torsdag 30. april 2009

Friske fargar i hagen!

Det herskar vel ingen tvil om at våren er på veg:) Det er kjekt å sjå at det blømer i kvar ein krok! Blomsten som er avbilda har eg fått av "Farmor" på øyo.

I morgon har vi to maler prosjekt som skal gjerast, det gler eg meg til å ta bilder av! Marcus har arva ein sjarmerande pult etter besto, medan Aurora skal mala ein gammal gyngehest... Det er kjekt å ha litt planar i det små sidan heile gjengen har fri ilag!




Med ynskje om ein HÆRLIG fridag til alle som er innom:)

Klem F





tirsdag 28. april 2009

Blomsten og bien.....

Når er tida moden for å fortelje om "Blomsten og bien" ??? Eg har følt meg pressa opp i eit hjørne i lengre tid. Det hagler inn med spørsmal kvar einaste dag!!! I dag klarte eg snakka rundt grauten lengre...

Det heile byrja med at vi kom heseblesande heim fra jobb/skule/barnehage i fem-tida... Ungane styrta bort for å sjå om kaninungane var komne... Det var dei, og ungane HYLTE av glede. Men desverre var lykken kortvarig då alle seks ungane var døde... Grunnen er sansynlegvis at foreldra er søsken, og det er jo ikkje å anbefala...:)

Utan å gi alle detaljane, så trur eg 4 åringen fekk ein del å fordøye......tihi...
enden på visa var mykje knising og fnising..........

og heilt slutt på spørsmål........

Denna karen bryr seg katten om "Blomsten og Bien" og alt snakket om unga!!! tihi (heldigvis)

Denna vetla snuppo har idag bestemt seg for at ho skal ha seks babyar når ho giftar seg....
Så "To kusiner", no er det dåkes tur å formidle oppskrifta.....
Klem F

mandag 27. april 2009

Award, barkrakkar og prins!

Nokre ord om denne  awarden, som vi fekk av snillpike(http://snillpike-snillpike.blogspot.com/) fekk ikkje til å laga link, hmmmm.....

"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET - nærhet i rom, tid og forhold.
Disse bloggerne er usedvanlige, sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg.

Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til seks bloggere, som igjen må velge seg seks nye.

Sidan denne awarden har vore litt rundt forbi, så stoppar den litt her hos oss:). 

Unner maaaange flotte bloggarar disse fine ord. Blir inspirert av å kikke innom dykk alle.

Elles er barkrakkane ferdig malt og plassert på kjøkkenet. Eg sagde dei litt i kortaste laget ser eg, men pytt pytt.

Passar fint til både liten og stor. Alt er betre enn eit tomrom som det har vore siste tida... 

Ha ein fin kveld!!!!!

Gratulera med prinsen kjære M og R,  veldig kjekt!

Masse babyar i vennegjengen for tida. Stor stas. 

Gunilla



søndag 26. april 2009

Gratulera med prinsesso!!!!



I dag har bestisen min fått seg ei nydeleg prisessa.  Eg har gått på vent i heile dag (sidan eg fekk melding om at no var det gong på det...) og endeleg kom beskjeden om at nurket var født. HERLEG!!!! Gledar oss veldig til å sjå og holda skatten...

I dag har eg hatt ein skikkeleg ufrivillig innedag, sidan vesleguten er sjuk. Stakkars søte liten ven, ikkje greitt å vera forkjøla, få ny tann samt ha feber. Lenge leve Elias, Kaptein Sabeltann, Karius og Baktus, Gubben Katten...m.m. 

Det er ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Huset er nyvaska og dei "nye" barkrakkane er under oppussing. Eg fekk dei av mi gode og veninne, nybakt tobarnsmor, for nokre dagar sidan. Kjempe snilt! Ho skulle hive dei på SIM, men takk og lov at eg var innom...hehe...

Vi har snakka om å kjøpa oss to barkrakkar i lengre til, men naturlegvis kostar dei vi vil ha litt for mykje. Difor er det heilt toppers med barkrakkar frå IKEA og ei skvett oljemaling. 

Ha ei god veke folkens. Vi set stor pris på ein kommentar og to, syns det er veldig lite av dei...*sukk*.

PS. Målet for veko er å gjera ferdig loftstova, som har stått brakk i nokre månader. Rommet er på sett og vis ferdig, men det gjenstår å olja golvet. Eg er så og sei ferdig med pussing av golv, men jobbar med å få vekk litt søl nedfor listene, grunna litt slepphent maskering....grrr.... 

