tirsdag 1. november 2011

Vesle søte Henrik

Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande...

Eg er så takksam for å ha fått tre så vidunderlege småtassar.

Klem Gunilla




lørdag 1. oktober 2011

...den vesle prinsen!

I dag har vi hatt ein spanande, rørande og lukkelig dag i familien.

Endeleg kom den vesle prinsen vi har venta på i 9 mnd. På sjølvaste 6 års dagen til storesyster! Ein betre presang kunne ho vel ikkje draumt om.





I morgon tek vi dampen over fjorden slik at vi får nyta synet av den nye, vesle sjarmøren! (Storesyster, storebror og mormor har sjølvsagt knept, kost og holdt i dag....*smiler*)




Stor klem frå SUPER DUPER stolt tante & onkel & søskenbarn!

onsdag 27. juli 2011

Ei herleg reise til Skagen

Vi reiste til Skagen den aller fyrste ferieveka no i juli.

Det var ein herleg tur saman med min eigen vesle familie, samt mamma og pappa.
Utruleg koseleg... Det skal ikkje bli lenge til neste gong. Skagen var reine ferieidyllen med strandliv, sykling, god mat, herleg atmosfære og ikkje minst ein koseleg by.

Tåselås i sanden

Delar av familien på tur til spissen av Skagen, nydeleg.

Danmark er gøy, sumar og sand!

Konkurranse i sanden, bessen i tet!

Geir jr. tek seg ein liten pust i bakken etter springing i sanden, mil på mil...

Tusen takk for ein fantastisk tur.

TA VARE PÅ KVARANDRE!

Stor klem Gunilla

lørdag 11. juni 2011

Roser i ulike variantar

Det er ikkje mykje som slår roser i blomsterverda:). Vi var i Stockholm forrige helg. Der storkosa vi oss med nydeleg ver, shopping og gode opplevingar.

På den eine resturante hadde dei pynta så staseleg med flotte raude roser. Tenk kor enkelt, men fint?


Tusen takk for ein flott tur alle gode kollega i Sparebanken Vest avdeling Husnes. Ein fantastisk gjeng, med følge!

God helg alle saman.

Klem Gunilla


tirsdag 24. mai 2011

Oppussing - blir vi nokon gong ferdige?

I forbildelse med oppsussing av "foreldresoverommet" har eg leita etter ny tapet som kunne passa.
Sidan utsikta er rett ned i båthamna og sandstranda i bygda så er jo ein maritim tapet eit must. No har eg endeleg funne ein borås-tapet. Kjempe flott og maritim, men likevel nøytral. Rullane bestiller eg gjennom Fargerike interiørbutikk på Stord (ein fantastisk kjekk butikk, med to særdeles flinke damer).

I tillegg har eg bestilt gardiner som skal henge i skinner frå taket og nye garderobeskap frå Kvik.
Kanskje blir det litt betre orden på rommet framover... Eg lover kjære husfar!!!!

Ved å trykke på linken Boråstapet finn du eit hav av flotte tapetar. Min heiter New Classic 2537.



Bilde er lånt frå denne nettsida http://tiriltk.ipublish.no/86/

Ha ei fin veke alle mann alle!

Beste helsing,
Gunnhild:)





mandag 9. mai 2011

30 år!

F antastisk
R aus
Ø nskedrøm
Y pperleg
D eilig
I nteressert
S nill

Det er ingen problem å finne gode ord om verdas alle beste søster, tvilling, sjelevenn, bestevenn, psykolog, husmor, mamma, tante, kollega, svigerinne, bekjent, .........!

Tenk no er du 30 år, mamma til tre herleg søte heldige små.

GRATULERA MED DAGEN!

Klem frå
Gunilla med familie



søndag 8. mai 2011

HAPPY DAY!

For snart 6 vekar sidan fekk eg æra av å fylgje mitt første tantebarn til frisøren.
*
Oppdrag: hol i øyrene! *tihi*
*
Snakk om fin oppleving. Margrethe var høg på livet heile vegen til frisøren. Då vi endeleg kom fram småsprang ho ivrig bort til salongen. Eg hadde magen full av sommarfuglar, men hovudpersonen sjølv nølte ikkje eit sekund.



