fredag 30. oktober 2009

Haust





Dagane går stortsett med til byssing og bæring av eit lite gull. Før helga vart da gjort litt haustforberedelsar utfor huset. Har tenkt å planta lyng leeeenge og då vart da endeleg gjort!! Hadde oss ein turtil øyo på handel og der fann vi hjarta og Velkommen skilt.
Liker at da er fint ver og at vi no kan nyta hausten uten at vi er søkk våte bare vi går ut med bosset!!!
God helg.
V

mandag 26. oktober 2009

Ho ho ho!

Ja tenk no folkens....under to mnd til jul! Er det ikkje hærleg? Jula er ei fantastisk tid. Mykje planlegging og kaos i forkant, men så uendeleg kjekt når dagen endeleg kjem! Eg ser for meg at vi skal ha eit mellomstort juletre i stova, treet vil eg pynta med raude kuler og lys.





Er det nokon av bloggarane som har tips til kor eg får tak i enkel med flott julepynt til treet.





Ellers blir eg SUPER glad om du har tips til korleis eg kan laga ein kreativ kalender til mine søte små?? (5 og 7 år)

På førehand takk for tips eller gode idear!

Klem Frøydis

lørdag 24. oktober 2009

Epleslang på lyse dagen.

Det å gå på epleslang er ikkje i utgangspunktet noko å skrive om på ein blogg, men i dag gjorde vi det!

Ganske frekt tenker nok mange, men eplene hang der kun til nedfalls på ein gamalt småbruk der ingen bur.

Eplene er til stor glede for oss og vi tok med oss nokre få då vi passerte treet tidlegare i dag...Mmmmmm! Gøy på landet!


Eplene var saftige og gode, og skikkeleg populære blandt dei minste, samt dei store...

I tillegg til epleslang så vart mamma og pappa sin båt tatt opp i dag. 

Ein liten diskusjon om korleis båten skal takast opp på best mogleg måte! Paps hadde full kontroll. 

Det heile gjekk knirkefritt, bortsett frå at team svigers trakka godt uti og blei kliss våt. Til stor glede for ungane:). 

Eg tok nesten hundre bilder av ungane medan eg var i båthavna. Det var liksom ikkje dagen for bileter i dag. Sjølv ikkje TO tyggisar freista nevneverdig til å bli fotografert... 


GOD HELG ALLE SAMAN

Klem frå Gunilla 

fredag 23. oktober 2009

Tusen tusen tusen takk!

Tusen takk for ein fantastisk kjekk tur til Gran Canaria alle tolv.

Reisetida er heilt passe og temperaturen endå betre! Ei veke med 30 grader, sol og sommar har verkeleg vore ei perfekt oppladning  mot vintertida... Den nærmar seg med stormskritt... 

Etter nokre forsøk på flotte spor i sanden enda vi på dette, jaggu ikkje lett... Mannen måtte ta både to og tre rundar før eg måtte nøya meg. 

Tåselåsane til den eine prinsessa!


Prøv igjen......flott unge Hillestad!!!!! 

Med til syden høyrer klemmer, hårband, skaut. Godt å få håret vekk frå ansiktet i solsteiken.

Dagen i dag har gått i litt husvask, klesvask, uteaktivitetar, bålbrenning, og elles heimekos. 

TUSEN TAKK FOR EIN FIN TUR ALLE SAMAN!

Beste helsing frå oss i Kråkeslottet. 

onsdag 21. oktober 2009

Fotball og flamenco!



Bilder seier ofte meir enn 1000 ord:) Vi har det alldeles nydeleg med 30 grader i skuggen, god mat, blide ungar og masse bading!
Stor klem frå turistane

mandag 19. oktober 2009

Oldemor

I helgo var det fyrste møte mellom familens nykommer og familiens eldste medlem. Vi er så heldige å ha ei farmor/oldemor på snart 92 år som er ei sprek oppegåande dama!!! Ho hadde strikka 3 par nye sokka te vetlagullet.
Trur da var ei trøtt Oldemor som etter ein dag med oss reiste heim...... Noko med støynivået rundt oss med tre små under seks år!!!!
Ha ei fin veka!
V

tirsdag 13. oktober 2009

Buketten vår!

Dei siste dagane har vi tilbragt saman med vår kjære familie frå Stavanger/Sandnes. Vi får så godt stell at vi blir alldeles bortskjemt. Det er så kjekt når dåke er heime!! Ungane kosar seg som søsken. Dei 5 små pusler, teikner, sparkar fotball, plukkar restar frå rips buskane, kastar vann ballongar på onkel og lever sitt perfekte ukompliserte liv!

Rett og slett hærleg å sjå på dei.

Bånn gass i hagen!




Ny rekord!?

Vetla jento har vore hos frisøren Wiedenmann!



Den aller minste bukken!
Ha ei strålande veke!


Klem Frøydis

mandag 12. oktober 2009

Prinsessa

endelig kom prinsessa vår til verden! Storesøstera har vore med mormor og kjøpt bamse te babyen.

No bare kose vi oss med søt babylukt, litt gulp og masse kos!!!!!
Ha ei fin veka
Klem V

lørdag 10. oktober 2009

Idag har vi jobba som trelar rundt huset. Far i huset har leigd seg ein vedkløyvar og heile familien har hjelpt til. Desse to jentene har tjent seg lommepengar + ein is for framifrå innsats idag. Dei har jobba så svetten nesten rant! Gutane har bidratt like mykje, men dei er ikkje så lette å ta bilder av lenger:( Alltid ein fing eller ei tunge i vegen...hehe)





No håpar eg at vi har rikeleg med ved til neste år. Vi satsar på like fint ver sundag, slik at vi får gjort oss ferdige.
Ha ein NYDELEG sundag!
Klem F

fredag 9. oktober 2009

Som perler på ei snor...