Klem Gunilla 

lørdag 25. april 2009

Bursdagsveka

På Kringleneset har vi samla bursdagane til trolla tett. Vetlajento var 2 år i dag og godguten blir 5 år på onsdag. Detta er kjempe stas for eldstemann, og ho på 2 forstår ikkje så mykje!!! I dag har vi samla kusinene med onga og tre små frå Omvikdalen på besøk. I morgon kjem besteforeldre, oldemor og søskenebarn. Tydag skal guten ha kameratane frå barnehagen!!!!!! feiring 3 daga te ende!!!


Her har mormor brukt kreativiteten sin og laga båtkaka!!!!
Onklane og tante kom med den store pakken!!!! Detta var gøy!!!

Batteridreven bil!!!!!! Sjekk eksosrypo!


Måtte prøva sjølv og, men vekslande hell.......
Kusinene får komma med sine bilder!
Ha ei fortsatt fin helg.
klem V



torsdag 23. april 2009

Takke lappe...

No for tida er vi MYKJE ute, og det er deilig. Det er om å gjera å vera minst mogleg inne...

I går tok vi ein usunn kvelds ute på altanen. Det var veldig poppis!!!! Lappar med brunost og syltetøy til kvelds, med familien Mathisen, mamma og tante GM på besøk. Mmmm...

Etterpå kruste eg ut til bestisen min, ho er høggravid og dagsventande. Kjempe flott!!!!



Eg kan anbefale elektrisk takka til alle, det er heilt genialt å ta med seg ut i sola:) 

Ha ein flott kveld.

G

onsdag 22. april 2009

Kanin avdelingen.....

Sio kusinene er så treige med å publisera famile auken så har vi alt vore å plukka oss ut kvar si kanin....... No er da bare eit par veker til vi kan få dei heim!!! Kjempe stas. To små så gler seg veldig.
Kikkelig vårgut med skrubbsår i heila ansiktet!!!

For andre er da viktigare å vera fin!!! (eller "ine" så ho seier sjølv!)

Søt då!!!!
No har dei vore å kobla breiband utfor huset i dag, så då må vi bare få da inn!!!! Jippi!!!! Men vi har nok godt av å leva uten tv nokon veker og.
Ha ein fin kveld
V


mandag 20. april 2009

FRUKTBAR KANIN!

I følge mine beregninger er det snart familieforøkelse i kanin avdelinga! Nokon som er interessert? Dette er vårt 3 kull det siste året. Ikkje alle overlever, men ei god avling har det blitt. Nokon som er interessert i kaninungar???
Det er sjølvsagt viktig at dei får ein trygg, stabil heim med ungar som likar å kosa med desse søte små...


Lys brun...

Marcus sin favoritt var svart!


Aurora likte brun...

søndag 19. april 2009

Fregner på nasen...

Denna helgo har vi verkeleg kost oss i Hagen. Vi har stort sett vore rundt huset sidan fredag ettermiddag. I helga har det vore varmt i veret og sola har gitt oss små fregner på nasa!
Vi har stått på hovudet i bedd, slått plenen, montert hammock, tatt ned putene til møblane...etc
Det er hærlig med alt som er gjort...
Vi har prioritert ungar, hage og god
MAT denne helga.

Flinke gutar byggjer hytte!


Poteter i båtar steikt med tomater, olja og masse krydder...

Bessen's spesialitet; PANNEKAKER med sjokade!!!


Jentene visar fram "stygge" sommarsår!!


Vi har hatt mange lunsjar utandørs denne helga.
Veldig stas for dei minste.

Ha ei god veke!!!!!!

FNM

lørdag 18. april 2009

Hagen i bløming...

Onkel B køyrer ein runde rundt på plenklypparen med dei minste, det var heilt KONGE!

No blømer det endeleg i dei fleste hagar. "Hagen" (der vi voks opp, og nokre av oss har bygd hus) blømer så fint. Frukttrea er full av kvite fine blomar, bakkane er grønne, påskeliljene er gule og flotte, tullipanar, kvitveis og diverse andre flotte blomar pryder hagane. 

På besøk i den flotte leikehytte som M og S har laga, kjempe stilig!!!!

Pæretreet...

Ei marihøna kosar seg i sola... 

GOD HELG! 

G

fredag 17. april 2009

As good as it gets.


Soverommet er eit av dei romma eg ikkje er nøgd med. Soverommet i seg sjølv har eit stort potensiale med store fine vindu, fantastisk utsikt og mange mulighetar...

Det er inredninga eg ikkje likar. Dvs. senga er så absolutt ikkje vår stil, og skapa stod då vi overtok huset... Rommer masse kle, og det er det viktigaste. TROSS ALT. 

I påsken fekk eg eit lite infall og ville gjera noko med senga. Sidan vi ikkje har lommebok til ny seng akkurat no så fann eg ut at eg kunne gjera det beste utav den vi har.

