fredag 20. mars 2009

Nachos....

Familien Nilsen Hillestad elskar nachos. Vi kosar oss ofte med nachos på kveldstid, etter at ungane sover søtt...zzz.... Ikkje sånn spesielt barnevennleg, så det er kanskje på dagar der vi lagar noko veldig barnevennleg på dagtid (type fiskebollar i kvit sos), og unner oss sjølv noko ekstra  DIGG på kvelden. 

I dag har team svigers laga DEILIG heimelaga pizza til oss. Det var fantastisk godt. Ungane åt som hestar.

Etterpå kom mormor og bessen endeleg heim frå varmare strøk, så det var nett som julafto å sjå dei igjen. Ungane fekk masse fine kle, snop, kvar sin kopp, ja i det heile. Vi tvillingane fekk parfume og dei vaksne gutane fekk snop:). Med andre ord ein gavmild dag!!!!

Ikkje nok med det, i dag fekk eg beskjed om at eg hadde vunne to dukar i eit lotteri. To heimebrodert dukar. Den eine var kvit med broderte blå blomar, skikkeleg sommarsleg og romantisk!!! Den andre var meir "gammeldags" og passar nok best hos mi mormor eller farmor. Men visst var den fin, berre ikkje heilt passande i ein ung heim. Sidan eg framleis har kamera hos ei veninne så får eg ikkje visst bileter i dag...sukk...men i morgon skal eg henta mitt djupt sakna elskede kamera. 

Gacamole er obligatorisk attåt nachos. 

Nachos på sitt beste!!!!

Oppskrift:

Nachos chips

400 g kjøttdeig (avhengig av kor sulten du er)

chili (ta utav frøa)

ridderost/kvitost

salt og pepper

Steik i ovnen på ca. 180 grader til osten er herleg smelta og klar til servering.

Guacamole:

to avokado

ei lime

salt/pepper/paprika pulver

tomat

mos alt med stavmiksar eventuelt ein gaffel. 

LUKKA TIL OG GOD HELG!

2 kommentarer:

Tre Kusiner sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Tre Kusiner sa...

Neste gang må du invitera..... V

Min bloggliste

  • Gutta på tur - Gutta har hengekøyer som de er kjempe flinke til å bruke masse! De har allerede sovet ute mange netter, og elsker det! Køyene er utrolig behagelige å lig...
    for én dag siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 3 måneder siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 måneder siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 10 måneder siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for ett år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for ett år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for ett år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 2 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 2 år siden
  • -
    for 3 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 3 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjente...
    for 4 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 4 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 5 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 5 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!