Mollemor (som eg IKKJE får lov til å kalla ho lenger) er klar som eit egg!


Eine øyra er ferdig, det andre er.... nesten ferdig! *glis*


Margrethe studerer alle øredobbane nøye... Heilt sjølv (utan påvirkning frå tanto) plukka ho ut prikk lik øyredobb som si eiga mamma hadde for 24 år sidan! Det var ekstra kjekt!

Medan ho sat hos frisøren prata ho på inn og på ut. Ho fortalte frisøren at pappen egentlig ikkje likte at ho skulle ta hol i øyrene, for han syntest ikkje det var noko fint...MEN ho var ikkje i tvil om at han heilt sikkert kom til å synast at ho sjølv var veldig fin!


Stor klem frå tante

torsdag 5. mai 2011

Utekos med familien!

I helga som var koste vi oss ute så masse som mogleg.... deilig ver og masse kos.

Soving hos mamma (mormor), fotballcup, grilling, liggebesøk av yre søskenebarn. Herleg!!!!


Geir er utruleg betatt av den vesle solstråla vår. Han stryk ho på kinnet og behandlar ho med godhet. Det er så sjarmerande.

Sitat Margrethe i dag:

"I morgon blir den beste dagen i mitt liv, pappa kjem heim frå Amerika og det er sykkeldag i barnehagen!"

Snakka meg om søt kommentar...

God helg alle mann alle!

Klem frå
Gunilla

fredag 29. april 2011

Prosjekt seng

Endeleg er den gode gamle senga frå svigermor nymala og klar til å få komme inn i hus.
Den skulle berre overvintre i garasjen ein vinter, som blei til to vintrar og tida berre gjekk...
No fekk eg advarsel frå mannen om å bli ferdig med prosjektet, eller køyre den på SIM.
Hjelpe meg, klart eg skulle bli ferdig... tihi... Ingen problem, trengte berre eit lite spark bak.

Senga er diverre litt hullete av små dyr, men etter to kalde vintrar og behandling håpar eg så inderleg at vi har fått bukt med disse småkrypa. No er den malt med to strøk oljemaling, og eit tredje skal på før den skal inn i hus...

Eg er usikker på om den kjem til å bli så mykje brukt. Den skal uansett bli "innreia" med ny madrass, dyne, pute, bamsar, m.m. Det er jo eit flott møbel. Kanskje babyen som kjem til hausten kan bruke den til soving på dagtid den fyrste tida... Eg håpar det!


Slik ser den søte senga ut, snart klar til å takast innandørs att. Den fortjenar ein ny sjans...



Vi jenter elskar jo å innreie, så tenk om den kan bli like innbydande som denne? Herleg...

Ha ein herleg kveld og ikkje minst ei god helg!

Klem Gunilla

mandag 25. april 2011

Vårsol og gode meldingar!

For ein fantstisk påske, sol sol og atter sol! I morgon er det normal "gjenge" men sidan vi har fri tirsdagen, blir det ein roleg start på arbeidsveka...

Vermeldinga viser sol sol sol sol...
Det er utruleg gledeleg for liten og stor. Solkremmen er allereie i bruk og ungane har lufta både leggar og armar. Ikkje rart i denne varmen?!?

Eg håpar alle som kikkar innom den sovande bloggen har hatt ein strålandes påske.



Bildet fann eg på ei nettside, kjempe søtt!

Tusen takk for deilig middag i dag Frøydis, mmm....

HA EI FIN VEKE ALLE I HOP!

Klem frå Gunilla

torsdag 31. mars 2011

Sydlandsk pastasalat

Her kjem ei oppskrift Frøydis har etterlyst :-). Dette er salaten vi hadde i utdrikkingslaget til Gunnhild på Vertshuset! Men bilete manglar diverre.

ca 300 g spekeskinka
ca 250 g pasta
1 glas pesto (Barilla sin syns eg best)
1 beger ruccola
1/2 isbergsalat
ca 20 oliven
ca 10 soltørka tomater i olja
1/2 glas fetaost
1 rødløk

Kok pasta, avkjøl. Bland inn pesto i pastaen. Del opp grønsakene og spekeskinka, bland alt samen.
Server med ferskt brød.

