søndag 29. august 2010

Eit livsteikn frå varmen i Spania

26. august gifta viss oss i sjømannskyrja i Torrevieja. Ein fantastisk dag, og eit minne for livet!
No ferierar vi med stor F, og gledar oss over at vi har ei heil veke igjen i varmen. Den fyrste veka har, naturlegvis, for vår del og mange andre i reisefølget blitt brukt til førebuing av bryllup.

Vi har hatt fantastiske dagar til no, og nyt sol og sumar. Tusenvis av bileter er tekne, men vi ventar framleis på bileta frå fotografen etter den store dagen. Snakka meg om unik fotograf, gledar meg.

Vi er 27 stk i reisefølget og har budd/bur under samme tak i eit fantastisk herleg hus i Rojales. I dag reiste åtte stykk, og det merkast veldig. To soverom står tomme og det er færre rundt bordet. Det er alltid nedtur å skilje lag med slike kjekke sjeler. Forlovar Heidi, i tillegg til systo, med familie har vore med oss i sju dagar, det er eg kjempe takknemleg for! Eg kunne ikkje fått ei betre veninne!!!! Vår kjære gode Camilla med familie reiste til Stavanger i dag, tusen takk for at de blei med. Min gode bror, Anders, skal heim til jobb og plikter. Du er eneståande!

Det kjem meir bileter seinare, no ferierar vi tungt og takkar så mykje for koselege meldingar.

Utsikt frå altanen i feriehuset vårt


Brureparet!

PS. Mobilen min er øydelagt, difor har eg ikkje fått svara nokon på sms`ar sidan mandag. Kjempe dumt!
Stor klem frå Gunilla



torsdag 19. august 2010

Endeleg var dagen kommen....

Dagen som vi har snakka om i fleire år. Dagen som vi har gleda oss vilt til, men også grua oss litt til... nemlig første skuledag! Gjett om det var mange sommarfuglar i magen den morgonen...



TEST
Godt å ha ein skulevant storebror med seg første dagen. Ingen tvil om at han har mykje gode tips til vetlasystro...
TEST

TEST
Kleno har lege klare i over ein mnd. Sjølvplukka frå H&M katalogen tidligare i sumar.. (eit ekte mors barn med andre ord...)
TEST

TEST
Bokbindet har venta på årets bøker i vekesvis.
TEST

TEST
Etter at den første skuledagen var over hadde vi "fest" saman med mormor, bessen og tante Sigrid.
TEST
Skulejento stod for menyen som var slik:
TEST
Forrett: KVITLAUKS BAGUETTAR
Hovudrett: PAPPAS STEIKTE NUDLAR
DESSERT: BÅTIS
Drikka: VILLA BRUS & SOLO

TEST
Etter at gjestene hadde gått til sist kasta Aurora seg entusiastisk over leksene. Stolt som ein hane... Vonar denne gleda skal vara lenge. *fnis*
TEST
Den neste STORE dagen er bryllaup i varmen. Vi kan nesten ikkje venta og gler oss ihjel til å komma oss avgårde...
TEST
Ha ei fin veke.
TEST
Klem Frøydis

onsdag 18. august 2010

1. skuledag

Her er da ein spent gut som venter på å få gå til skulen i dag. Tenk gullet te mammo er skulegut alt. Eg syns egentlig han nett var fødd. Mammo og var veldig spent på denna dagen.
Merkeleg at ongane blir eldre men da ikkje skjer noko med foreldra:-)
Full konsentrasjon.
Han hadde ein topp dag, og alt svarte til forventningane!
Klem V

tirsdag 17. august 2010

Dagen før dagen!

Idag har vi vore hos kusina/søstro i Kråkeslottet på deilig lunsj..
Salat, ferske brød, ferske rundstykker, nykokte egg, nylaga syltetøy, eplekake og is.... Gu kor vi har kost oss....I absulutt heeile dag! Dei åtte små har kost seg ilag som alltid!
TEST
TEST
TEST
TEST
Elles så har dagen vore prega av to skuleklare førsteklassingar. Ikkje lett å halde styr på følelsane dagen før dagen! Mammene kjenner også på klumpen i magen:)
I morgon traskar vi over haugen med to skuleungar. Det blir veldig spanande. No ligg dei nye kleda klare og skulesekkane er pakka for eit nytt skuleår...
TEST
Ha ei flott veke.
TEST
Klem Frøydis

onsdag 11. august 2010

Det blide sørlandet


Gamla kusina har vore nesten 2 veker på det blide sørlandet. Vi har kost oss kjempe masse. Her kjem nokon blider frå ferien.
Øverst er da ei stor liten jenta som gir tuttane sine te Kaptin Sabeltann!! Og snakka no om når ho var liten og brukte tutt.......

Tante og onkel er klar te Kaptein Sabeltann show! lika gøy for vaksne som dei små.

Ein kar vi møtte i Dyreparken.



Fyketur med storebror er lykken på jord!



Fanger reker og fiskar fleire ganger om dagen







Guten i huset fiska kvar gang han fekk nokon med seg ned på kaien. Fiskane var nok glade når vi reiste.....
Stolt fiskar med fangsten.
Klem v

lørdag 7. august 2010

Ferietid!

No har vi verkeleg hatt FERIE i Hagen! Sumaren starta FANTASTISK då vårt nye familiemedlem kom til verda i juni. Ho har snudd opp ned på kvardagen, men det gjere ingenting med ein slik sjarmør. Vesle Lotta er ei snill lita snelle som har glidd rett inn med den sprø storesøstera og den kule storebroren:)


Ein betre start på sumaren kunne vi ikkje fått!


Heldigvis har vi ein STOR familie rundt oss. Vi har hatt mykje besøk, og elles farta litt rundt.
TEST
Dei to eldste har vore ekstra godt ivaretatt av snille tanter, onklar, besteforeldre og gode vener! Fleire ganger i veka er mormor og Lotta på trimtur rundt bygda.
TEST
Det er er ikkje alltid så enkelt å vere spontan med baby i huset!
TEST
TEST
I juni hadde vi ein kjekk tur til Sandnes. Her slappa vi av med familien. Oppvartning i særklasse både hos familien Wiedenmann og Knudsen. TUSEN TAKK!


TEST
Ingen tvil om at VM dominerte første halvdel av sumaren. Då vi var i Sandnes var vi på VM-FEST hos våre "tyske" vener:) Ungane hadde det knall kjekt sjølv om kampen enda i tap for Tyskland sin del. Kvelden vart avslutta med overnatting i telt....inne i stova! *tihi*TEST

TEST

Innimellom regnbyene har vi kost oss på terassen. Vi har hatt mange fine dagar utandørs. Det har stort sett vore varmt i veret sidan juni.
TEST
TEST

TEST
I midten av juli samla vi Nilsen slekta på Sanden. Det var ein kjekk dag med deilig mat, kjekke leikar og konkurransar. Dette må definitivt bli ein framtidig tradisjon! Til neste år satsar vi på at alle er heime, og at familien har blitt endå større?!
TEST
No gler eg meg til min betre halvdel tar ferie på mandag, og ikkje minst til bryllup og kalas i varmen!
TEST
Stor klem Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!