Vi har hatt LANGHELG og styrt både ute og inne. Eg har lenge tenkt på å fikse rommer til prinsen litt, men eg har vore tom for idear. Det heile byrja med at vi ville male over gamle sjablongar. Marcus hadde bilar i friske fargar då vi flytta inn, men dei var ikkje heilt vellukka....synes mor... Så i helga malte vi over bilane med friske sirklar i tre ulike fargar!!
Vi har no sirklar i raud, grøn og lyse blå!

Samtidig satte eg i gang med å mala ein gammal pult Marcus har arva frå BESTO på Husnes. Den har blitt lys blå... Marcus har lenge hatt ynskje om ein skrivepult, og denne er så god som NY! Eg veit Besto hadde blitt KJEME glad om ho hadde visst kor GLAD prinsen var for denne gamle men super tøffe pulten!!!!!

Fiks ferdig...klar for lekser:)

Medan vi først var i gang flytta vi "mamma" si gamle seng ned fra gjesterommet...Den er 1 meter brei og rommar både prinsen og liggebesøket!

Slik såg rommet ut då vi var ferdige.... NY pult, STOR seng og FRISKE VEGGAR!!
Ha ei god veke folkens...
Klem FNM
5 kommentarer:
For ett bra resultat. Dere er så flinke. Jeg er innom for å kikke hver dag:). Inspirerende og artig at dere er tre om bloggen. Blir variert og spennende.
Det blei jo heilt knall F. Dåke må jo ha stått på i heile helga. Hjelpe meg. Eg har hatt nok med komlene og dagen derpå følelsen...hehe... Snakkast. Klem Gunilla
så flott rommet vart med litt "vaksnare" pynt til den store guten :)
skrivepulten vart skjønn i den nye fargen, og ekstra stas at den har tilhøyrt besto! kjempekoseleg blogg dåke har..eg er ofte innom og MÅ bli flinkare å leggja igjen ein kommentar!
Dette blei jo knallbra.Veldig kjekt når man kan nytta gamle møblar i ny drakt.
Hei! Rommet blei kjempe fint! Enkelt og stilig med det på veggen! Eg hadde også ein sånn pult når eg var liten. Men den havna på SIM for nokon år sidan. No angrar eg... Blei kjempe fin:)
Legg inn en kommentar