga tante S skulle komma heim...skuffelsen var stor då vi fann ut at det var neste helg....Grrr. Endå sju dagar å vente...

Dagen idag starta kl halv sju *gjesp*, det er ein time for tidleg for mor i huset:) Vi var klare med frukost og klesvask då klokka var ni. Badeveska vart pakka og vi var klare for varmebassenget...*deilig* Men varmebassenget var stengt av tekniske grunnar?? hehe. Då kunne vi ikkje gjere anna enn å kjøpe store mengder smågodt å koooose oss litt ekstra!



Etter at vi hadde delt ein pose smågodt køyrde vi inn å handla i Uskedalen. Der fekk vi også handla inn påskeliljer og tusenfryder. Tusenfrydane vekker svært gode minner inni meg. For nokre år sidan fekk eg tusenfrydfrø av svigermor♥. Dei sådde vi på plenen, og kvar sumar dukkar dei søte små blomane opp i graset.

Idag har vi rett og slett hatt dugnad rundt huset. Det såg ut som ei slagmark etter at snøen drog sin veg. Knekte greiner og sand overalt! Det ser jamnt over trasig ut no som snøen er vekke. Ungane har jobba flittig og hjelpt meg masse, så no gler vi oss til all snøen er vekke, bakken har tørka litt og det grøne graset melder sin ankomst!

Ha ei fortsatt god helg folkens!

Klem Frøydis♥

tirsdag 16. mars 2010

Helga vår

På søndag vart vi plutselig 9 på pizza!! Kjempe koselig hadde vi da, og mammo får mykje hjelp å laga middagen. Full konsentrasjon i jobben.


I går måtte vi nyta finveret og vera ute. Denna karen hadde mykje arbeid med nokon slalomkøyrarar etter onklane, og laga løypa til dei!



Ha ei fin veka.
V

søndag 14. mars 2010

Ei heilt vanleg helg i kråkeslottet

Vi har hatt ei roleg helg i heimen. Geireguten opererte vekk mandlane på onsdag, og tempoet har difor vore roleg for heile familien. Eg er så takknemlig for at guten no er på bedringens veg og forhåpentlegvis held seg frisk og rask framover. 

Til tross for rolege dagar har vi faktisk fått gjort ein heil del. Mor i huset har vaska slike plassar som absolutt ingen legg merke til. Langs lister, mellom panelet, karmar, dører, oppi alle kildesorteringsbosspanna, etc. Det var absolutt nødvendig, men der er diverre kun eg som ser det (he he). I tillegg har mormor/mamma vore på liggebesøk i helga, alltid gøy! 



Ferdig i løpet av morgondagen, status per i dag! 

Mannen derimot har gjort ein del synlege ting i helga, på eget initiativ?!??

Det er jo eneståande!!!  

Eg er på kjolejakt og trur eg har funne "den rette". Håpar på prøving denne veka, så får vi sjå. Vinterbleik hud og kvit brudekjole er vel ganske deprimerande uansett kor flott kjolen er! Håpar vi finn ein dag denne veka girls. Kjolen var ihvertfall veldig fin på deg Hanna:). 

No er vi nettopp komne heim frå øya, vore på middag hos svigers. Mmmm....Vesle Othilia var på besøk frå Bryne (+ onkel og tante), stor stas for liten og stor. 

HA EI FLOTT VEKE ALLE SAMAN.  

Gunilla





lørdag 13. mars 2010

Helg i Hagen!

Dagen idag starta med tre blide ungar og nugatti på menyen. Ungane et omtrent eit brød aleine når vi har nugatti på menyen.... *fnis*

TEST

Etter å ha farta fleire helger på rad har vi kost oss heime denne helga. Fredag fekk vi eit kjempe kjekt spel av mormor. Junior GENI. Det har vi spelt kvar kveld. Ungane kosar seg max med spørsmål i fleng. Her får dei bryna seg i alle kategoriar. Dei blir SUPER stolte av å meistre spel som dette.

♥Tusen takk mormor♥

Ellers så har vi aka med "Onkel Per Helge", "tante Olaug" og Konrad. Per Helge har laga kule hopp i akebakken. Tussaluso var ute og fjerne nye skudd frå bjørkene, til fordel for sola som kikkar innom rett som det er. Det er eit sikkert vårteikn. Papsen har rydda garasjen og ordna i vedskura. Så i morgon er vi klar for ein avslappande sundag ilag med familien.TEST
TEST

TEST

Marcus har øvd seg på snowboard i heile dag. Han stråler som ei sol medan han trør opp og ned bakkane atmed huset. Takk til "farmor" på øya som tok med snowboard fra Hovden.