Oppskrifta er til 4 stk, og eg står ikkje å telle oliven....... her er alt ca :-)

Klem V

tirsdag 29. mars 2011

Permisjon mot slutten...

No har er det snart 11 månadar sidan eg gjekk ut i svangerskapspermisjon, og Lotta er snart ti månadar gammal.

På ein måte føler eg at ho nett vart fødd, på ein anna måte føler eg at vi aldri har levd utan ho. Vi har blitt godt kjent med vårt vesle gull på dette året. Storesyskena er så inderleg stolte og styrer og leikar mykje med ho. Storebror er kosete og beskyttande medan storesyster likar å rocka og dansa og tulla og tøysa med ho. Begge to får god respons av den vesle sjefen! Det er komisk å sjå når Aurora slengjer Lotta på hofta og poserer stolt for oss....eller venninnene sine. Å få ei lita syster har vore ein draum som har gått i oppfyllelse. Visse fordelar er med ein viss aldersforskjell.


Fotograf: Aurora

Det har vore deilig å ha eit heilt år der ungane har vore fokus frå morgon til kveld. For første gang i mitt liv har eg sett ungane tusla over haugen på veg til skulen. Om ettermiddagen blir dei møtt av ei spinnvill og glad lita syster, samt ei opplagt mamma som har middagen klar...

Akkurat slik hadde meg og Gunnhild det når vi kom heim til mamma og veslebroren vår i 1989. *O lykke* På veg heim frå skulen gjetta vi alltid kva som stod på menyen. Mon tru om mine ungar gjer det same? Marcus har ivertfall spurt om middagen kan stå PÅ bordet når dei kjem heim. Då fann eg ut at det kanskje var på tide å komma seg tilbake på jobb....?*smiler*

Det er 9 år sidan eg vart mamma for fyrste gong. Det er like fantastisk kvar einaste gong, men det er ingen tvil om at det er meir avslappande å bli mamma som 30 åring...(snart)enn 20 åring. Hønemor er eg jo enno, men det er ikkje noko krise om ikkje alt går etter boka...*tihi*

Den første tida som nybakt mamma er på mange måtar MAGISK, men også utruleg utmattande. Får babyen nok mat? Får syskena nok oppmerksomhet? Strekk eg til i huset? Korleis skal eg komma meg ut dørane med tre ungar, eg har jo bare to nevar!? Ja, kaos, kaos, lykke & lykke! Det er godt eg har ein FANTASTISK mann.


Fotograf: Aurora

Det eg hugsar best frå året som har gått er å oppleva stasen med å få eit nytt familiemedlem. Eg er også evig takksam for mykje god hjelp rundt meg. Då Lotta var nyfødd og pappen var på jobb kom mormor "tilfeldigvis" innom ved leggjetid..og rett som det er kjem mormor innom og hentar minstemann for dagens trimtur. Då går mormor og Lotta rundt bygda og kosar seg. Det er kvalitetstid for begge to! Då får eg plutselig tid til å sparka fotball med eldstemann, snikra med mellomste eller berre jobba i hagen om eg vil! (eller leggja beino på bordet...*he he*)

Dei to eldste har også vore på mange dagsturar til Mauranger det siste året. Der har dei kosa seg saman med slekt og vener, køyrd 4-hjuling og levd livet. Det er som å koma til ein anna verd. Eg ser enno for meg to blide ungar, fulle av gode historiar som kjem heim i minibussen til onkel... Minibussen ja...føles så lenge sidan..

I sommar minnest eg godt når ungane var på stranda med mosto og gjengen. Det var stas! Mosto har alltid med deilig niste, frukt, farris, kjeks, badedyr, bøtter/spadar.... Ingenting manglar når mosto diskar opp. Reservemammo.

Tante Sigrid avlastar oss jo kvar einaste helg ho kjem nordover. På den fronten er vi jo heilt bortskjemte. Overnatting, rissuppa og snop! Treng eg å sei meir?

