mandag 30. november 2009

Besøk fra byen

Ei herleg helg saman med familien!

Henriette!

Marcus har henta brake til bessen!


Mia ventar på grillpølse!

Aurora passar Jakob!

Axel grillar vossakorv med eige stativ!


I helga har har vi hatt "søskenbarna" fra Sandnes heime:) Alltid kjekt. Aurora har overnatta hos Mia heile helga! Vi har kost oss med middager, lunsjer, Jul i Rosendal, grilling i hagen , henting av brake og masse anna kos.

Ha ei nydeleg veke folkens....

Kllem Frøydis

torsdag 26. november 2009

Tips til sovesofa?

Ja no nærmer det seg innredning av kjellarstova på hytto. Då kjem vi jentene meir inn i bildet?
Har surfa litt på nettet og kom over nokre fine sofaer på IKEA. Eg likte desse veldig god. God plass og lagring under:)



Ellers kan det jo og vere greit med ei feltseng eller to på lur. Dette viss vi skal feire ♥ påske ♥ saman med td. heile familien Nilsen, Fykse, Hillestad og Mathisen...hihi. Det er jo ikkje utenkeleg.

Har du tips til kor vi kan få tak i ein god, praktisk og fin sovesofa er vi takksame for tips!!

Ha ein flott dag folkens!

Klem F

tirsdag 24. november 2009

Prosjekt hyttekjellar


I helga har heile familien kork vore på fjellet.
Pappa og Anders har stått på i kjellaren, slik at den skal bli klar til jul. Viss den ikkje blir klar så klarar vi oss heilt fint likevel... Luksus når kjellaren blir ferdig, slik at fjernsyn og leikerom kan vere nede. Samt sovesofa og nytt fint bad.
Det er tørketid på bloggen for tida, har litt problem med datamaskinen og opplasting av bileter.
HA EIN FIN KVELD.
Klem Gunilla

mandag 23. november 2009

Kakemenn og kvednakjeks

I år er vi vist tidleg ute med mange av julaforberedelsane... Stoppar vel opp no.
I dag har vi vore hos mormor å baka kakemenn og kvednakjeks.

Ivrige små hender.


To stykker i full konsentrasjon.....Så lenge da varte!!




Minsten og må ha litt byssing.


Kjem da noko her eller???


Jippi detta var gøy!!!!
Ha ei kjempe fin veka.
Klem V

søndag 22. november 2009

Jula nærmer seg....

I helga har vi vore på hytta. Det har vore ei hektisk helg. Meg og mannen har nemlig vore på julehandel i byen! Takka vera ei fantastisk mormor og mosto fekk vi handla ei røys med gåver på laurdagen. Det er veldig effektivt utan dei minste på slep. No gjenstår berre eit fåtall julegåver så er vi i mål! Det er herlig å føla seg hakket meir a jour. Kvelden har gått med til å pakka inn gåver.... Ungane er frå seg av forvitenskap og gler seg storvegs til kalenderen neste veke.


Ellers så har vi hatt malar heime hjå oss i helga, så no gler vi oss til å få ein nyoppussa gang og trapp. Ikkje det har det var nedslitt, men dårlig arbeid før vi flytta inn.... Skal visa litt bilder når det byrjar å ta form.

Eg vonar alle som er innom får ei flott veke!

Klem Frøydis

Grautfest

For man år siden var vi fem venninner som vart einige om at istaden for å kjøpa ei julahelsing til kvarander skal vi samlast ein laurdagskveld med god mat og drikka før jul! Eein kjempe kjekk tradisjon som vi har klart å halda på i 10-12 år no. I år var den min tur til å laga til, og i går gjekk samlinga av stabelen på Kringleneset. Ikkje alltid lika lettå få da til å passa for 10 stykker, no får mannane og lov å vera med.....
Vi byrja med å ha graut derav namnet, men sidan nokon av oss ikkje er kjempe glad i graut har vi skifta meny og i går vart da servert hjortagryta.

Siden detta er ein julatradisjon og vi i år var litt tidleg ute måtte vi loftet etter adventstjerna som vi kjøpte i fjor. Ho er kjempe stor 1 m i diameter og kjempe fin syns vi. Dei to eldste gulla syns da stod te og guen måtter vera med å få den opp. Midtimellom huske nok ikkje mykje frå jul i fjor for ho stod med stor auge og bare kikka og kikka........ (vi får la vera å ha lys i den denna veka.....)

Velkommen til bords......




Litt stemning måtte vi prøva å få inn.


