lørdag 27. november 2010

Lysfest hos mamma og pappa!

Geir sr. og Geir jr. kosar seg rundt gryto...

Den flotten buketten oppstilt i nytt lysthus (foto: Margrethe 5 år)

Måtte vi få lika fin vinter i år som i fjor.

Dette er den koselege nissen som flyttar seg rundt i huset og gjere mykje rart:).

I dag har vi vore på loftet og henta julestjerna, adventstaken, luciatoget og julabyen. Ungane var i ekstase, for no forstår dei at jula faktisk nærmar seg. 

Dagen byrja med årsfest i gymsalen, pølser, saft, kaka og nissebesøk! Det var utruleg spanande. 

Etterpå hadde vi ein impulsiv julaverkstad, og skal sei ungane produserte. Lykter, bileter og anna flott kunst:). 

I kveld har vi vore på lysfest hos mamma og pappa. Det var stor stas for liten og stor. Der fekk vi servert pizzahorn, potetkaker med sylteflesk (vår bessen si oppskrift...mmmm....), lappar med syltetøy eller krem, julabrus og kakao. Ungane måtte også leita etter kvar sin godtepose. Kjempe stas.

Skal sei pappa hadde pynta huset for sesongen, masse flotte julalys.

No er det berre for naboane og hiva seg rundt? Tihi... 

Eg tok ein del bileter der nede, men det mest velukka for kvelden tok Margrethe medan vi vaksne måtte stilla oss opp.

Minnene har vi med oss og så håpar vi på at dette kan bli nok ein tradisjon.

Klem frå Gunilla






tirsdag 23. november 2010

Tradisjonen tru!

to kusiner:)


Etter at vi flytta inn i nytt hus har familien Mathisen hatt ein fin tradisjon saman med Trudemor, nemlig pynting av pepperkakehus!


Dette er ein stor dag som heile gjengen gler seg til. Idag har meg og min betre halvdel stått på hovudet og bakt hus medan ungane var på skulen...*for fint skal det jo vera* Men makan til takras skal ein leita lenge etter....*smiler* Men kosleg var det iallefall...!

TEST

TEST

*Jippi* Med julemusikk i bakgrunnen, melis og eit lass med snop på bordet var vi klare for årets pynting! Det gjekk unna på snopet, eg trur det endte meir i magen enn på husa, men det er sjølvsagt lov, sjølv på ein tirsdagskveld. På nyttårsafta pleier vi ta huset ut på terassen og knusa det, men før det ventar det jo mange høgdepunkt.. Travle tider folkens.
Ha ein fin fin bloggkveld folkens!
Stor klem Frøydis

lørdag 20. november 2010

Eit snev av galskap?

Denne helga har vi storfint besøk fra byen. Ja, når bønder og byfolk møtes blir det mykje lått og løye! Det er ikkje mykje av galskapen som egnar seg på bloggen, men bildene kan tala for seg sjølv!



Stikkord for helga:

Pizzahorn, spaghetti, snop, chips, pepperkakehus, klementiner, film, kortspel, meir snop, ungar som er høge livet, liggebesøk og latterkramper i fleng!

Håpar dåke som er innom har hatt ei like kjekk helg som oss.

Klem fra oss i Hagen


torsdag 18. november 2010

Arbeidsplan for dei minste i familien!

Er du litt smålei av at ungane sleng kleda fra seg når dei kjem inn dørene, forlet fat/glas og bestikk på bordet, fullt boss under vasken, at katten kviner etter mat etc...

Då har eg eit tips til deg!
kjkj
Lag kjekke arbeidsplanar for ungane. Med daglege plikter og ein form for belønningssystem.
test
Når eg var lita hadde ungane i familien kjekke arbeidsplanar der vi kunne tjena oss nokre velfortjente kroner for husvask, klesvask, hagearbeid etc.



Planen over byrja vi med for omlag eit år sidan. Den er fortsatt "poppis", spesielt om dei ynskjer seg noko konkret som dei må spare til...Då blir dei hjelpsomme då!

Eksempelvis:
10 kryss = lønn (td. penger, utflukt med grilling i skogen, overnattingsgjest, bading i bassenget etc)

Om du likte ideen kan eg senda deg planen i ppt format, så kan du enkelt tilpasse planen med arbeidsoppgåver som passar ditt barns alder og interesser. Legg evt igjen e-post adresse i kommentar feltet, eller send oss ein e post på trekusiner@gmail.com
ddd
Ha ein flott kveld jenter og gutar!
mhgd
Klem F

tirsdag 16. november 2010

Chili Con Carne!