I motsetning til tidligare permisjonar har eg no gått i babytreff annakvar veke sidan Lotta var 3 mnd. Det har gitt meg mykje energi. Der kosar vi oss med deilig mat,og treffa er prega av MYKJE latter og glede. Fire stolte mødrer og fire skjønne englar. Kan ANBEFALAST!

No nærmar det seg uansett jobb, og eg føler verkeleg at eg har SKAMKOST meg i eit heilt år! Heldige meg. Eg trur vi foreldre har godt av å kombinera foreldrerolla med arbeidslivet, så eg er heilt innstilt på å komma i siget igjen. No er det snart tantene sin tur? *jippi*


Fotograf: Aurora

Det har vorte langt mellom innlegga, men vi bloggar når vi føler for det og har overskudd til det. Den siste tida har det vore mange andre prioriteringar!

PS: Alle bilda i dette innlegget er tatt av Aurora. Eg kjefta litt då ho påførte oss eit blitzregn idag, men bildene var søte!! Det såg eg først no i kveld, etter at fotografen var sovna...

Tusen takk for at akkurat DU kikkar innom.

Ha ei skjønn veke:)

Stor klem frå Frøydis

lørdag 19. mars 2011

Vår!

Denne helga har endeleg våren meldt sin ankomst på vestlandet.
<3
<3
Idag er heile familien raude i kinna, og ungane har fått endå fleire fregner....*jippi* Trampolina har komme opp, og i hagen myldrar det av ungar. Akkurat slik som vi likar det!
<3

<3
Vesle frøken fryd er høgt og lågt om dagen. Ho kjem seg rundt i alle retningar. Det er kjempe skøy, men litt skummelt og... Ein blåveis her og ein blåveis der..*tihi*
<3
Denne helga har Systrene Nilsen opning av vertshuset i Uskedalen. Det er kjekt å endeleg få fart på kaien igjen:) Det er berre ein månad til påske, då opnar restauranten for folket. STAS!!
<3
Ha ein flott dag alle i samen.
<3
Klem F

søndag 6. mars 2011

FASTELAVEN

Det er diverre bloggtørke for tida! Dagane og vekene fyk og snart er det påske. Då skal SYSTRENE NILSEN AS opne dørane, og det ser vi fram til.

I dag har vi kosa oss med 5 - mila, familiebesøk, herleg middag og ikkje minst fastelavensbollar.
Mmmm.... Det passa perfekt i dag! Bessen baka til og med bollar før han kom, og ungane fekk kvar sin med nugatti. Det var visst endå betre:)





Alltid kos med heimelaga pynt laga av dei minste...


Ha ein fin veke alle saman. No kjem våren med STORMSKRITT!

Klem frå
Gunilla

onsdag 23. februar 2011

Har du Iphone?

Dersom du har Iphone oppfordrar vi tre kusiner til at du lastar ned ein gratis donorapplikasjon.

Dermed gjere du sjansen for å overleve litt større for alle som står i donorkø.

Du går inn på "app store" søker "donorkort" og lastar ned applikasjonen.

Les meir her:
Foto: dette har eg funne på vg sine sider...

Vi har sjølv ei sprek tante som fekk nye lunger og eit nytt liv hausten 2005. Fantastisk!

Ha ein strålandes kveld.


Beste helsing oss tre kusiner

torsdag 17. februar 2011

Ledig leilighet i Uskedalen!













Ein av dei mange liljene i Uskedalen

Flott leilighet sentralt i Uskedalen, 2. etasje i SPAR-butikken.

Leiligheten er romsleg med to/tre soverom, bad, vaskerom, bod, stor hems og open stove/kjøkken løysing.

Leiligheten er vendt mot kyrkjegarden og har utgang til eigen altan frå stova og soverom.
Altanen har flott utsikt, kveldssol og er vendt mot båthavna i Uskedalen.

Adkomst

Leiligheten ligg i 2. etasje på SPAR-butikken i USkedalen.
Nær bussstopp, båthavn, flott turområde, m.m.

Dersom du er interessert kan du ta kontakt per e-post eller telefon 40 45 53 80 (etter 16:30).


