søndag 28. februar 2010

Vinterferie og nye fregner!

Gjett om vi har vore heldige med årets vinterferie. Store mengder snø, deilig sol, lange dagar i trekket og OL om kveldane :) Kan det bli betre?





I kveld var det 4 trøtte ungar som sovna etter nok ei helg ilag på hytta. Ungane fyk som rakettar nedover bakkane. Utallige turar opp og ned trekket viser godt igjen.
Med steikande sol på himmelen var det slett ikkje vondt å vera tilskodarar og stolte mammer i botn av heisen. Vi hadde med oss naudsynt proviant som nysteikte rundstykker, grillpølser, sjokolade, kakao, brus og nylaga kaffi til dei som hadde tid til ein liten pit stop:)


test


Vi registrerer at talet besøkjande har overstige 30.000 denne veka!!! Fantastisk. Trekning av gåvekort vil derfor skje ein av dei nærmaste dagane:) Tusen takk for kjekke kommentarar!


♥Tvillingane♥

torsdag 25. februar 2010

Vi gledar oss til Stockholm

Rett etter påske reiser vi på partur til Stockholm, det gledar vi oss VELDIG til.

Tre heldige jenter fekk "pakketur" frå tre kjekke karar. For ein kreativ fin gjeng!

Eg har aldri vore i Stockholm før, så det er absolutt på tide å sjå denne flotte byen. 

Eg reknar med at mannen les seg opp om byen og merkar kartet før avreise. Kvar gong vi har vore på storbyferie (Praha, Lisboa, København, etc. har mannen merka kartet og funne masse flotte butikkar vi berre sjå. Eg minnast fleire turar der gnagsår og hovne bein har vore ein stor del av turen. Etter mange turar har vi naturlegvis lært oss kva sko som er brukande og ikkje. 

Eit stalltips:

Ta alltid med deg to par sko (minst...) på storbyferie.  Det visste du vel? 

Det er tidvis krevande å ha ein mann som er så interressert i shopping som min. Dette er jo relativt uvanleg for menn, så eg anser det som eit luksusproblem. Eg set enormt pris på at mannen frivillig er med på handel, sjølvsagt. 

Har du vore i Stockholm så set er stor pris på tips i forhold til kva vi bør få med oss.

Turen er frå torsdag til søndag så vi har god tid til å få med oss litt. No gjenstår det nokre veker med venting, enn så lenge skal vi kosa oss med SNØ og VINTER.

Ha ein fin kveld alle saman!


HEIA NOREG!


Klem frå Gunilla


tirsdag 23. februar 2010

Flaskerenn i bessen si ånd!

t
Deilig med masse nysnø!
test
Etter eit kjempe godt intiativ frå mosto vart det flaskerenn etter middagen. Mannane fekk den viktige jobben med å lage bane til flaskene medan vi varma opp saman med dei minste. Rennet foregjekk mellom husa i Hagen. Onkel Bjørn Sturle tok tida medan flaskene suste nedover bakkane:)
test
VINNARANE!
test
Premieutdeling. Papsen laga podie i snøen!
test
Kampen var jamn, men til slutt drog Marcus avgårde med seieren. Trude fekk sølvet, medan dei minste jentene og Geir fekk bronse! Alle var veldig nøgde.... Heilt til slutt sang vi "nasjonalsangen..." (..som i vår familie er "Har du bæsja, har du prompa...")

Takk for kampen folkens!

Klem oss i Hagen

mandag 22. februar 2010

Godt å få dåke heim!

I heile to veker har mormor og bessen vore på reis til Thailand. To veker føles VELDIG lenge for 4 barnebarn. Heldigvis fekk vi postkortet i grevens tid...hehe. Det pussige var at ingen av korta hadde frimerke? Men ungane er endå for små til å gjennomskue mormor's lure triks! Trur du ikkje koffertane var proppa full av byblomar då? Fnis. Jentene er utstyrt med Thailandske nattkle, klokker, sandalar, medan guttaboys har fått tøffe fotballdrakter i alle variantar, samt tøffe sandalar!

TUSEN TAKK!!!!



Ekte silkenattkle falt i smak!





Søte sommarsko på bleike barneføtter!


Det er alltid godt å få samla familien igjen:) No vil eg tru sommarskoa lagt på hylla, for her snøar det noko heilt ekstremt om dagen. Snøfresen til han far er god å ha i desse dagar! Jammen har vi vore heldige med veret denne vinteren. Ungane har vinterferie og boltrar seg i snøen seint og tidleg.



Snømannen Kalle er i ferd med å forsvinne i snøen!

Ha ei fin veke folkens!

Klem Frøydis

Med silkepysj frå Thailand

MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR MORMOR!

