mandag 30. mars 2009

LIVET UTAN DEG.

Dette er ein av dei flotte orkideane vi har fått idag. Det første eg tenkte på då eg såg bildet var den blå himmelen i bakgrunnen. Det gav meg ein følelse av at Besto er med oss uansett!



Vi har hatt ei ufattelig trist veke. Natt til laurdag døydde vår alles kjære Besto frå oss. Dagane har vore som ein berg og dalbane. I eit sekund er alle sluser opne, i det andre kjem saknet og tommheten. Ein person som har vore der for oss heile livet er brått borte. Besto har ALLTID stilt opp, og det med den aller største glede. Ho har vore ein person eg har beundra sidan vi møttes i 1998. Besto har ost av livserfaring og delt velvillig med alle rundt seg. Du har vore limet i familien Mathisen. Vi skal lova deg at resten av familien skal halde saman i framtida og.
Vi er så ufattelig glad i deg!!!


Tusen hjertelig takk for at slekt, vener, kollegaer og kjende stiller opp dag etter dag. Vi har fått varme helsingar nydelege oppsatsar, orkidear og avskorne blomster i alle variantar, samt kaker og bollar i fleng!

TUSEN TUSEN TAKK!

Klem F

Vårt vesle bad...

Disse koselege lysa har ei god veninna av meg på kjøkkenveggen, kjempe koselig. 

Denne vesle prinsessa tar vare på alle klemmene, strikkane, hårkosten og litt til som tilhøyrer veslejenta. 



Det eine badet i hovudetasjen. Det andre badet er innanfor soverommet. Der ventar vi på å få kjøpt oss eit herlig dusjkabinett av eit eller anna slag, så for tida brukar vi mest dette badet. Sidan vi alle saman likar veeeeeldig godt å bada. 


Vasken på hovudbadet, liten og enkel. Lett å halde rein og lite "sutl" rundt vasken. Ungane står ofte på krakk og vaskar seg her:). 

I dag har vesleguten for sjuk og far i huset vore heime. Vi "jentene" har vore på jobb... 

I dag har det ausa ned ute så eg er glad vi har fått litt orden på hagen no som det er vår.

Ha ei fin veke.

LEV VEL.

G

søndag 29. mars 2009

Urtehage og nyfriserte ripsbuskar!

Vårlyng planta i muren oppfor huset. 

No lysnar det for kvar dag... 

Denne helga har vi vore masse ute. Dagen har vore prega av klypping av ripsbuskar, buskar, raking av gamle blad, husvask, ja i det heile.

Mykje å gjera i hagen. Eg ser fram til å få fart på urtehagen min, der har eg mange planar i år. Det vi pleier å ha er, grasløk, dill, persille, salatar, masse sukkererter (langs heile muren), og tomater. Tomatene fekk diverre for lite sol og varme, så dei blei aldri meir enn grønne. Allikavel pryda dei tunet på sitt vis:).

Den skumle bjørnen og prinsessa kosar seg på masse tepper utanfor huset. Mmmm... varm saft...

Ha ein fin kveld. 

Tankane mine går til familien Mathisen.

Stor klem G

Sjablonger til trappeoppgang....




Denne veka skal eg ta fatt på trappeoppgangen vår. Vi gjorde ein dårleg jobb då vi flytta inn. Det "bobla" seg under tapeten og resultatet blei langt fra bra nok. Trappa vår er som vist over, men kvitmalt io staden for svart. Eg gjekk fra kameraet mitt i går, defor fuska eg med eit bilde fra nettet.... Er det nokon som har tips for sider som viser sjablonger???
Eg synes sjablongane over var tøffe, dei er her vist på eit kjøkken, men eg ville hatt det i trappeoppgangen!
Lover å ta ta før/etter bilder av gangen og publisere på sikt....
Ha ein strålande sundag folkens!!!
Klem F


fredag 27. mars 2009

Flott møbel...

CITY ble tegnet i 1954 som hovedfagsoppgave på Statens Kunst og Håndtverkskole og var den første stolen produsert i Norge basert på lamineringsteknologien. Skallet er helt originalt med sin omsluttende form og utsøkte komfort.

