onsdag 29. juli 2009

Dagens ros går til...

farmor, bessen og onkel Bjørn, mamma, tante Frøydis med fleire. Kva skulle vi gjort utan den gode familien.

Dei stiller alltid opp! TUSEN TAKK! 

I dag har mollemor vore med onkel Bjørn og gjett kva ho kunne då eg kom på henting etter barnehagen?!!?? Sykla...åleine....treåringen?!??? Geirebror har vore heima med bessen, stor stas! 

Heilt sprøtt kva disse små fikser med litt trening. No hjelper det jo veldig at helten over alle heltar Aurora har lært seg denne kunsten forrige veke:). Sjeldan sitt meir pågongsmot.

På søndag såg det relativt håplaust ut...fniiiis. 

For dei som har ungar i den "rette" alderen og ikkje har investert i sykkel endå, vil eg anbefale DBS barnesykkel, av denne typen, DBS Bikerz 400. Pris ca. 1200,-. 

Dei er stødig og har fleksibelt sete og styre, noko som er veldig praktisk etterkvart som disse småtassane strekker seg.  Det fins sjølvsagt billegare syklar til få hundrelappar, kanskje nett like gode. Kva veit eg:). 

HA EIN FIN KVELD ALLE SAMAN

G

søndag 26. juli 2009

Endeleg.........

har vi fått fiber nett!!!! Da er noko kjappare enn mobiltbreiband!!!!!!

I dag har vi vore turistar i eigen kommune. Ein tur i Steinparken og Baronihagen er kjempe stas!!! Kameraet gjekk så klart tom for strøm så desse to bileta var da som eg fekk av turen.....
V








torsdag 23. juli 2009

Tante Gunna's ostekake!



Denne kaka er noko av det enklaste eg har laga nokon sinne. Oppskrifta fekk eg av tante Gunna. Har du det travelt ein dag, så prøv denne. God på smak og lekker å servere.

Tante Gunna's ostekake

Botn
16 digestive kjeks
130 valnøtter (hakkes)
130 gr smør (mjukt)
Dette blandes saman.
Ta denne blandinga i ei rund form, med bakepapir i botn.

Fyll:
1/4 kremfløyte (haes i utan å vispe først)
1 Philadelphia ost
150 gr melis
Vispes saman til det stivner.

Kaka pyntes så med friske bær. Kiwi el jordbær er eit HOT tips, men eg brukte kirsebær på boks. Det blei lekkert!

LUKKA TIL!

Klem F

onsdag 22. juli 2009

Hageprosjekt!

Slik såg det ut før vi starta!




For omlag 1 1/2 år sidan laga min kjære mann og mi flinke svigermor ei trapp på eine sida av huset. Svigermor var hagekonsulent, medan mannen hadde den praktiske delen... Trappa blei veldig koseleg. Men no har vi endeleg komt eit steg vidare i prosjektet; vi har nemleg lagt heller langs huset. Tante Åslaug har spandert avleggjarar som skal krypa mellom trinna, og gjerne mellom hellene...Siste steget er å lage ei tretrapp øverst. VIPS er vi oppe på terassen. Det ser ut til at min mann har arva sine grøne fingrar av svigermor. Det er jo veldig STAS!

Klem F

lørdag 18. juli 2009

Øs pøs regn, brune sniglar og ugras.


Føler dette ligg an til å bli eit veldig negativt innlegg, men det er ikkje meininga.

Blogging skal jo vere inspirasjon og ikkje noko anna. Her på vestlandet auler det med brune ekle store sulte sniglar. Dei har nærast innvadert hagen og storkoser seg rundt kaninburet og snusar oppi urtehagen min. Det virkar faktisk som om kaninene er redde disse ekle brune treige, seige, motbydelige sniglane. Dei tørr ikkje gå ut når ein sleip j..... har sneke seg opp i buret og forsyner seg av både salatar, gulrot, eple og tørrfor. Grrr... Eg tok ei solid økt etter at ungane var lagt, for kaninene si skuld. Deretter luka eg "gårdsplassen" for ugrass som har innvadert tunet den veka vi har vore vekke. Skal ikkje sei at alt er vekke, men likevel ein del er tatt. MASSE gjenstår, men det får eg ta når snikkerane er ferdige og har flytta den store saga utanfor. Blir med andre ord aldri arbeidsledig...

Eg gjekk ned igjen til kaninene etter at alt dette var gjort for å forsikre meg om at dei koste seg med den gode maten, men NEIDA. Dei forbaska brune ekle sleipe sniglane hadde innvadert inngjeringa og kaninen stod inne og kikka ut. Grrr.... Eg tok meg nok ei økt og plukka alle dei sleipe ekle sakene og salta dei godt. Det er visst eit tips! Andre med gode tips, så takkar eg så mykje... FORTVILANDE med slike ekle gjester i hagen. 

Eg håpar veret lettar no neste veke. Vi har så lyst å farte litt på sjøen og ikkje minst berre tilbringe tid utandørs!

GOD SUMAR VIDARE.

G

fredag 17. juli 2009

Kusinene gir meg inspirasjon og energi....

Vi laga ikkje mindre enn 4 skåler av denne typen!!!!!!!! Så du kan tru vi baka i timesvis.