E-post: systrene.nilsen@gmail.com


Ha ein fin kveld!


Beste helsing,

Gunnhild



søndag 13. februar 2011

Gratulera med dagen alle mødre!!!!

I helga har vi vore på Kvamskogen på hyttetur. Det var reine påskestemningen med fantastiske skiforhold, sol, blide ungar, god mat og drikke og ikkje minst kvalitetstid i saman.

Det var naturlegvis ein stor dempar at det gjekk ras i Eikedalen, der to frå Kvinnherad omkom. Kjempe tragisk og utruleg trist....

Det å vere på hytta er som å vere i ei anna verd. Då tenkjer ein ikkje på klesvask, husvask, rydding, vasking, etc. Lista er liksom lagt ned to hakk. Det viktigaste her er samværet.

Vi har vore på Aktiv skisenter i to dagar. Ungane er blitt kjempe flinke, og det er berre såvidt vi heldt tritt med 5 - åringen.

Minstemann (4 år neste veka) sin kommentar: "Mamma....i dag vil eg kun stå med pappa, han køyrer mykje fortare enn deg!!!!"
På sjølvaste morsdagen, rett frå hjarterota.

Tusen takk for ein herleg tur snille og gode mamma. Vi kosar oss som alltid glugg i saman med deg.

Neste gong får vi håpa at pappa/bessen er med oss. Kanskje familien Mathisen og Anders And og??!!?

Klem frå Gunilla

Gratulera med dagen mamma!

Idag har vi feira morsdag fra tidlig morgon til seine kvelden. Ungane våre gler seg i hel til slike dagar, og strever fælt med å ikkje avsløra alle planane for meg. *smiler* Men som ungar flest avslører dei det aller meste utan at dei skjønar det sjølv. Idag vart eg vekka med brask og bram klokka ni. Eg fekk kjempe flotte heimelaga hjertekort av ungane. På det eine kortet stod det at eg var ei solstråle, på det andre kortet stod det som fylgjer: "Rosene er røde, druene er søte, du er søt!" I tillegg hadde husfar kjøpt eit gåvekort hjå Dråpe Dagspa! *jippi*

Før eg var utav senga kunne ungane informera meg om at etter frukost vart det servert marsipankake. Den hadde Aurora plukka ut i butikken, for pappa kom ikkje på at det var morsdag. Som takk for at du kom på det hadde ho blitt lova marsipanrosa som var til pynt på kaka..*smiler meir* Eg spurte om det var greit at vi sparte kaka til etter middag, og etter ein lengre tenkepause gjekk dei med på det..




Mi eiga mamma har vore på hyttetur i helga, så det vart mindre feiring av ho enn vi hadde tenkt. Eg kom over ei skjønn lita bok av Jenny Kempe tidligare. Den inneholdt mange søte sitat og bilder til passar til ei super mamma.

Her ser du nokon av dei:

"Takk for alle de gangene du har trøstet meg."
"Når livet er vaskelig er du alltid der for meg. Tusen takk"
"Tusen takk for at du alltid får meg klar i tide."

Sidan eg har gitt frå meg boka kom eg ikkje på fleire..*hihi* Eg er så inderleg glad for at eg har ei så hjelpsam, snill, god og omsorgsfull mamma.

Eg tenkjer sjølvsagt ekstra mykje på alle dåke som ikkje har ei mamma å feire idag. Alle slike dagar skapar glede for mange, men framkallar også sorg.

Dei siste to vekene har heile familien vore utslått med feber og forkjølelse, så bloggen har vore lite prioritert. Eg håpar på ei strålande ny veke, med friske og opplagte ungar:)

Stor klem Frøydis

lørdag 29. januar 2011

God helg!

Denne koselege lyslykta fekk vi til bryllaupet frå slekningar på øya.

Tusen takk Christian og Jannicke med gullungar.

No i vintermørket er det fyr i alle lyktene kvar kveld, koseleg!!!!

I dag har vi hatt besøk av dei kjekke naboane og systo med småtroll. Vi har grilla pølser og kost oss masse i det fina veret! Det er herleg å kjenne at sola varme litt:).
Snart vår folkens!!!!