Gleda var enormt stor då mamma/mormor kom inn dørane etter jobb i dag, etter to veker i Thailand.

Ho hadde med ei stor korg med masse koselege gåver; , silke pysjar, sko, sandalar, shorts, skjørt, bukser, snop, klokka, etc. Vi er svært takksame for gåvene, men det kjekkaste var ikkje gåvene men å få mormor heim. 

BESSEN ser vi ikkje før til helga, og det blir nok ein stor opptur:).


For fyrste gong på 4 1/2 år syns eg faktisk mollemor liknar på mormor, sjekk blikket?!?? Skikkeleg koseleg...

Klem Gunilla 


søndag 21. februar 2010

Tre år, heilt topp!

Vår kjekke, snille, gode, søte, vesle, sjarmerande, rampete, skjønnaste og aller beste gut fyller 3 år i dag. 

STIKKORD FOR DAGEN: 

- Kaptein Sabeltann kaka (komponert av heile familien)

- bløtekaka (kjempe flott, tusen takk svigermor)

- pizza (kremt...)

- pasta (mmmm, bidrag frå systo)

-snop

- pakkar (masse fine leiker, kle, bok, etc.)

- leik og balluba

Jubilanten hjelper å måke tunet etter feiringa i dag, ca 15 cm nysnø. Fantastisk fint! 

Konrad kosar seg med pizza. 


Marcus som er den STORE helten til Geireguten. Sjå kor like dei er. 


Jubilanten ventar på at pappa-en skal heise flagget. Stolt gut! 


Den flotte kaka... hehe...

Tusen takk for besøket, vi har hatt ein alle tiders dag. 

HA EI FIN VEKE ALLE SAMAN! 

Klem Gunilla 


fredag 19. februar 2010

Karneval


I dag gjekk denne vetla jento stolt til karnevalet i barnehagen i seniorita kjolen som ho fekk av ein av kusinene i haust. Kjempe stolt og syntest sjølv ho var kjempe fin!!!!



Men sio omgangsjuka har herja Kringleneset i ei og eihalv veka no så heng Spiderman utstyret til storebroren uopna på rommet. No har alle fem hatt da og på aktiviteten i kjellaren no så venter vi bare på dei 48 timane så er vi igjen ute blandt folk;-)


Ha ei fin helg.
V

torsdag 18. februar 2010

Kokebok gir gode minner om den gong vi var små kreative sjeler




Denne flotte kokeboka fekk vi på barneskulen. Sidene heng laust og permen er gått fullstendig i oppløysing, etter hard bruk av søstrene Nilsen. Sjarmerande og søt bok.  

Den bringer fram gode minner om den gongen vi måtte ha lange forhandlingar (oss i mellom)om kven som skulle bestemme menyen denne dagen. Eine dagen var det bløtekaka, andre dager osteskiver. Med andre ord svært variabel meny.

Vi er så heldige at vi alltid har fått utfolda oss på kjøkkenet. Vi har  vore spesielt glad i baking, noko som ofte har medført til ein gode del "mjøl" i lufta heime på kjøkkenet til mamma og pappa. Sikkert rimeleg frustrerande då vi rigga oss til med kjøkkenmaskin, og ein full benk av ingrediensar som skulle testast ut... 

Denne gleda har igrunn fortsatt, og no er det våre ungar som elskar baking og om nokre år er det kanskje vi (søstrene Nilsen) som prøvesmakar kreative bakverk og deilige middagar?!??Gledar meg allereie.

Til helga er det 3-års dag i heimen og kanskje tek eg fram den gode gamla kokeboka og brillierar med gamle oppskrifter frå Walt Disney kokeboka vi brukte på 80-talet. 

FORTSATT GOD OL!

Klem Gunilla 

tirsdag 16. februar 2010

Med mange jern i ilden!

Endeleg har eg fått meg ein eigen plass til symaskinen. For nokre veker sidan omgjorde eg eit soverom til syrom/leikerom. Ut med gjesteseng og inn med sypult og stoff i alle variantar! I tillegg har vi sett inn eit lite bord til ungane, der har dei teiknesaker og perler framme til ei kvar tid:) På eine veggen har vi masse hyller som innheld interiørblad, legoklosser, småbiler, dukker, tekstiler, cd-spelar, spel, albumer osv. Det er kjekt å ha ungane rundt seg medan eg sitt og putlar med mine små og store prosjekt.


Sengesett og stoffposar i ulike variantar!



Sykroken min! Det er mykje lettare å setta seg ned når maskinen står klar.

Babybukse i fine duse fargar!

Det er rart kor arbeidlysta kjem kastande over ein innimellom. Når eg først får ånda over meg startar eg opp mange prosjekt på ein gang:)

Tusen takk for kjekke kommentarar på gåvekort innlegg. Vi tre kusiner gler oss til trekninga når vi passerer 30.000 besøkjande.

