Idag har vi nytt det FLOTTE veret på vestlandet. Dagen har gått med til klesvask (det såg ut som eit vaskeri på terassen....:), sosialt samvær med gode naboar, mykje besøk og sist men ikkje minst MALERPROSJEKT! For litt sidan fann vi igjen ein søt liten gyngehest på loftet... Denne har vi mala ROSA!! Vi hadde rester av kvitmaling og raudmaling, så har vi blanda sjølv. Det er heilt utruleg kor spanande ungane synes det å mala med EKTA maling!! Gyngehesten fekk vi frå Åsta og Christian for 6 år sidan! Det var i gode gamle dagar då vi budde tett i tett.... Den er tatt inn i varmen igjen, og no er det kø etter å bruka han.



No er det tid for NORSKE TALENTER og kveldskos med dei små!
2 kommentarer:
Hesten blei kjempe søt! Eg har malt tre settebord i dag, ROSA! Då blir vesle mollemor kjempe glad når ho våkner. Broremann bryr seg ikkje så mykje om slike detaljar endo:). Ha ein fantastisk kveld. Gunilla
Blei jo skikklig flott den hesten, heilt utrulig kva litt maling gjere. Håpar dåke får ein flott dag i sola.
Legg inn en kommentar