Vi bestemte oss for å dela på arbeidsoppgåvene.
Mamma: Kjevla klar deigen
Marcus: Ta på sukker og kanel.
Mamma: Rulla saman deigen, skjære opp i bolleemner
Aurora: Ha klar former til emnene
Marcus: Ta bollane opp formene
Aurora: Ta smør oppå bollane, samt drysse med perlesukker og legge på brett!!!!!


Marcus tar emnene i muffinsformer, då held deg seg ferske mykje lengre!

Mamma har lagar jobb til Marcus!

Køen blir lenger og lenger, Aurora jobbar som ein helt...

Eit hav med skulebollar, kanelbollar og pølsehorn kjøler seg ned før dei havnar i frysen.... No har vi niste til strand og båtturar i sommar!!
Ikkje tvil om at ein blir inspirert av kusinene...
Klem F

My so called life...

Tusen takk for ein hærleg award Anne Tone! Alltid kjekt med awards... Eg vil med dette gi den vidare til:

Mittogmine
Frida's lille verden
Hobbyhuset

Ha ein strålande kveld!

Klem F

torsdag 16. juli 2009

Ustabilt ver!

Mor i huset solar leggene rett etter ei kraftig bye....

No har eg feriert i tre veker!! Vi har hadde eit FANTASTISK ver dei første to vekene, medan den siste veka har bydd på svært ustabilt ver. Øs pøs regnver den eine augneblinken, medan sola varmar godt i kinna det neste!! Det er sjeldan vi har regnver om morgonen, og ligg på stranda på ettermiddagen, men det har vi altså opplevd dei siste dagane.
GOD FERIE TIL DEG SOM ER INNOM!!
Klem F

torsdag 9. juli 2009

Husmora i sitt ess.

Endeleg har vi fått sylta, baka og fylt opp frysen med masse godsaker. Mmmm..

86 bollar og 63 beger med syltetøy er ikkje å forakta når sola/hausten/vinteren kjem.

No er det pizzahorn, brød og andre godsaker som står på tapetet. 


Ungane kosar seg glugg på båttur. 

Altanen er så godt som ferdig, manglar litt detaljar. Får ta eit nytt innlegg når alt er ferdig...

GOD SUMAR!

klem frå sylteguri i kråkeslottet. 

tirsdag 7. juli 2009

Bakedag








Etter to veker med sol sol og atter sol kom regnet. I dag har vi gjort forefallande arbeid inne og baka masse bolla. Da vart både vanlege bolla, skillingsbolla og ostabolla. Huske dåke dei tante g. laga? Kjempe gode.
No kan vi igjen få sol, for frysen er full av god saker til stranda.
V.

mandag 6. juli 2009

Tusen takk snille Frida!


Denne søte awarden har vi fått av vår blog venn Frida. Ei tydeleg kreativ og flink jente.. Tusen takk!
Klem Tre Kusiner

søndag 5. juli 2009

Kjekke matboksar!

Då vi var på ferie i Sandnes var eg innom ein butikk som heiter T.I.N.Y. Der fekk eg tilgang til klær, sko, leiker, spel, sengkle etc. Det var ein kjempe flott butikk med god service. Endelig fekk eg kjøpt BLAFRE sine nye matboksar til ungane.

Prinsessa har fått seg ein stor matboks. Der får ho plass til både niste og evt. youghurt. I den vesle boksen kan ho ha fersk frukt, kjeks el. liknande. Kjempe kjekke no som vi er på stranda kvar einaste dag!

Prinsen har samme utgåva, med med meir "guttete" design.


Kult design!

Bambi ruler Aurora sin matboks!
Desse kan anbefalast til andre småtroll!!
Klem Frøydis

onsdag 1. juli 2009

Ååååå som vi saknar pappa!

"Søstrene" Mathisen ferierer fortsatt ilag med dei søte små i Sandnes..... Vi kosar oss glugg ihjel og blir behandla som kongelege blant slekt og vener. (tihi) Vi spring fra frukostar, lunsjar, middagar og kveldsar blant våre vener i byen... Heilt hærleg for oss to "aleine" mødrer på ferie.
Fram til igår har alt gått over ALL forventning. Ungane har samarbeida og søvn har vi fått, men ONSDAG braka det laus med verste sort, nemleg SPYBEIGEN. Det byrja med miste tassen, så fekk mammo det, så storesøster, deretter eldste gullebassen.....Vi ventar alle i spaning på kven som blir den neste. Eg ringte heim til min kjære for å søkja litt trøyst og gode råd, men det var ståa minst like galen... Smitten fekk papsen med seg heim då han vitja oss i helga...




Vi vonar at TORSDAG blir ein god dag, og at vi har nådd botn... (Ser dåke snart no mormor, bessen, onklane, mosto, Geir, Molle!!!)

Stor klem Frøydis

Min bloggliste

  • INK - Uansett om man har sterke meninger for eller i mot tatoveringer, er det veldig viktig at et eventuelt valg om blekk tas personlig. Jeg synes det er en uting...
    for 2 dager siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 måneder siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 9 måneder siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for ett år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for ett år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for ett år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 2 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 3 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 3 år siden
  • -
    for 3 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 3 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjente...
    for 4 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 5 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 5 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 6 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!