Ha ei kjekk veke folkens!

Klem Fr♥ydis

fredag 12. februar 2010

Gåvekort til deg...

No har vi blogga i vel eit år og nærmar oss 30-tusen unike treff. Det syns vi tre kusiner er heilt fantastisk bra. 

Vi har lyst til å gjere stas på ein av våre gjester, bloggar eller ei.  Vi veit at det er ganske mange som kikkar innom bloggen kvar dag, men merkar oss at det er veldig få som kommenterar.

Legg igjen ein kommentar og ver med i trekninga av 500 kr!

Så folkens, lukka til! 

Vi ynskjer at du legg igjen nokre ord til oss tre kusiner, skriv det som passar deg!!!!  

Vi trekk ut ein tilfeldig vinnar, heilt uavhengig av innhaldet i kommentaren:). 

Dersom du er bloggar kan du jo bli ein ny "følger" av bloggen vår, om du ynskjer. Her har vi stagnert litt sidan vi byrja. 

Fortel oss gjerne kva som kan bli betre og kva som er bra, om det er noko du likar då. 

HA EI FLOTT HELG ALLE SAMAN!

Klem frå

Tre Kusiner 



torsdag 11. februar 2010

Flott fastelavensris!

I dag kom ungane heim med kvar sin flotte bukett med fastelavensris.

TUSEN TAKK KNOLL OG TOTT






Den vesle jenta vår er no 4 år og blitt ein praktfull kunstnar! Eg er heilt imponert. Stolt mor! 


God fastelaven, valentine og morsdag damer!

Klem Gunilla


mandag 8. februar 2010

Med aure på menyen

På søndag hadde vi aure på menyen, det er ein stor favoritt her i huset. Personleg likar eg best når fisken er filetert, og fullstendig beinfri. Eg har fullstendig panikk for at ungane skal setja bein i halsen. Det er så fort gjort og utruleg ubehageleg. Dumt viss ungane får skrekken pga eit fiskebein...

Uansett, det set ikkje noko stoppar for fiskeinteressa. Den er på topp og vi planlegg allereie masse fisking til våren/sumaren. Fantastisk kjekt for både liten og stor!

I dag skein sola meg rett i ansiktet inn på kontoret, kjente at eg nesten fekk vårstemning

Det er berre få veker til dei hundrevis av påskeliljene og perleblomane blømer utanfor huset. Gledar meg allereie!!! 

HA EIN FLOTT KVELD!

Klem Gunilla 

søndag 7. februar 2010

Hyttetur!

I helga har vi kobla heeilt ut på Kvamskogen. Vi har kost oss med badeland, shopping, slalåm, snop, fastelavensbollar, strikking og masse anna. Vi tok fastelavensfeiringa ei veke for tidlig, slik at papsen fekk nyta bollane saman med oss.... Ungane har blitt super flinke på slalåm, det er så kjekt å sjå.




Snart skal vi opp igjen og eta endå meir god mat, samt øva oss i slålom bakkane. Vi gler oss til å ha med selskap! Det er noko eige i det å reisa opp på hytto. Alt er så avslappande og roleg. Rett og slett nyta late dagar!
Ha ei fin veke folkens.
Klem Frøydis♥

tirsdag 2. februar 2010

Endeleg kom postkortet frå pappa

Vi har venta leeeenge på postkort frå far i huset, og ENDELEG kom det. Ungane var i ekstase og har hatt kortet med seg rundt overalt i heile dag. 

Eg fekk kortet mitt ein dag seinare, kjempe stas:)!!!! Ikkje kvar dag vi får postkort i denne familien. 


No fekk vi nettopp besøk av tanteungane mine, så det er full rulle og stormande jubel i heimen.

Klem Gunilla 

mandag 1. februar 2010

Tatt på senga av mormor!

For to veker sidan hadde mormor ungane på overnatting! Då hadde dei mange ville påfunn.

Eg fekk meg ein skikkelig overraskelse då eg kom inn dørene for å henta dei, mamma satt med strikketøy i nevane:) Det kan eg faktisk aldri hugsa og ha sett?! Ho har jo i si tid lært oss opp, så eg visste ho kunne, men vi har vore utskjemt med strikkerier frå mi mormor heile livet.

Aurora hadde vore så heldig og plukka ut garn heilt sjølv...Fargevalget falt på rosa og lilla....sjølvsagt.


Sundag fekk Amanda (dukka) overlevert ein genser + votter, og idag låg det jammen meg pannebånd i postkassen og!

Tusen takk.

Klem frå overraska og fornøgde naboar!

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!