Ein veldig spent gut ventar på bollane som han sjølv har vore med å laga... GØY!!!!
Tirsdag betyr fridag og kvalitetstid med småtrolla. Det er ikkje alltid dagen går heilt som planlagt. Ein fridag i veka kan virke som reine idyllen, men sanninga er jo egentleg at den i stor grad (spesielt når det er ruskete ver) handlar om matlaging, rydding, leik, vasking, rydding, kjefting, rydding, kos og rydding. Det aller besta er når sola skin og vi kan ta med oss maten ut på trappa:). Då er alt så mykje kjekkare!!!!
Uansett, tenkjer det er eit par husmødre som kjenner seg igjen i beskrivelsen.
Bollane hever seg i tallerkvarmeskuffa...langt ord. Det er altså berre ei skuff under dampovnen som er til å varme opp tallerkane. Aldri vore i bruk, men kanskje til jul...hehe....


Mmmm...endeleg!
Mykje spanande bløming i hagen. No er endeleg urtehagen min i rute, veldig kjekt! Det var litt utriveleg ver til å ta bileter av den i dag, men det kjem når sola viser seg igjen og frøa har skutt i veret.
Ungane elskar å leite etter makk i molda, i dag fann vi mange som vi bar opp i urtehagen! Kjempe stas med eit "seriøst" oppdrag for småtassane.
Spanande med gravemaskin på tunet. Den skal fjerna ein del murar, røtter, bassenget (laga i elvastein og må enten totalrenoverast eller fjernast), grave ut litt under altan og litt til.
Ha ei fin veke. Kjekt at du stakk innom.
Klem G
3 kommentarer:
Fy fasan kor hærlige bollar:)
Klem F
Ja dei bollane såg gode ut! nam nam...
Sikkert kjekt med gravamaskin i hagen! Vi har og ein liten ein som seier ååååy kvar gong han ser ein gravemaskin eller traktor;)
Så herlig innlegg Gunhild!
Og ja...jeg kjente meg veldig godt igjen i den beskrivelsen!! :)
Spennende prosjekt dere har i hagen...og herlighet så gode de bollene så ut!
PS: veldig kjekt å komme seg ut i jobb igjen.
Ha en fin helg!!
Klem M
Legg inn en kommentar