tirsdag 30. desember 2008

Bål, pølser og traktor!














Kan det betre bli?

Ungane koste seg nedi "hagen" (som det heiter der vi tre kusiner har vakse opp). Der hadde onkel
Per og tante Åslaug tent bål og gjort det koseleg. Den kjekke svogeren min ringte og inviterte oss ned på grilling nedi skogen. Vi koste oss med mat, traktor og stort bål.

Dei flittigaste fekk faktisk gjort ein heil del i dag.

Den yngste hanen i flokken hadde beigen i går og valde difor å tilbringe tida i bæremeis medan han observerte alle som gjorde noko:). Stakkars liten...

Gunnhild

mandag 29. desember 2008

Nytt liv i gammal duk!




I jula var eg så heldig å få overta denne søte løparen av svigerinna mi Anna Kathrine. Eg syntes den passa veldig godt hos oss. Hjartans takk:)

Frøydis

JUL I ULVEMYRSVINGEN....







Ellers vil eg benytta sjansen til å takka for ei hærleg julefeiring saman med fam. Gjerde/Bjelland Mathisen! Det er kjekt å få inspirasjon i ein julepynta heim!!!

søndag 28. desember 2008

Hyttekos.











Endeleg fekk vi brukt skiutstyr og akebrett.

Vi har vore på Kvamskogen i tre dagar og kost oss glugg ihjel. Ungane har leika i snøen og fått ut litt energi etter ein del innekos i jula.

Vi er heldige som har hytta på fjellet som er til disposisjon. Håpar på mykje hyttekos i tida som kjem. Takk mamma og pappa:)

Gunnhild og Frøydis + 4 søte trollungar

torsdag 25. desember 2008

GOD JUL...












Julekvelden var alle tiders og vi koste oss veldig saman med familien på øya! Tusen takk.
God jul til alle kjente og kjære.
Gunnhild

tirsdag 23. desember 2008

Vår nye og gode ven... NISSEN!

Denne nissen har vi hatt mykje kjekt med i heile Desember. Han er ein liten røvar og finn på ein del rampestrekar. Så det gjeld å passe godt på han. Av og til går den ut og set seg i ei blomsterkrukka,på kjøkkenbenken, på ungane sine stolar. No i kveld har den gått inn på badet og satt seg på badekarkanten... Vil ikkje gå glipp av noko som helst denne karen! Er spent på kva den finn på i morgon, på sjølvaste julafto. Kanskje kjem den "ekta" nissen til øyo. Eg håpar det. Ynskjer deg og dine ei GOD JUL og eit strålandes godt NYTTÅR.



Gunnhild

mandag 22. desember 2008

Takk til svigers !



Denne flotte trollhasselen fekk eg av svigermor ein dag eg var innom, eg har hengt han i taket i stova, og pynta med nokre bast-liknande stjerner som eg også har fått av svigermor! Veldig kjekt med ein forfriskning i julestria!!!




Denne flotte oppsatsen fekk eg av svigers på øya. Passar utmerket på denne tida av året. Av erfaring vei eg at desse kan halde seg i vekesvis!


TUSEN TAKK TIL BEGGE SVIGERSANE!

søndag 21. desember 2008

Gledeleg jul...






Siste rest av pakkar pynt og mat er dradd i hus. Skjønne kle til ungane og roen har såvidt byrja å senka seg...men berre såvidt:).

Blir nok litt putl dagane fram mot jul òg.

Gunnhild

lørdag 20. desember 2008

På flyttefot....




Her råder da totala kaoset!!!! Vi er på vei inn i nytt hus og såklart er alt ferdig 4 daga før jul!!!! Misunne dåke alle som omtrent er klare til jul, medan vi står med naso i esker. Da blir nok jul hos oss i år og........ Ha ei fin helg.

fredag 19. desember 2008

Ein kunstnar er født...

Eg tykjer det er mykje artig som blir putta i hylla til mine søte små (barnehagen...).
Mange teikningar med flotte strekar og no ein del julapynt. Dei er kjempe flinke!
Denne nissen slår mykje. Den har jento laga heilt sjølv, nesten. Helsing ei stolt mamma.

GOD HELG!

Gunnhild









torsdag 18. desember 2008

Bake bake kake!












På tirsdag hadde vi bakeaften med store og små. Vi storkoste oss med gløgg og pepperkakebaking. Ungane var lei etter ca. 10 minutt og vi vaksne baka både pepperkake hus og pepperkakeborger samt masse kjeks. Mmmm... Deilig oppskrift. Pepperkakene smakte nett som karamell.

GOD FØRJULSTID.

Gunnhild

tirsdag 16. desember 2008

Baking med god hjelp!






I helga har vi kost oss med baking! Det blei mykje gris og søl som alltid, men vi koste oss MASSE:)Eg måtte le då eg løfta Aurora ned fra kjøkkenbenken! Det var tydeleg spor etter små barneføtter.

mandag 15. desember 2008

Bileter med lopper i blodet.

God kveld i stova. Vi har prøvd oss på bileter, men det er ikkje lett når den eine har lopper i blodet og den andre er litt rampete. Vi gjorde så godt vi kunne. Lysforholda var ikkje heilt etter boka klokka seks på ettermiddagen:).

Ha ein fin kveld.

G.













Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!