Jernsaga vart tatt i bruk og senga blei "ny". Tihi...måtte smiska VELDIG med mannen for å få det i boks. 

Dobbelseng, men enkelseng ved sidan av. Vi legg oss ALLTID to, men våkar alltid tre??!??

Er det ikkje rart? Prinsessa kjem snikande kvar einaste natt og luskar seg under dyna mi på eit

eller anna vis. Prinsen kjem tuslande inn tidlege morgonen...Zzzzz... 

På kommoden til mannen står eit koseleg bilete av tvillingane (søs + meg) og mamma, ser at vesleguten min er veldig lik på meg sjølv....kjekt!

Ha ein fortryllandes kveld så kjem det nok sikkert litt meir knask seinare i helga. Målet er å få hagen i tipp topp stand og elles kosa oss masse i sola. Deilig å vere ute heile dagen:) 

Det er jo meldt strålandes sol her på vestlandet.

Klem Gunilla 

torsdag 16. april 2009

Kjøkkenhage klar til planting

Mine skjønne små hjelparar er så gode å ha. På fridagen planta vi endeleg ut litt frø til forkultur. Ungane hjalp meg med planting og eg kan lova deg at tunet var full av frø etterpå. Eg ser ikkje vekk ifrå at det vekst både agurk og tomatplanter rundt omkring om nokre veker:). 

Vi planta tomat, agurk, sukkererter og i dag har eg kjøpt dill, bassilikum, oregano, rødbetar, og blomsterfrø. 

Frå før har vi grasløk, persille og rabarbra. 

Mmmm.... 




Viss du har tips til noko spanande å ha i kjøkkenhagen så vil eg så absolutt takka for det!!!! 

Sikkert ein heil masse eg ikkje har prøvd eller tenkt på. Til neste år er planen å skaffa seg eit lite drivhus, men fyrst må hagen gjerast klar og bassenget fjernast.

Vi har eit gammalt basseng laga av elvastein som tar "store" delar av hagen. Det skal vekk og plen skal plantast, altan skal utvidast, lysthus skal byggast, mur skal lagast....JA...vi ventar på LOTTO gevinsten. Det er ein langsiktig plan. 

HA EIN SKJØNN KVELD.

Klem Gunilla 

onsdag 15. april 2009

Rosene er røde....

fiolene er blå, druene er søte og du er likeså!
Denne søte ildtoppen fekk eg av ei SUPER omtenksom venninna på jobb idag. Tusen takk snille HEIDI! Den har fått hedersplassen på spisebordet... Potta er av typen "Greengate" , den gir meg sommarstemning!

Vi tilbrakt ettermiddagen i sola. Tripp/Trapp stolane har fått seg eit nytt strøk. Det skal ikkje så mykje til så er dei så gode som nye...

Prinsen har vore opptatt med fotballtrening, og prinsessa har vore på tur med mormor og Amalie...(dokka) Eg har faktisk vore heilt aleine i huset....Gjett om eg fekk unna både husvask og klær!!


Ellers så er eg imponert over kor sta ein 7 åring kan vere...Kvelden vart avslutta med eit krigshyl; Han vil ha shorts på skulen i morgon!!! Da synes mammo var vel tildlig på året... Ikkje lett å setja grenser når vi har ein onkel (byrjar på P) som har gått i shorts/t skjorte i vekesvis, ei tante (byrjar på L) som har sete i solkroken sidan februar og ei mormor som går serdeles lettkledd rundt hushjørnene:) hahahaha


Marcus iført Barcelona outfit fra topp til tå.....

Eg måtte beint fortelle Marcus ein historie fra 80-talet, historien om då mamma ikkje fekk låne øksa av mormor.....Eg hugsar det endå. Vi var sinte som lemen, men då mormor forklarte at vi ikkje fekk låne øksa fordi ho var så inderleg glad i oss, så fekk vi noko å tenkja på!!!!!!!!
Da blei no folk av oss og!
Ha ein fin torsdag folkens....

tirsdag 14. april 2009

Vår i Hagen.

Skitne fingrar, kvelds på terassen, ungar som ikkje vil inn for kvelden, sol inn soveromsvindauga etter klokka 20.00, fyr i bålet...JA, teikna er mange!
Eg kryssar fingrane for at dette veret skal vara ei stund.





Idag har vi hatt nok ein hærleg dag på Vestlandet. Veret har vore upåklageleg og vi har kost oss utandørs. Trampolina har komme opp igjen til ungane si store GLEDE! Mosto har luka på bedd. Mannen har rydda ut av eit gammalt skur som skal rivast..etc.
MED YNSKJE OM EIN FIN LILLE LØRDAG!
Klem Frøydis





Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!