Syns desse englane var så søte, måtte bare ta dei med heim frå butikken. Kjenner eg får meir og meir sansen for englar til jul!!!





Vi storkosa oss, og eg trur ikkje eg hadde blund på augo før tre.
V

onsdag 18. november 2009

Prosjekt adventskelendar

Sio eg ikkje er så kreativ at eg klare finna på nye adventskalendarar kvart år har eg brodert kalendarar til dei to største, og fått i hus til minigullet...... No er da bare arbeidet att!!!
Sikkert litt nostalgi i da og sio vi hadde brodert adventskalendar når vi var små!


Her er eldste gullet sin kalendar. Da er tredje året den er i bruk. Han husker godt ka da vil sei med adventskalendar og gler seg masse te Fjøsnissen kjem med pakka kvar natt!!!



Denne er midterste gullet sin kalendar. Ferdig i år. Ho huske ikkje noko frå i fjor, men er veldig opptatt av at "denna er min og mamma har laga den!!!"






Denne skal ein gang bli mini gullet sin!!!! Må bare få energi te å byrja brodera, og armane frå frå byssing!!!
No gjennstår da eigentlig bare å laga te 48 pakka, gler meg alt te neste år nå vi treng 72!!! Føler i år at det har stoppa opp litt på ka vi skal pakka inn men får sjå om vi klarer å ha litt fokus på da no fram te 1. des! Vi gler oss, er stas å sjå dei forventningsfulle ansikta kvar morgon!
V



søndag 15. november 2009

Strikkedilla igjen...

Takka vera ein MEGET flink og inspirerande svigerinna (Sigrid) har eg fått ånda over meg igjen... Det er eit godt teikn når husvask blir utsatt i det lengste, eg klarar berre ikkje å stoppe strikkinga. Det siste året har eg strikka mykje stripete, men mest i brunt og kvitt. Sigrid tipsa meg om Sandnesgarn sitt babygarn. Baronessa sel dette garnet i alle moglege friske fargar!

Gler meg til du kjem heim igjen, då MÅ du læra meg maskesting!

Stor klem Copy Cat Frøydis

lørdag 14. november 2009

Snart adventstid

og fargen på lampen må oppdaterast i forhold til sesongen. Vesleguten fekk velja farge heilt sjølv i dag, og valde tilfeldigvis lilla. Det passa meg perfekt sidan det snart er advent og på tida å pynta så smått til jul... Lampen er ein diskret detalj som faktisk har ein del å sei for stemningen på kjøkkenet/spisestova. Innerste ledd på lampen har lause "blad" som kan byttast ut i dei ulike fargane, lilla, raud, blå, gul og grønn. 




I kveld har eg og mannen inntatt ein betre middag, eit glas vin og dessert. Tusen takk snille gode mann. 

Mmmmmmmm......

God natt og sov godt.

Klem G

fredag 13. november 2009

Ein dag med god tid....

Idag har ungane hatt fri med mammo pga. planleggingsdag. Eg tok meg fri for anledningen, og det kan eg sei var uvant! Fri med ungane ein kvardag?!

Vi benytta dagen til å besøke eine kusina. Vi har kost oss med masse nye leiker, puslespel, uteleik og deilig lunsj. Det var første gang vi fekk sjå vesle Olida, og det var såklart spanande og kjempe kjekt!!!!

Tusen takk for oss. Vi kjem gjerne igjen. Vi har hatt ein knall kjekk dag saman.

Klem F

onsdag 11. november 2009

Forandring fryder

i heimen for tida. Vi malar no "foreldre" soverommet oppe. Eg er kjempe glad i blå og kunne tenkt meg ein dus blåfarge med grått i. Tok med meg to spann med fargeprøvar, men det var ikkje heilt innertiar.

Testa ut gustaviansk blå og fiolblå, fyrstnemde var altfor mørk og fiolblå altfor lys med skjer av lilla (ikkje det eg hadde tenkt....). I morgon skal eg hente meg nokre nye fargar, tenkjer litt på skagen og evt. risør. Viss du har tips så er vi kjempe glade for hjelp. Viktig at det er litt nøytralt, slik at det passar til alle sengklede og ikkje gjere begrensning i forhold til fargeval på teppe, liftgardiner, m.m.


Nesten ferdig grunna, men eit par strøk med rette fargen gjenstår. Ikkje enkelt å finne den rette fargen. 

Mannen er forøvrig kjempe flink å bidra så det gjere jobben dobbel så lett, dessutan kjekt å pusse opp saman. Ingen radio, tv og datamaskin. Herleg til gammalt. 