CITY
Design: Øivind Iversen

Denne tøffe stolen har sitt eg på kvar dag.....på jobb! Vi har fått oss råflotte NYE lokaler med utsikt mot havet.. Eg ser for meg at vi tar med oss maten på bryggekanten til sommaren... Kanskje kastar vi uti ein livbåt og susar rundt øyene....hahaha. Stolen er levert av ForaForm!

Ha ein fortreffelig fredag folkens!

mandag 23. mars 2009

Vasking, matlaging, kle, rydding

handlar stort sett kvardagen om. Nokre dagar er det meir ryddings enn andre dagar, men jammen er det godt etterpå.

No er det vindua som står for tur, sikkert seks månadar sidan sist....puuuh. Dei er fulle av saltvatn frå ein vindfull vinter, men det får bli ein anna dag. 

På peisen står den nye lykta eg kjøpte på Åhlens i Bergen. Likar den veldig godt! 

Nyvaska druer på kjøkkenbenken. 

Ha ei god veke.

G

søndag 22. mars 2009

Vårklare potter!

No gledar meg meg stort til å planta blomar i pottene utanfor inngongspartiet. Det er noko trivlegare enn mange tomme fulle i stein.

Lyngen er eg byrja å bli litt lei av, medan den grønne planta framleis står så fint som berre det.

Endeleg har eg kjøpt påskeliljer og har ein plan om å få dei planta i potter på tirsdag, den hellige fridagen saman med ungane. 

Helga har vore kjempe koseleg saman med næraste familie. MASSE ute i heile går og ein "tvangstur" på stigen i dag, ØS PØS REGN! Det var kaldt, surt og rett og slett utriveleg. Men frisk luft må vi ha:). 




Ha ei fortryllanda god veke... Vi set pris på ein kommentar om du kikkar innom.

Stor klem 

G

lørdag 21. mars 2009

Vår snart?!?


I dag kjent vi at vi måtte prøva å få litt vår utfor døro.
Vi var ikkje dei einaste som vlle da for da var bare 4 påskeliljer igjen på butikken!!!!!
No står dei hos oss og vi håpe dei lever til etter påske.......
V

fredag 20. mars 2009

Nachos....

Familien Nilsen Hillestad elskar nachos. Vi kosar oss ofte med nachos på kveldstid, etter at ungane sover søtt...zzz.... Ikkje sånn spesielt barnevennleg, så det er kanskje på dagar der vi lagar noko veldig barnevennleg på dagtid (type fiskebollar i kvit sos), og unner oss sjølv noko ekstra  DIGG på kvelden. 

I dag har team svigers laga DEILIG heimelaga pizza til oss. Det var fantastisk godt. Ungane åt som hestar.

Etterpå kom mormor og bessen endeleg heim frå varmare strøk, så det var nett som julafto å sjå dei igjen. Ungane fekk masse fine kle, snop, kvar sin kopp, ja i det heile. Vi tvillingane fekk parfume og dei vaksne gutane fekk snop:). Med andre ord ein gavmild dag!!!!

Ikkje nok med det, i dag fekk eg beskjed om at eg hadde vunne to dukar i eit lotteri. To heimebrodert dukar. Den eine var kvit med broderte blå blomar, skikkeleg sommarsleg og romantisk!!! Den andre var meir "gammeldags" og passar nok best hos mi mormor eller farmor. Men visst var den fin, berre ikkje heilt passande i ein ung heim. Sidan eg framleis har kamera hos ei veninne så får eg ikkje visst bileter i dag...sukk...men i morgon skal eg henta mitt djupt sakna elskede kamera. 

Gacamole er obligatorisk attåt nachos. 

Nachos på sitt beste!!!!

Oppskrift:

Nachos chips

400 g kjøttdeig (avhengig av kor sulten du er)

chili (ta utav frøa)

ridderost/kvitost

salt og pepper

Steik i ovnen på ca. 180 grader til osten er herleg smelta og klar til servering.

Guacamole:

to avokado

ei lime

salt/pepper/paprika pulver

tomat

mos alt med stavmiksar eventuelt ein gaffel. 

