fredag 30. juli 2010

Ein, to, tre SALTO!

Ein liten videosnutt frå Herøysund! No kan tante Sigrid sjå kor flink Marcus har blitt....*tihi*

No har eg endeleg fått orden på PC'en min... Vi har hatt ein fantastisk sumar hittil og tilbragt mykje tid saman med familie og gode vener. Eg har hundrevis av bilder, og lovar ein del nye innlegg dei neste dagane:)

TEST

Klem Frøydis

fredag 23. juli 2010

SUPRE DUPRE TANTE OG ONKEL

Gullo i huset har verdens beste tante og onkel. På onsdag vart dei to strørst henta og skulle vera med på ein liten mini ferie te mammo og pappen te tante. Eg og minien køyrde inn på torsdag og henta dei. Hadde da bare heilt topp.
Vi fekk ri. Gulleguten var så flink at han gjekk på beite og henta hesten sjølv.
Eit lite lurt smil. Fyrste gang på hest.

Til og med gamla kusino måtte prøva. Fysrte gang på 7 år...... (og da kjennes i baken og låra..... thi hi!!!).
Tusen takk alle sammen. Vi hadde da heilt topp.
No reise vi på ferie og søndag står Kaptein Sabeltann på programmet.
God helg.
Klem V

onsdag 21. juli 2010

Mi unike søster!

No nærmer det seg storslått bryllaup i det store utland. Vi gler oss maksimalt til denne turen. Tenk sol, varme, familie, fest og shopping i to veker til endes...:)

I helga hadde vi utdrikningslag for mi kjære søster og gode veninne! Heile den gamle gode gjengen var samla for å hedre bruda.



G - God
U - Unik
N - Nær
N - Nabo
H - Hærleg
I - Initiativrik
L -Lun
D - Drømme søster

Det dukka opp mange gode minner då vi gjekk gjennom minneboksen. Alle jentene hadde med seg ein gjenstand som symboliserte ei oppleving saman med Gunnhild. Her dukka det opp rosinboksar, karri krydder, drømmefanger, wienerbrød, kofeinfri te og mykje anna! *hehe*

Vi vil benytta sjansen til å takka våre gode venninner som gjorde dagen til ein fest, Benthe for lån av bil, Michael Jackson som var sjåfør, "Sjøkanten" for aromaterapibehandling på ein laurdag og Vertshuset i Uskedalen for god service og ikkje minst papsen som køyrde minibuss heile dagen/natta!

Klem Frøydis & Heidi

tirsdag 20. juli 2010

Urtebrød og kyllingsalat

Eg er ikkje verdens beste på oppskrifter på salat, men i denna kyllingsalaten hadde eg:
1/2 isbergsalat
1 grill kylling
1/2 glas fetaost, sweet chili! Kjempe god!
1 mango
sukkererter
oliven
soltørkatomat
cashewnøtter


Hadde denna drssingen til. Kjempe god var den!!!

Urtebrødet:
25 g gjær
3 dl vatn
1 ss olja
2 ts sukker
1 dl hakka urter, eller 2-3 ss tørka. Eg brukte 3 ss tørka basilikum + 1 fedd pressa kvitlauk

1 egg
ca 8 dl kveitemjøl.

Lag deigen og hev.

Bak ut som rundstykker, bollebrød eller hell deigen på steikbrettet, klapp den 2-3 cm tjukk.

Etter hev.

Pensla med vatn og strø med flaksalt.

Steik i 15 - 20 min på 200 grader.

Lukka til.

Klem V

fredag 16. juli 2010

Det nærmar seg den store dagen...

og no er ringane bestilt. Vi har hatt mange idèar om korleis den rette ringen skal sjå ut, men har havna på disse veldig enkle ringane frå Georg Jensen.  

Det er ca. fire veker til vi reiser, så det er på høg tid å ordne litt detaljar. Vi gledar oss veldig til sol, varme og ikkje minst kvalitetstid med familie og gode vener.

Sjølv om vi giftar oss i Spania og blir der i to veker får eg verkeleg håpe at sumaren har tenkt å setja inn her på vestlandet no framover. Det hadde vore herleg med litt brunfarge og lange gode ettermiddagar. 


Fortsatt god sumar til alle som kikkar innom. 

Klem frå Gunilla 









torsdag 15. juli 2010

Sommar

Her har kusinene tatt ein liten ferie!!!!

I går hadde eg besøk av ei gammal studievenninna og då blei da kyllingsalat og urtebrød til dei vaksne og heimalaga bolla til dei små.








Desse bollane er verdens beste, sant Gunilla???
Her kjem oppskrifta:
125 g sukker
ca 900- 1000 g mjøl
125 g smør
5 dl mjølk
1 pk gjær, for søte deigar.
hev dei godt fyrste gong.
steik 12-15 minutter på 225 grader.
Smør dei med mjølk når du tar dei ut av ovnen, då blir dei blanke og fine.

Fortsatt god sommar!!!!
klem V

søndag 4. juli 2010

Ferietid er...

felles frokost, familie, båtturar, hyttekos, grilling, god mat, hus og heim, strand, sol, regn, vener, oppussing, vin, shopping, og mykje meir. 

Det er fullstendig bloggtørke for min del. Eg surfar lite på denne årstida og nyt dagar utan datamskin. Det blir ikkje teke mindre bileter av den grunn, men bileta blir nytta i årets album og blir tekne fram att når haustmørket kjem snikande. Vi er midt i ferien og nyt late dagar...

Forrige veke var vi fleire dagar på Hovden, der hadde vi herlege dagar med svigers. Denne helga har vi kost oss i heimen og mannen har hatt utdrikningslag (som høyrtes fantastisk kjekt ut).  I dag har vi vore på herleg båttur midt i Hardangerfjorden.  I morgon reiser vi til Bergen nokre dagar, det blir kos! 

Nokre få glimt frå ferien så langt...

Tuppen og lillemor på båttur i dag med mormor og bessen i dag.

Denne store elgen stod å beita utanfor hytta, utruleg kjekt.  

Ei søt lita bie i skjønn forening med ein kløverblom.

Verdas beste gut kosar seg på båttur på fjorden, med pappa si flotte kapteinshue...hehe...


GOD SUMAR ALLE SAMAN

Klem Gunilla 

lørdag 3. juli 2010

Såpebobla!!!



Ein regnfull ettermiddag i juni laga eg til ei leika til dei to store. Dei syns da var kjempe gøy og har brukt den masse etterpå.
Skar av toppen på to store brusflasker, skar av passelege stykker av nokon gamle håndkle (mine var frå den orange perioden.....) og surr dei godt rundt kanten. Laga til ei sterk zalo blanding i ein isboks. Duppa handkle nedi og blåååååååååååååås!!!! Fekk lage remser. Kjempe gøy :-)

Ha ein fin laurdagskveld

Klem V


Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!