Klem
Gunilla

mandag 24. januar 2011

Treng du brudekjole? Her er to alternativ:)

Kjole nr I:

Mi vakre og vene veninne frå Husnes gifta seg sumaren 2010. Kjolen er som ny!
Som du ser på bileta er den fantastisk flott.

Fotograf: Bodil Haga Bo design og Foto






Kjole nr II:




Om du vil sjå fleire bileter kan du gå inn på denne linken og trykke deg vidare på slideshowet i dette innlegget:

Ta kontakt på om dette er av interesse:)

Klem frå Gunilla


lørdag 22. januar 2011

Oppskrift på Mias horn!

Sidan tidlig i desember har vi hatt kickMias horn her i huset. Desse har vi bakt med jamne mellomrom siste vekene, men det er ikkje mange dagar dei får liggje i frysen før det er tomt. *smiler*

Om du skal du lage opp litt horn å ha på lur eller sprite opp nistepakken til ungane, kan desse anbefalast på det varmaste.
*


p
Ein kjekk bakst for store og små i dette sure vestlandsveret. Så får vi heller ta dei med oss på nistemattur når veret lettar og sola kikkar fram igjen:)
*
Ha ei fine helg, og lukka til om du hiv deg i baksten.
*
Klem Frøydis

onsdag 19. januar 2011

Før biletete, prosjekt loft.




Før bryllaupet var vi kjempe gira på å pussa opp det siste store rommet på loftet. Dette blir liksom "høgdaren" med tanke på at det her er TAPET.
Det blir kjekt å endeleg prøva noko nytt, ikkje berre male på den einsformige panelen. Golvet skal pussast ned og oljast kvitt. Akkurat det er mannen blitt reine spesialisten på!

Tapet, liftgardiner, maling og gardiner til balkongen blei kjøpt inn allereie i oktober. Det var (som alltid med meg...sukk) ikkje måte på hastverk heller. Det måtte berre komme i hus, slik at eg kunne ta fatt på oppgåva.

Vekene gjekk, eksamen, jula kom, jula gjekk, nytt år...Snart vår;).
No er det på høg tid å ta fram penselen, hente energi og gle seg over kor fint det kanskje blir?
Ungane gledar seg til å få nytt stort og romsleg rom på loftet. Det blir stas!

Stilen blir litt maritim, og med tid og stunder skal toalettet pussast opp med små mosaikkfliser (ser for meg sjøgrønne eller lyseblå fliser). Vi bur eit godt steinkast frå båthamna og stranda, så litt maritim stil passar godt. Klassisk og søtt!

Ha ei forstatt flott veke folkens.

Klem frå Gunilla




mandag 17. januar 2011

Sandnestur og ny oppskrift!

Vi har tilbragt nok ei helg i Sandnes hos svigersysto. Eg overdriv faktisk ikkje når eg seier det føles som hotel. Vi får så godt stell at vi blir heilt bortskjemte!
*
Tanto ofrar seg fullstendig for dei søte små, og når vi kjem inn dørane står babysenga klar til minsten, stellematta er framma på badet, vaskeklutane ligg ved sida av, to store dobbelsenger er nyoppredd og heile huset luktar nylaga kyllinggryte.

Det synes vi er heilt FANTASTISK!
*


Oppskrifta på KYLLINGGRYTE MED KARRI vil eg gjerne dele med dykk:
(den kan du trygt servere i klubb eller ein dag du skal kosa deg skikkelig!)

*
1 grilla kylling i bitar (rensk + del opp)
1 boks knuste tomater
1 beger lettrømme (+evt 1 dl creme fraiche)
1 løk i bitar
1 grøn paprika (eller raud)
Kvitlauk
*
Krydder:
1 hønsebuljongterning (el. vanlig buljong)
1 ts pepper
5 ts mild karri
1 ts chili
*
Alt blandes saman og steikes i form i 210 C i ca 30 min. Toppes med revet jarlsberg siste 10 min.
*
Serveres med ris, baguetter og salat.
**
Masse lykka til.
**
Klem Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!