LUKKA TIL OG GOD HELG!

torsdag 19. mars 2009

Tjohooooo...

I dag har eg hatt fotsession med minste jenta! Ho har ei kul jakke av merket GOCCO! Den kjøpte vi i La Roca Village i Barcelona. Eg har lengde prøvd å få ta nokre bilder av kåpa, men ho har nekta plent.... Men idag var ho i fotosession humør... Ho koste seg max medan eg knipsa vilt....


Ha ei STRÅLANDE helg folkens!!!!!!!

Klem F

onsdag 18. mars 2009

Blanda drops...

Mamma mia musikalen, London 2008. Eit fantastisk minne. 

Store prinsen, etter vielsen til mamma og pappa-en. Kjempe stolt.

Mormor og bessen er POPPIS!

Erteris!

Familien Hillestad i dåp til skatten i Stavanger. 



Eit stolt øyeblikk!!! Stor stas med liten baby i familien:)

Eg gløymde kamera mitt på klubb mandag. Sidan vi var i Bergen i helga og klubb på mandag har det med andre ord ikkje blitt tenkne så mykje bileter. Fann litt gamle bileter som vekte fram gode minner.

I kveld har vi vore på premieutdeling i gymsalen. Der delte idrettslaget ut medaljar til liten og stor som har vore aktiv anno 2008. Der blei servert pølsa, kaka, brus og kaffi. Heilt topp!!!!

Klem frå Gunnhild 

søndag 15. mars 2009

Gøy på landet....

I helga har vi hatt juniorane i Kråkeslottet på overnatting! Det har vore VELDIG
stas for alle mann. Gu kor glade dei er i kvarandre. Gutane låg ilag på eit rom, i dag morges låg Marcus våken i senga og venta på at minste prinsen skulle våkne opp. Jentene låg i dobbelseng på prinsessa sitt rom. Dei har leika non stop i eit døgn no....Sundag har høgdepunktet vore ein nistemat-tur til Stigen. Vi har kost oss med bollar, frukt, kakao, saft og buguetter. På vegen opp brukte vi tida på å studere sauer, traktorar, geiter, fuglar, kaniner, kattar og andre søte firbeinte. Vi er jo særdeles heldige med så mykje spanande rundt oss til ei kvar tid... Det gjeld berre å ta seg tid til å nyte det....


fredag 13. mars 2009

Intet nytt er godt nytt:)

Lite nytt frå denne kanten for tida. Vi jobbar og dagane berre fyk avgårde. I helga er det bytur med mannen. Ser fram til resturantbesøk og konsert og ikkje minst litt kvalitetstid saman. 


Denne søte koppen fekk eg av min gode kollega til "valentine´s day", kjempe søt og ikkje minst veldig god. Gjere meg glad kvar gong eg opnar kjøkkenskapet. 


Denne vesle karen hjelper oss å skrubbe potene, den fekk vi av svigermor for ikkje så lenge sidan. Den er veldig god, litt stilig og ikkje minst veldig mykje i bruk!!!! 


Denne alessi tekanna fekk vi til jul for eit par år sidan av svogeren/svigerinna mi. Den plystrar så fint kvar gong vatnet kokar når eg set på litt te. Veldig sjarmerande syns eg. 

Tusen takk til alle som kikkar innom sida vår. Det er veldig smått med kommentarar, så eg håpar du legg igjen ein liten beskjed når du har vore innom. Alltid kjekt med tilbakemeldingar. 

Ha ei fantastisk god helg alle saman. 

Stor klem frå G

tirsdag 10. mars 2009

Summer feeling??

Denne hærlige miksen fekk meg til å drøyme om sumaren igjen....

Eg satt i grunn og prøvde meg på ei overskrift, men no har vi jo endeleg fått ei kjempe fin, passande overskrift med eit hærleg bakgrunnsbilde??!! Bra jobba Gunilla:)

Ha ein god kveld folkens!

Ein liten løk!


I september 2008 var vi i dåp til kjære Othilia som eg er tanta til. I kyrkja fekk alle ungane kvar sin liten blomsterløk. Det var ein blomsterløk som skulle bli til ein perleblom. 

