onsdag 29. september 2010

Tusen takk for alle bryllupsgåvene!




Vesleguten smakar på staudane...

5 - åringen kosar seg i haustsol! 


Eg ynskjer å takke alle dei kjekke venene, familien, og elles kjente og kjære for utruleg masse flotte gåver, gåvekort, pengar, blomar, m.m. 

TUSEN TAKK! 

Klem frå fru Hillestad og mann 

tirsdag 28. september 2010

AURORA vår!

Alltid sprudlande

Utruleg søt

Rungande god

Omsorgsfull

Rampete

Aktiv og sjarmerande

Den skjønne 6 åringen! 

Veslesøster sine tåsar! 

Eg syns nettopp du kom til verda, og i dag er du 6 år? Stor feiring i grendahuset saman med ein kjekk skulekamerat.

5-åringen i huset har hatt "the time of her life" i dag. Masse kjekke leikar, kaker, brus, pølsa, snille foreldre og SOLSKINN

Livet er ein lek for disse småtassane, ein fantastisk alder.

Tusen takk for ei fin feiring AURORA ++.

Klem frå oss i kråkeslottet

mandag 27. september 2010

Honningrista müsli

Her i heimen har skuleguten og eg lagt vår elsk på ein heimalaga frokostblanding. Knall god og eg innbiller meg at den er sunnare og! Har laga 5 ganger dei siste vekene så ein kan trygt sei denne har slått ann.

150 g store havregryn (ikkje lettkokte)
25 g skivede mandla
25 g hakka valnøtter
25 g knuste linfrø
25 g hakka pekannøtter
25 g blansjerte hasselnøtter (vil sei kok opp vatn, ha nøttene i ca 30 sek og over i kaldt. Eg gidde ikkje da..... bare hakka dei eg. Går veldig fint.......)
25 g gresskarfrøkjerner
25 g solsikkefrø
200 g honning
2 ss solsikkeolja

Bland alle tørre ingrediensene. Varm forsiktig opp honning og olja. Bland dette godt med dei tørre. Spre blandinga på eit bakepapir på steikeplata. Steik på 175 grader i 15 - 20 min. I min ovn må dei ha 20 min. Den skal vera djup gyllen, ikkje mørkebrun. La den kjølna på plata, virker klisete når du tar blandinga ut av ovnen men blir sprø når den blir kald. Ha over i lufttett beholder (Norges glas nyttar eg)

Før steiking


Her hos oss eter vi den med skumma kultur på !!!!
Sundt og godt!
Ha ei fin veka.
Klem V

torsdag 23. september 2010

Har du stilettsko? Vinn 10.000 kr.

TEST

Laurdag 9. oktober kan du vera med på ein konkurranse av dei sjeldne. Har du nokre gamle stiletthelar liggande på loftet? Hent dei fram og start øvinga...


Disse flotte damene med fleire arrangerar ein kreativ konkurranse, les meir her.




300 meter og kanskje 10.000 kr rikare? Fantastisk!


HEIA SPAR USKEDALEN OG IKKJE MINST ALLE DELTAKARANE SOM BLIR MED I KONKURRANSEN.


Klem frå søstrene sisters

onsdag 22. september 2010

Heldige Lotta!

- som har fått SÅÅÅ masse fint fra slekt, vener og elles kjende og kjære!

Det er ganske uvirkeleg at vesle Lotta nærmar seg 4 mnd. På mange måtar føles det som vi har hatt ho heile livet... Ho høyrer liksom til her hos oss.


TEST
Desse vimplane har Lotta fått som "velkomstgåve" frå mi gode venninne Heidi, som også er gudmamma for vesle Frøken Fryd.
Eg elskar vimplar av denne typen, og ingenting er så sjarmerande så heimelaga gåver...!
TEST


Tusen takk for mange kjekke gåver. Takkekort er ikkje så langt unna! Men som eg har nevnt tidligare er det vel ingenting som er så travelt som å ha fri...*fnis*
TEST
"Sånn går no dagan!"
TESTESTT
Ha ein fin fin veke folkens!
TEST
Stor klem Frøydis

lørdag 18. september 2010

Bakedag!

Det duftar godt i heile huset, vi har nemlig fått bakedilla. Etter frukost sette vi 3 store bolledeigar. I dette vestlandsveret kan det bli lange dagar innandørs, så vi er heilt nødt til å finna på noko for å sprite opp dagen...
Ungane er KJEMPE glade i å bake, og klarar å lage kanelbollar HEILT aleine. Dei kjevlar, smører, strør, kutter og fordeler i former..
TEST


LOTTA
BOLLAR

LOTTATEST
Den ynsgte prinsessa sitt i vippestolen sin og studerer alt som skjer rundt ho medan ho gnager på fingrane og suger på tommeltotten! SÅ SØT..Om eit år eller to er det sikkert deig og mjøl over heile kjøkkenet etter ei slik bakeøkt. *fnis*
TEST
God klem fra Frøydis

fredag 17. september 2010

Trufast familiebil til salgs!

