tirsdag 29. mars 2011

Permisjon mot slutten...

No har er det snart 11 månadar sidan eg gjekk ut i svangerskapspermisjon, og Lotta er snart ti månadar gammal.

På ein måte føler eg at ho nett vart fødd, på ein anna måte føler eg at vi aldri har levd utan ho. Vi har blitt godt kjent med vårt vesle gull på dette året. Storesyskena er så inderleg stolte og styrer og leikar mykje med ho. Storebror er kosete og beskyttande medan storesyster likar å rocka og dansa og tulla og tøysa med ho. Begge to får god respons av den vesle sjefen! Det er komisk å sjå når Aurora slengjer Lotta på hofta og poserer stolt for oss....eller venninnene sine. Å få ei lita syster har vore ein draum som har gått i oppfyllelse. Visse fordelar er med ein viss aldersforskjell.


Fotograf: Aurora

Det har vore deilig å ha eit heilt år der ungane har vore fokus frå morgon til kveld. For første gang i mitt liv har eg sett ungane tusla over haugen på veg til skulen. Om ettermiddagen blir dei møtt av ei spinnvill og glad lita syster, samt ei opplagt mamma som har middagen klar...

Akkurat slik hadde meg og Gunnhild det når vi kom heim til mamma og veslebroren vår i 1989. *O lykke* På veg heim frå skulen gjetta vi alltid kva som stod på menyen. Mon tru om mine ungar gjer det same? Marcus har ivertfall spurt om middagen kan stå PÅ bordet når dei kjem heim. Då fann eg ut at det kanskje var på tide å komma seg tilbake på jobb....?*smiler*

Det er 9 år sidan eg vart mamma for fyrste gong. Det er like fantastisk kvar einaste gong, men det er ingen tvil om at det er meir avslappande å bli mamma som 30 åring...(snart)enn 20 åring. Hønemor er eg jo enno, men det er ikkje noko krise om ikkje alt går etter boka...*tihi*

Den første tida som nybakt mamma er på mange måtar MAGISK, men også utruleg utmattande. Får babyen nok mat? Får syskena nok oppmerksomhet? Strekk eg til i huset? Korleis skal eg komma meg ut dørane med tre ungar, eg har jo bare to nevar!? Ja, kaos, kaos, lykke & lykke! Det er godt eg har ein FANTASTISK mann.


Fotograf: Aurora

Det eg hugsar best frå året som har gått er å oppleva stasen med å få eit nytt familiemedlem. Eg er også evig takksam for mykje god hjelp rundt meg. Då Lotta var nyfødd og pappen var på jobb kom mormor "tilfeldigvis" innom ved leggjetid..og rett som det er kjem mormor innom og hentar minstemann for dagens trimtur. Då går mormor og Lotta rundt bygda og kosar seg. Det er kvalitetstid for begge to! Då får eg plutselig tid til å sparka fotball med eldstemann, snikra med mellomste eller berre jobba i hagen om eg vil! (eller leggja beino på bordet...*he he*)

Dei to eldste har også vore på mange dagsturar til Mauranger det siste året. Der har dei kosa seg saman med slekt og vener, køyrd 4-hjuling og levd livet. Det er som å koma til ein anna verd. Eg ser enno for meg to blide ungar, fulle av gode historiar som kjem heim i minibussen til onkel... Minibussen ja...føles så lenge sidan..

I sommar minnest eg godt når ungane var på stranda med mosto og gjengen. Det var stas! Mosto har alltid med deilig niste, frukt, farris, kjeks, badedyr, bøtter/spadar.... Ingenting manglar når mosto diskar opp. Reservemammo.

Tante Sigrid avlastar oss jo kvar einaste helg ho kjem nordover. På den fronten er vi jo heilt bortskjemte. Overnatting, rissuppa og snop! Treng eg å sei meir?

I motsetning til tidligare permisjonar har eg no gått i babytreff annakvar veke sidan Lotta var 3 mnd. Det har gitt meg mykje energi. Der kosar vi oss med deilig mat,og treffa er prega av MYKJE latter og glede. Fire stolte mødrer og fire skjønne englar. Kan ANBEFALAST!

No nærmar det seg uansett jobb, og eg føler verkeleg at eg har SKAMKOST meg i eit heilt år! Heldige meg. Eg trur vi foreldre har godt av å kombinera foreldrerolla med arbeidslivet, så eg er heilt innstilt på å komma i siget igjen. No er det snart tantene sin tur? *jippi*


Fotograf: Aurora

Det har vorte langt mellom innlegga, men vi bloggar når vi føler for det og har overskudd til det. Den siste tida har det vore mange andre prioriteringar!

PS: Alle bilda i dette innlegget er tatt av Aurora. Eg kjefta litt då ho påførte oss eit blitzregn idag, men bildene var søte!! Det såg eg først no i kveld, etter at fotografen var sovna...

Tusen takk for at akkurat DU kikkar innom.

Ha ei skjønn veke:)

Stor klem frå Frøydis

6 kommentarer:

Anita sa...

Herlig oppsummering, høres ut som permisjonen har vore nett det vi alle har drøymt om. Rart med det, når me først kjem tilbake i jobb, så er det heilt ok da og. Lykke til med jobbstart.

rod i hob sa...

Så nydelig...

*Sukk*

Måtte rett å slett ta meg tid te å lesa ALT... Herlig!!

Nyt resten av permisjonstida også! Sku ønska eg var DER!! :-)

Shus sa...

Åhhh, skjønnasane alltså!! Dåke er no ein herleg gjeng!

Nyt permisjonstida mot slutten og, eg kjenne da føles som ein evighet sidan eg var der...men det er bare 2 år sidan.

Stor klem frå Solveig

Anonym sa...

Fantastisk oppsummering av året som gjekk så snart. Fra ei mormor som elskar og ha dåke vegg i vegg:)

Anonym sa...

Så utruleg koseleg! Tårene mine sit laust for tida... spesielt når slike minner dukkar opp.

Det er godt å ha kvarandre:). Permisjon er jo eit familieår, og kanskje godt at det kun er nokre mnd... Tenk om ungane blei vane med at mor stod klar med grytene kvar dag? Dei hadde nesten ikkje satt pris på det etterkvart:). Til hausten er det "tantene" sine tur... Det blir stas! Dei samme gledene, bekymringane og ikkje minst kosen! Ha ein fin kveld alle saman... Klem frå Gunilla

Olaug sa...

Så koselig innlegg :)

Min bloggliste

  • Thailand del 1 - Stranden på Koh Chang Vår rundreise i Thailand på 30 dager. VI - er mor, far og tre barn på (6,10 og 15) Sist var vi også 1 måned - men da var barna 8 måned...
    for 2 dager siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 4 måneder siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 8 måneder siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 11 måneder siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for ett år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for ett år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for ett år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 2 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 2 år siden
  • -
    for 3 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 3 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjente...
    for 4 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 4 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 5 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 6 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!