Vi la den fint i kameraveska og planta den i eit blomsterbedd då vi kom heim att:). No maaaange månader seinare spirer den så fint! Mollemor syns det var kjempe stas!!!! No gledar vi oss til blomsterløken blømer til våren, den får oss til å tenkja på søte Othilia som snart er ett år.

I dag har eg vore heime med ungane og laga troll. På søndag sykla vi ned til stranda med sykkelvogna på slep. Der plukka vi steinar som vi har tørka. I dag var steinane klare til å bli limt saman og få auger/hår. Dei blei ganske tøffe og representerar no heile familien. 

Vi hadde besøk av familien Bjelland Sætre og hadde det kjempe koseleg med bollar og te:).

Resten av dagen har gått til å leita etter bilnøkkelen. Eg som skulle handla og ordne litt ymse. Fortvilande!!!! Vesle rakkarguten min hadde lånt dei og festa dei til brannslukningsapparatet på soverommet vårt!!!???!!! Grrrr.... Så handel og besøk til svigers gjekk i vasken. Mollemor var kjempeskuffa!!!! Sånn er det med småtassar i hus. Ikkje alltid dagen blir som planlagt. Dagen i dag har definitivt ikkje vore slik eg hadde planlagt den. 

No er vi forressten i full gong med pussing av golv på loftet, kun oljing og møblering som gjenstår. Blir kjempe fint. Så er det berre oppussing av to soverom, gang og toalett som ventar.... men det får bli ei anna veke.  

Ha ein flott kveld.

G

mandag 9. mars 2009

Bjørn er ein fis, lurte deg...

Artige ord på kjøkkenbenken.....



Eit sikkert teikn på at ungane blir større er at vi ikkje lenger kan styra kva dei skal skriva. Eg fann denna søte lappen på bordet ein dag... Sjarmerande ord fra ein stor, liten gullgut!!





Aurora har laga trimkort til Amalie. (Amalie er for dei som ikkje veit det vårt tredje barn!) Ho blir bytta på minst 5 ganger til dagen, mata og amma av Aurora samt tatt med på alt av aktivitetar ho sjølv er med på. Aurora kjem til å bli ei drømmemamma!!!


Aurora og Amalie før legging...

lørdag 7. mars 2009

Herlig laurdag


Vi har hatt eit topp laurdag! Vore mykje ute å rydda der vi ein gang skal ha hage! Brent bål og køyrd vekk rot. Rot einevegen i trillebora og gull andre vegen!!!!


Baka bolla og vaska vindauga! Bollane fekk bein å gå på når da plutselig var fira på besøk når sista brette vart tatt ut av ovnen!!!!
Ha ein fin laurdagskveld!
V

fredag 6. mars 2009

TV-stove, leikestove og kosekrok...

Som ein del av stova har vi ei lita tv-stove som er veldig mykje i bruk. Der har vi to billy bokhyller, frå ikea, med masse barnebøker, seks leikekassar fulle i leiker elles litt rot og rask. Det store ynskje er montana bokhyller, men det får bli ein annan gong. Bordet er ein kasse frå ikea som oppbevarar endå litt leiker. Sofaen er kjøpt på ein interiørbutikk (kjem ikkje på namnet...) i Bergen for eit år sidan. Den er fantastisk praktisk då den er i ekte hud, lett å halde rein og ekstremt slitesterk. 

Det er eit stort vindu i denne stova, liftgardina har "fargerike" på stord sydd for meg. Eg er veldig nøgd med resultatet!!! Butikken har masse fantastisk flotte stoff å velje i. 

Vi er truleg dei einaste i bygdo utan flatskjerm. Vi ser veldig lite på tv, så vi klarar oss godt med dette fjernsynet:). 

Bildet av Marilyn Monroe kjøpte eg for eit par tusen på ei kunstside på nettet, sida finn du her. Husfaren fekk biletet av meg til 30-års dagen, medan svigermor spanderte den flotte ramma. 

Ha ei fantastisk helg!

Vi set stor pris på tilbakemeldingar:).

Beste helsing 

G

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!