søndag 29. august 2010

Eit livsteikn frå varmen i Spania

26. august gifta viss oss i sjømannskyrja i Torrevieja. Ein fantastisk dag, og eit minne for livet!
No ferierar vi med stor F, og gledar oss over at vi har ei heil veke igjen i varmen. Den fyrste veka har, naturlegvis, for vår del og mange andre i reisefølget blitt brukt til førebuing av bryllup.

Vi har hatt fantastiske dagar til no, og nyt sol og sumar. Tusenvis av bileter er tekne, men vi ventar framleis på bileta frå fotografen etter den store dagen. Snakka meg om unik fotograf, gledar meg.

Vi er 27 stk i reisefølget og har budd/bur under samme tak i eit fantastisk herleg hus i Rojales. I dag reiste åtte stykk, og det merkast veldig. To soverom står tomme og det er færre rundt bordet. Det er alltid nedtur å skilje lag med slike kjekke sjeler. Forlovar Heidi, i tillegg til systo, med familie har vore med oss i sju dagar, det er eg kjempe takknemleg for! Eg kunne ikkje fått ei betre veninne!!!! Vår kjære gode Camilla med familie reiste til Stavanger i dag, tusen takk for at de blei med. Min gode bror, Anders, skal heim til jobb og plikter. Du er eneståande!

Det kjem meir bileter seinare, no ferierar vi tungt og takkar så mykje for koselege meldingar.

Utsikt frå altanen i feriehuset vårt


Brureparet!

PS. Mobilen min er øydelagt, difor har eg ikkje fått svara nokon på sms`ar sidan mandag. Kjempe dumt!
Stor klem frå Gunilla



6 kommentarer:

Shus sa...

For eit nydeleg brudepar!!! Gratulere så mykje med vel overstått bryllaup!!Nyd dagane og kvarandre, (kvardagen kjem tidsnok...)sol og varme!! Her er hausten kommen no! Stor klem frå Solveig

Anonym sa...

Å, så kjekt at de endeleg (?) har lagt ut fleire bilete!!! Eg har vore innom fleire gonger til dagen i håp om litt livsteikn frå Spania-gjengen;) Etter mange dagar med regn er det faktisk blå himmel i Sandnes i dag, men de treng ikkje lengta heim! Gler meg til å sjå alle dei tusen bileta ein gong eg kjem heim! Klem frå Sigrid

Anonym sa...

Eg er også innom og ventar spent på bileter:) Dåke var så fine atte. Kjekt å høyre at de har det så bra der. Nyt varme dagar, godt selskap og sjølvsagt kjærleiken.
Kjem innom og helsar på neste gong eg er heime. Benteklem

Anonym sa...

Hei hei kjære snille dåke! så utrulig kjekt vi har hatt det!!! Saknar dåke sårt no når eg stakk hovudet innom bloggen. Nyt dagane uendelig mykje,unner dåke det beste været framover også:) Vi takker stort for at vi fekk væra med å dele denne veka med dåke. Glede oss sjølvsagt til dåke kjem heim!! LOVE UUUU. Klem Heidi

Anonym sa...

Tusen takk for herlege kommentarar. Det kjem masse meir bileter når eg har fått cd frå fotografen. Han ventar baby nr to og er på sjukehus med kona i skrivande stund:). Skulle møta han i dag, men han ringte oss. Tvi tvi... Vi gledar oss! Klem G

LIVE sa...

Tusen tusen takk for turen. Og tusen takk for at vi fikk være med, både ungene og vi voksne hadde det fantastisk. Theodor lengtet tilbake allerede ved kveldsen første dagen hjemme.

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!