Ha ei veke som snart nærmar seg helg. 

Klem Gunilla 

søndag 8. november 2009

Først ei teskei sukker og ein kilo med farin!

Idag har vi kos oss med pepperkakebaking til den store gullmedaljen. For første gang etter at eg blei mamma har eg faktisk følt at det var GOD hjelp i dei skjønne små! Tidligere har dei berre grist med mjøl, naska deig og gått frå bordet etter 5 minutt:) Men i år satt sei så fint og kjevla og trykte ut heilt sjølv! Kjempe flinke. Det er så kjekt at dei likar baking slik som meg.




Etter ei lang økt langs kjøkkenbordet fekk vi besøk frå gjengen i Kråkeslottet. Turen gjekk øverst i Hagen og til eit stort tre som har rotvelta på bakken til onkel. Dette treet var kjekt for heile gjengen. Vi hadde med oss deilige rundstykker og kakao.




Etter at Junemor vart henta av pappen på ein ATV har eg ikkje høyrt om anna. Ungane har surfa og sett prisar og bilder... Omsider har dei vel skjønt at det krev ein lang spareperiode før dette kan blir ein realitet:)



Eller må vi senda varme helsingar til alle PAPPAENE i landet! Håpar dåke har hatt ein avslappande og fin dag. Kva skulle vi gjort utan dykk!


Ha ein fantastisk veke folkens!


Klem Frøydis

lørdag 7. november 2009

Grauttradisjon for liten og stor

Graut har alltid vore ein stor favoritt frå eg var liten og er det framleis.

Vi har alltid ete graut på laurdagen, og det syns eg er ein fin tradisjon. På kvelden er det meir avansert, men sånn til lunsj så er det heilt strålande. Raud saft høyrer med. Mmmm.... 

God helg alle saman. 

Klem G

fredag 6. november 2009

Snop i store mengder...Mmmmm....Gulp...


(bildet fann eg på nettet, trur det høyrer til ein link frå Dagbladet)

Ungane er lagt, mannen er på tur og eg kosar meg med snop frå Halloweenfesten forrige helg. No har eg proppa i meg så mykje snop at karius og baktus storkosar seg. Skikkeleg dårleg samvittighet for at ungane må vente til "laurdag" før det er snopetid....Jaja, dei får nok dosen sin i morgon tenkjer eg. 

HA EI GOD HELG FOLKENS.

Klem

Snopeguri i kråkeslottet  

onsdag 4. november 2009

Loftet står for tur.

No er vi klare til oppussing av nytt soverom på lemen, det ser eg fram til.  Mannen har maskert golvet, eg har støvsugd og i morgon er det nedvask. 

Planen er at heile familien skal flytte opp når soveromma er pussa opp. Forhåpentlegvis til våren ein gong.  Då blir det meir romsleg og kanskje mindre rot i huset. 



Ikkje nok med det, så har den eine kusina vore i aviso i dag. Kjempe koseleg! Huset i skogen. 

Ha ein fin kveld.

Klem G

mandag 2. november 2009

Middagstips!




Då kjernefamilien Mathisen var på hytta for litt sida laga vi oss eit herremåltid. På menyen stod det fylgjande:


Scampi (steikt)

Kamskjell (steikt)

Spekeskine (steikt)

Ris

Soyasaus

Salat

Sopp (Steikt)




Denne retten er jo super enkel å lage til. Hos SPAR Uskedalen får du alt du treng for eit velukka måltid.




Lukka til!


Klem Frøydis

søndag 1. november 2009

Halloween for liten og stor!

I dag har sju vaksne og åtte born feira Halloween på vår egen måte.

Vi har kosa oss med heimelaga pizza, brus, snop, kaka og masse kos. Ungane har storkosa seg kåring av beste kostyme vart gjort. Dette må definitivt bli ein tradisjon, noko eg trur vi alle kjem til å ha stor glede av...tihi. 

PS. Alle måtte ta av seg maskene under festen då dei to minste bukkane syns det var grådig skummelt. 

Vi har hatt ulike kostymar som;

skjelett x 2

hekser x 4

sabeltann

gresskar

udyr

pippi

flott black metal dama

Michael Jackson (skikkeleg HOTTY)

deilig dama (min kjære mann)

matrix skodespelar

zombie

Vinnarane av konkurranse var:

skjelettet med scream maska (kjempe skummel)

Kaptein Sabeltann

og 

Michael Jackson. 





Denne søte blomen og ei flaske med noko godt fekk eg frå gjestene, tusen takk!  

Klem Gunilla 

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!