søndag 31. mai 2009

Vår fantastiske mamma!!!!!!!!!

I helga har vi feira 50 års dagen til vår FANTASTISKE mamma. Vi har sjølvsagt planlagt denne begivenheten i nokre veker, men det har vore ein FRYD sidan alle har vore så gira på fest!!! 70 gjester var inviterte, og omtrent samtlege takka ja!!!(Dei få som ikkje kunne hadde god grunn....tihi..)
Små materalistiske glimt frå festlokalet....Dei andre bildene heng fast i filteret....


Festen var ein sann suksess frå ende til annen. Det var mange fine talar, dikt og songar til mamma som rørte oss langt inn i hjarterota. Ho fortjente kvart ord, og det er så godt at det blir sagt... Alle gjestene STORKOSTE seg, og servitørane gjorde ein framifrå innsats med oppvertinga. Bandet spelte musikk som gjorde at dei fleste fekk svingt rockefoten!!!
TUSEN TAKK til alle som kom og gjorde denne festen så vellukka! (Og ellers ei stor takk til alle som har stilt hagen til disposisjon for blomstrar, trødd til med matlaging, pynting etc etc)
Klem festkomiteen som er STORNØGD

fredag 29. mai 2009

Bileter frå nasjonaldagen!!

17. mai hadde eg store problem med å laste ned bileter fra kameraet mitt, så eg legg inn nokon av dei litt forsinka! Eg synes dei var så søte at dei fortjente plassen på bloggen vår....Eg håpar slekto ikkje har noko imot å bli publisert.......eg skulle ha spurt!!!



God stemning i eit hærleg ver!


Såpeboblegutten min som ikkje er så lett å ta bileter av!

Tenk snart 7 år....

Vi kjem sterkare tilbake etter 50 års dagen på laurdag!!!!!!!!!!!!!

Vi gler oss masse....

F

søndag 24. mai 2009

Hyttetur, shopping og sightseeing.

Denne helga har vi vore på hytto til mamma og pappa.

Mamma, ungane og eg drog opp etter jobb på fredag. Alltid stor stas å ta turen på hytta. Reine himmelriket for ungane. Deilig å gjera noko anna av og til.

På laurdag skein sola og vi var turistar i Norheimsund. Der var masse kjekt for både liten og stor. Vi mata endene, shoppa, åt is, jorbær, fiskekaker, laurdagssnop, og mykje anna kjekt. På returen stoppa vi for å sjå på fossen. Det var VELDIG spanande! Veslepompen syns denne kraftige dusjen var litt i meste laget.... mollemor derimot syns det var veldig spennande!!!!

Husbonden har vore på segling sidan onsdag, men kom overraskande opp laurdagskveld. KOSELIG! 

Ha ei fin veke alle saman!  











Klem frå oss i kråkeslottet. 

lørdag 23. mai 2009

3 lodd til meg takk!!!


Hei igjen folkens!
Var ikkje dette tøffe kjøkkenhåndklær? Har du lyst til å vinne dei må du sjekke Livs Lyst sin blog.

Lykke til!
F

Du søte LAVENDEL.....

Idag har vi hatt ein flott dag i hagen. Mannen har klypt plen og kantar, Marcus har spelt fotball, eg og Aurora har planta i pottene utanfor huset. Eg kjøpte LAVENDEL til nedsida. Dei held seg heile sesongen. Lavendel = duftplante og nytteplante i ei og samme plante....

Lavendel utanfor dørene...

Hærleg duft!

Ein liten bit fra urtehagen...



Avleggjar frå svigermor og naboen...


Tidligare idag har vi vore på Trio Cup og heia fram dei søte små! Klikk på linken om du vil sjå bileter:)
GOD HELG!

Klem F

torsdag 21. mai 2009

Endelig......


Kan vi ynskja velkommen til gards med blomar utfor døro!!!!

Vi har hatt nokon påskaliljer som har sett sine beste dagar, men i dag var det ope på Hagesenteret og då fekk eg mannen i huset med. Vi har planta til vi var søkk våte!!!!


Denna nydelige blomen var med frå Haugesund på måndag!

Ha ein fin kveld.
Klem V

søndag 17. mai 2009

I dag har Norge bursdag...

Denne deilige blautkaka hadde tante Åslaug laga i anledning festdagen. Mmmm....






På menyen var spekemat i ulike variantar, pasta salat, rømmegraut, nysteikte rundstykker, aspikk, gele, jordbær, melon, m.m. KNALL GODT!!!!



Disse flotte blomane fekk eg av svigers på fredag. Kjekt med friske blomar i huset. Berre synd det var nyvaska fyrst no:). TUSEN TAKK!

Hipp hipp hurra! Hipp hipp hurra! Hipp hipp hurra! 

I dag har alle oss "tre kusiner" med næraste familiar kost oss glugg ihjel med masse god mat og vinsmaking.

Vinsmakinga tok vi då vår kjære snille gode mamma snart fyller 50 år. I den forbindelse hadde vi tre flasker med raudvin og to flasker med kvitvin som skulle testast. Alle smakte og konkluderte for seg sjølv, før vi tok ein runde på kva vi syns.

På kvitvinen konkluderte faktisk alle med samme vinen, medan vi på raudvinen var litt meir uenige...

Ungane har storkost seg med masse gevinstar etter leikane på skuleplassen. I tillegg har bessen kjøpt helium-gass og ballongar som var ein braksuksess for både liten og stor. 

Håpar de alle har hatt ein fin 17. mai. Det har vi.

Klem Gunilla 

lørdag 16. mai 2009

Ein praktfull hage!


Idag har vi vore i 34 års dag til vår kjære søster/tante/svigerinne.
På menyen stod det:
Grillpølser
Blautkake
Iskrem
Medan eg var på Husnes idag måtte eg beundra den flotte hagen til familien Gjerde.....
I overgangen frå terassen til parkeringa er det laga eit overbygg. På bakken er det lagt gamle heller.

Inntil garasjen har vi muligheten til å setja oss nedpå og nyta sola medan vi ser på ungane som hoppar på trampolina!

Tante Sigrid har jakta etter denne pelargoniaen i Sandnes...


Dei er heldige og har ei ekstra tomt ovenfor huset. Her går det koslege stiar som er spanande for dei minste...

Lyseblå hagemøblar med heimelaga pute...





Reint og ryddig!

Pust i bakken....

Vi håpar at jubilanten har kost seg like mykje som oss.
No slappar vi av med Grand Prix. Vi er så heldige at mamma har strøke ALLE budnadsskjortene til familien Nilsen/Mathisen/Hillestad. Phu. TUSEN TAKK.
Lykke til med feiringa av 17 mai folkens!
Klem F

tirsdag 12. mai 2009

Sumar og sol!

Jippi!!!!!! Jentene fekk IS av tante L, stor stas!!!!!!

Bromlebass tøffar seg... 

Vesle M plukkar løvetann og viser stolt fram den flotte buketten:) 




I dag har heile gjengen, to kusiner, onkel B og alle seks ungane samt bubbu vore på stranda og vassa, leita etter krabbe og nytt finveret.  Denne vesle tøtto syns det var rart med sand mellom tærne...




Denne tøffe karen måtte redda håven etter eit fall i elva. Helten:) 

Ikkje langt unna standarden i Puerto Rico dette her... 


Ha ei flott veke alle som er innom.

Klem Gunilla 

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!