♥GOD HELG FOLKENS♥

Klem Frøydis

tirsdag 9. mars 2010

Jentetur med gode kollegaer!

I helga har eg vore på jentetur med mine kjekke kollegaer. Vi var så heldige at vi fekk låne firmahytte på høgfjellet. Gjett om det var stas.

Vi satte kursen mot fjellet rett etter jobb fredag. Etter ein heller lang tur var det godt å komma fram til ei varm og god hytte. Vi diska opp med deilig kvelds før vi sette oss til rette med ei diger snopeskål, vin og spel til langt på natt!




Kort oppsumert: SOL, SNØ, DEILIG MAT, VIN, SPEL, GRILLING, BOBLEBAD, LITE SØVN, GOD STEMNING, FLOTT HYTTE, GOD TID....



Ha ei fin veke folkens, no nærmer det seg påske og hyttetur for mange bloggarar tenkjer eg!



Klem Frøydis

mandag 8. mars 2010

På flyttefot

Etter snart 4 veker samanhengande sjukdom i heimen har ho mor i huset hatt veeeeldig god tid te fundera på korleis ho egentlig vil ha da i huset. Er komme så langt at eg alt har planlagt korleis vi kan laga til tv krok opp når våre 3 små håpefulle er teåringar og har tatt kontrollen i kjellarstova. Planane vil nok endra seg noko sio mintegullet nett er blitt 5 mnd......

Men flytting av rom blir da uansett i sommar. Då skal minigullet inn på eige rom og skuleguten ned i kjellaren på da stora rommet er. Dersom noko det ute veit om ein plass med fine skrivebord tar vi i mot tips med takk!

Vi har nokon tinng som vi er blitt veldig glad i og som set ein standard for kva fargar som kjem til å gå igjen. På skuleguten er da blått og grønt.
Her er da kjempe tøffa nattbordet som har fekk av mormor og mopappa. Da inhelde heile 3 "hemmelige" skuffer som ingen andre enn han har lov å kikka i.

Teppet som mammo er veldig glad i men som kanskje snart er for barnseleg for ein stor gut?

Mellomstegullet skal inn på storebroren sitt rom. Der må vi han ein runde med malarkosten. Han fekk sjølv velja tapet når vi flytta inn og den vart mørkeblå med Mikke Mus. No har mor bestemt at her blir da måla lyst så er da lettare å forandra med interiøret.

Her er nattbordkomoden te mellomstgullet. Fargane er kjempe tøffe og passe så godt med teppe hennar. Så ho kjem nok te å fortsatt ha raudt og rosa!!!

Teppe som både dotter og mamma er så glad i :-)
Mellomstegullet fekk tumleelefant te 1 årsdagen, den har vore brukt mykje og da var godt. Mammo like utsjånaden deira og da var einaste grunnen til at den kom i hus, men argumenta øvefor mannen var jo at denna kom til å bli mykje brukt og var utvikla av fysioterapautar i Danmark :-)


Minigullet skal inn på storasysto sitt rom, der er damasse smaå Ole Brummar på veggen så kanskje da og skal få seg ein runde med malakosten? Trur ho mor har bestemt at ho skal ha lilla med innslag av raudt :-). Så no er da bare å jakta på teppe og liknande til ho.
Ha ei fin veka.
Klem V

torsdag 4. mars 2010

Mitt første scoop!

Idag fekk vi eit søtt sengesett i posten. *stas* Sengesettet skal den aller minste prinsessa få.
Storesyster synes det er ekstra stas sidan Amanda har heilt likt. For dei som ikkje kjenner Amanda så er det vårt 6. familiemedlem...(Ei snakkande dukke som ser ut som ho er tatt rett ut av ein skummel skrekkfilm!)




Sengesettet er av merket Sebra.

Sebra har ei super nettside for deg som er på jakt etter interiør til barnerom eller klær med særpreg for dei aller minste.


Ha ei knall helg folkens!

Klem Frøydis

tirsdag 2. mars 2010

30.000 besøkjande..

I kveld hadde vi høytideleg trekning av gåvekortet vi lova ved passering av 30.000 besøkjande. Mamma trakk ut kommentar nr. 7 , og den heldige vinnaren vart vår kjære Guromor.
Gratulera så mykje, vi set stor pris på at du kikkar innom familiebloggen vår.



Gåvekort på 500,- kr vil bli sendt via papirfly:).

Beste helsing frå oss
Tre kusiner

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!