For ei tid tilbake fekk vi servert Chili Con Carne i lunsjen på jobb. Dette har blitt ein storfavoritt også på heimebame. Oppskrifta finn du under. Denne er såpass mild at også dei minste i familien et som hestar!


test
Chili Con Carne ala Tone!
test
4-500 gram Kjøttdeig (eller karbonadedeig)
1 -2 lauk
2 pressa kvitlauksbåtar
1 boks hermetiske tomater
1 - 1 1/2 SS Chilikrydder (kan reduserast om det er små barn til bordet!)
1 ts oregano
2 boksar tomatbønner (eller chilibønner)
1 raud paprika
1 grøn paprika
salt/pepar
TEST
Framgangsmåte:
Steik kjøttdeigen og hiv oppi lauk og paprika i små bitar. Bland resten og la det koke i ca. 15 min.
test
Dette serveres saman med lefser, kvitlauksbrød eller potetstappe!
test
Lukka til!
TEST
Klem Frøydis

torsdag 11. november 2010

Fødsel, dåp & God Jul....

Julakortet har hatt klar ei vekes tid, no sitt eg egentlig berre og ventar at det skal nærma seg desember...
TETS
TEST
Plutselig fekk eg eit par timar heilt utan forstyrrelsar...Lotta søv sin søtaste søvn i vogna, medan dei to eldste er på besøk hos gode vener. Det skal ikkje meir enn eit par timar til så er ein ajour igjen. Det tar heller ikkje lang tid før ein blir både rastlaus og saknar dei søte små rundt beina...heldigvis!
TEST
Endeleg er dåpstakkekortet i boks, no gjenstår det berre å kjøpa fotopapir og printe ut...*jippi*



TEST
I morgon gler eg meg til å ha heile gjengen fri pga planleggingsdag. Kanskje vi skal baka pepperkaker....hmmm. Det hadde dei nok likt. Pepperkaker, klementiner & julabrus hadde vore kos.
test
Ha ein fin fin dag folkens!
TESTTEST
Stor blogklem Frøydis

tirsdag 9. november 2010

Snart advent!

For snart to veker hadde meg og mamma oss ein kjekk jentetur til Stord. Då tok vi sjølvsagt turen innom butikkane på Vikjo. Vi fann ein del nips på Fem Høns og Kvist & Kvast. Eg er så lei av dei vanlige adventsstakane og fann heldigvis lilla band, sølv band, kvite kubbelys, sølvtal fra 1 til 4, stjerner laga av bark og ein sink fat som passa til resten. Av dette laga eg mitt eige adventsfat. *gler meg!*
TEST


TESThjghjg
No er det godt og vel tre veker til advent brakar laus og vi gler oss stort til jul. Den skal feirast saman med supre svigers og Stavangergjengen på Husnes. Det er alltid kosleg og VELDIG avslappande.
TEST
Eg håpar dåke klarar å halda skuldrene senka jenter...jul skal vera GØY, ikkje STRESS!
jhgfjhf
Klem F

Endeleg

Etter laaaaang produksjonstid vart endelig strikkasettet til midtimellom ferdig. Ting tar tid. Ho kunne endelig ta da med i barnehagen i dag. På tide når gredestokkem viser -3. Grrrr
Her er eg heima med sjuk mini.
Klem V

søndag 7. november 2010

Fuglamat

Dagane fyk og det er alt gått ei veka sidan vi var inne hos mamma og skulle aktivisera gullo litt. Då bar det innom butikken på jakt etter utstyr til å laga fuglamat!!!!
Vi fann mamma sine sandkakeformer og fulte dei med villfuglblanding og fuglanøtter, så smelta vi defiafett og sette dei i kjøleboden ein liten time!!





Så var da ut og henga dei i trea! Kjempe stas og nesten endå meir stas var da når mormor kunne fortelja at no hadde fuglane vore og ete opp alt!!

Ha ei fin veka!
Klem V

torsdag 4. november 2010

MAMMA MIA!


Endeleg har helga komme! I morgon startar helga vi har sett fram til i mange månadar. På laurdag skal vi på MAMMA MIA show i vestlandshallen i Bergen. Gjett om vi gler oss!
TEST
Ungane er jo ekte MAMMA MIA fans og har gleda seg enormt til denne turen. Eg trur ikkje eg overdriver om eg seier ungane har sett filmen sånn circa 150 ganger..*fnis* Så sjølv om handlinga er på engelsk har dei gangen i historien. Songane er kjende og kjære uansett.
TEST
Ha ei flott helg folkens.
TEST
Klem Frøydis

mandag 1. november 2010

Dåp!

No har det jammen gått over ei veke sidan vi feira Lotta sin dåpsdag saman med familie og gode vener. Vi hadde ein avslappande dag med mykje god mat, og mange trivelege samtalar! Dåpsbarnet oppførte seg eksemplarisk og sov seg gjennom heile måltidet...
TEST



TEST
I kveld sitt eg og lagar både julekort, takkekort og dåps-takkekort.. *kremt* Det er ein heila jobb, men når ein først har komt i gong er det jo mest av alt kjekt!

TUSEN HJARTELEG TAKK FOR MANGE FLOTTE GÅVER! Heldiggrisen Lotta.
TEST
Ha ei flott veke folkens. På vestlandet har vi hatt ein solrik dag idag:)
TEST
Klem Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!