Her i huset har vi stadig perleprosjekt. Denne skjønna pippi jento har Aurora og tante Sigrid perla. Kjekt å ha litt innearbeid når dagane er kortare.
Ha ei FANTASTISK helg i da fina haustveret!
Klem Frøydis

onsdag 7. oktober 2009

Hausten er komen, fram med ullklede og tid for meir peiskos!

Mariusgensaren er i vinden for tida. Den er så utruleg fin, enkel og mange fine klassiske detaljar. Denne flotte gensaren har svigermor strikka til mannen. Snakka meg om mange tusen masker og ikkje minst flott handarbeid. Berre synd den er så altfor stor for meg... :) 




Bildet er lånt frå sandnesgarn.

Viss du ikkje har fått det med deg svigermor, så ynskjer eg meg den "klassiske" blå med kvitt og raudt. Endå eit par år til eg fyller 30 år, så kanskje kan eg vere så freidig å ynskje meg ein slik?!!??? Tihi.... Med det strikketempoet ditt så trur eg det skal gå VELDIG fint. 

Mollemor sine tøffler er henta fram. Kjempe gode!!!! 

Ingen tvil om at hausten er komen. Det er kaldt i lufta og rom for kos innandørs! På kveldstid har vi byrja å spele spel med ungane og fyra i peisen.

Eit godt alternativ til lesing eller synging på sengekanten. Mollemor fekk eit kjempe gøy spel til bursdagen, "se hva jeg kan!", som passar  godt for dei minste. Det er ein stor hit for tida!!!! Kjekt med eit spel som er både kjekt å lærerikt for dei minste. Så til alle mødrer, tanter, besteforeldre m.m LØP OG KJØP, ein genial julapresang til dei minste. 

Ha ein fin kveld!

Klem Gunilla

Stolar i ny drakt

Då vi var på hytta for eit par veker sidan tok eg med meg forskjellig heim att. Blant anna ein sleten malarkrakk og ein anna gammal tre krakk! Det er utruleg kva ein kan få ut av 1m2 med stoff! Hos Stoff og Stil finn du stoff til ein kvar smak.




Slik såg setet til malarkrakken ut då vi byrja!


Ein gammal, men god krakk som høyrer til på hytta! Her er det plass til 3 barnerumper! Eller to større rumper...Eller ei gedigen rumpe... hehe
Malarkrakket vår med friskt trekk!

Denne gamle korgstolen fekk eg då eg var lita jente. Det gamle skinnsetet har fått eit ansiktsløft!


Krakken med mjuk pute for små rumper!
Ha ein god dag folkens!
Klem F










lørdag 3. oktober 2009

System i kaoset...

Vi har diverre ein veldig liten gang, så det krever god orden for at det ikkje skal bli eit fullstendig kaos. Tidlegare har vi hatt ein kommode og ein haug med knaggar i gangen. Ikkje spesielt fint, og fullstendig kaos til tider. Knaggane har vore overfulle av jakker, regnkle, posar, vesker, ja i det heile. 

No har vi laga hyller og fått "integrerte" korger. To korger pr familiemedlem. Då kan vi ha vottar, huer, skjerf, hanskar, refleks, m.m i den eine korga og strikkegenserar, cardigan, m.m i den andre.

Bak korgene er det i tillegg romslig plass så der har eg plassert dei ytterkleda som sjeldan er i bruk, f.eks vinterdress og veldig tjukke ytterkleder. Skoskap er innkjøpt til ungane og meg, mannen må klara seg med golvet. Skoa hans er så store at skoskap blir meiningslaust. 

Eg har snikra ein benk som skal malast og stå i gangen, då kan mannen ha skoa under denne så blir dei meir skjult.

Uansett, kanskje veldig uinteressant for folk flest på ein deilig laurdagskveld. 

PS. Korgene heiter "knipsa" og er kjøpt på fantastiske IKEA. 

Ha ei fortsatt GOD helg! 

Klem frå Gunilla

torsdag 1. oktober 2009

Mi vesle prinsesse, gode hjelpar og største fan!



Vår kjære prinsessa fyller fire år i dag.  HIPP HURRA VESLE SKATT!!!!

Ho vakna sjølvsagt rundt 06:00 i dag og var heilt KLAR for å feire bursdag. Heile jenta har vore eit stort smil i heile dag. Tenk for ein følelse det er å vere liten og ha bursdag. Det er heilt fantastisk!!!!

Vi dusja og stelte oss saman i dag tidleg. Håret var fint oppsett og luggen i klemma, sjeldan har eg sett ho ivrigare etter å komma seg ut dørene.

Minsteguten jubla då han såg flagget på veggen i barnehagen. Der hugsa alle dei vaksne på den store dagen og flagg var plassert på plassen hennar. Skikkeleg sjarmerande, og ikkje minst flott av dei tilsette.

Dagen hennar har med andre ord vore FANTASTISK. Kaka, flagg, pakkar og klemmar er blitt utveksla.

Farmor hadde med deilig bløtekaka med seigemenn og gele på toppen. Mmmmm.... Heile kaka vart oppeten. Mmmmm....

Takk for ein fin dag kjære MOLLEMOR. No sover dei søtt begge to seng... Jammen er det deilig å vere liten.  

Stor klem frå mamma 

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!