No som fire har blitt til fem har vi bestemt oss for å invistere i ein større bil. ...
TEST
I 2007 kjøpte vi vår kjekke VW Passat Stasjonsvogn. Bilen har verkeleg gjort sin misjon og det er nesten litt vemodig å bytte den ut. Bilen har gått som ei klokke og alle servicer har blitt fulgt. Siste service utført i august 2010.
TEST
Kunne dette vore bilen for deg kan du kikka innom HER.
TEST
TEST
Ha ei nydeleg helg!
TEST
Klem Frøydis
TEST
(Sorry kjære bloggvenninner, eg berre måtte...ho ho ho ho. Har du ein 7 seter i salgs kan leggje igjen ein link i kommentarfeltet.)

onsdag 15. september 2010

Hageprosjekt...

I heile sumar har vi hatt utandørsprosjekt, og endeleg har hagen byrja å ta form!
TEST
Tidligere har vi hatt eit stykke mellom husa som berre har vore til irritasjon, eit skikkelig "rotihop". No har vi endeleg fått ein bein og fin plen. Stykket er mura inn med stein fra Ryfylket.
TEST
Haugland Maskin fra Uskedalen har laga murar og trapper for oss. Fantastisk flott arbeid!
TEST


Slik såg det ut etter første dagen!



Dei gamle ripsbuskane vart fjerna og plannering av plenen byrja!



Tunet såg rotete ut, og eit lastebillass av stein låg på vent...


Haugland Maskin har trylla fram tre flotte trapper og ein ny mur.
TEST

Slik såg det ut før vi sådde plen. Her kjem sandkasse og dissestativ! Eg håpar ungane får stor gleda av den utvida hagen. Fordelen er at vi har god kontroll frå terassen...Om eit lite år traskar nok vesle Lotta rundt med spade i handa medan vi grillar på terassen.....


Når første fasen var ferdig sette vi ivrig i gang med beleggningsstein utanfor inngangspartiet. Eit lokalt firma var ferdige med 220 m2 på ei veke. Kjempe kjekt!
TEST
Tunet ser no endeleg ryddig og reint ut.
TEST
No gjenstår ein del planting av stauder i fjellet rund huset. Ser for oss krypande stauder som trives i lite jord, og som veks utover fjellet. I morgon kjem "svigermor" fra øya. Ho har god peiling på staudar. Viss veret er på vår side plantar vi i til helga...

HAUSTKLEM fra Frøydis

tirsdag 14. september 2010

ei flott helg....

Stort sett går helgene litt i eitt. Det viktigaste er tross alt å ha kvalitetstid med familien. På laurdag inviterte tante Sigrid oss på heimelaga hjortegryte. Til dessert hadde vi riskrem med heimelaga syltetøy. Gjett om gjengen koste seg... Laurdagen vart avslutta med at dei tre eldste fekk overnatta hos tanto.... knas!
TEST
For nokre veker sidan fekk vi invitasjon fra Husnes kyrkja, alle 6 åringane var invitert til familiegudstjeneste for å hente 6-års bok..Dette hadde skulejento KJEMPE lyst til. Det er ikkje kvar dag vi er i kyrkja for å seia det slik:)
TESTTEST

TEST
Eg likte veldig godt dette bildet på veg til kyrkja. Fire spente ungar på veg til familiegudstjensete...Takka vera 4 pk SMURFE drops gjekk det veldig fint..... hehe.
TEST
Eg håpar dåke har ei hærlig veke i regnet!
TEST
Klem Frøydis

søndag 12. september 2010

Regn, regn og atter regn!!

Denne helga er det tradisjonen tru sauasanking!!! Men i år vart da ein svært våt fornøyelse. Men detta er kjekt. Ongane gler seg i lang tid til vi skal henta sauene heim frå fjellet.
Minien godtar å sitta i vogna viss ho får eta på kjeks.

Onkel og tante kom opp ein tur! Dei hadde med seg lavo og tente bål. Her vart da spidda pølse og vi kosa oss skikkelig.



Godt å varma fingrane!!!


Da var godt å få seg eit bad når vi kom heim. Eldsta jenta elsker kosedressen frå MeMini!! Dei ser bare kjempe deigie ut å tassa rundt i etter eit varmt bad!!!


Kvardagen har innhenta gamla kusina, og ho er byrja jobba igjen!
Ha ei fin veka!
Klem V

onsdag 8. september 2010

Heimelaga fiskegrateng!

I ein hektisk kvardag er det fort gjort å ty til Findus. Det blir ofte eit ork å laga alt fra botn av når ungane er svoltne og trøtte etter ein lang dag på skulen......men i persmisjonen har eg jo plenty med tid til å boltre meg på kjøkkenet, og mammas heimelaga fiskegrateng er norsk sikringskost på sitt aller beste.
TEST
Eg deler gjerne oppskrifta med dykk! TEST
TEST

Hakka lauk.
TEST


TEST
Du treng:
400 gr. torskefilet
3 egg
2,5 dl melk
1 dl vatn (gjerne kraft fra fisken)
2 dl makaroni
1 løk
1 ss smør
2 dl kveitemjøl
2 gulrøtter
50 gram ost
salt & pepper
AAAAAAA
Slik går du fram:
AAAA
Trekk fisken i lettsalta vatn.
Aus opp fisken og del i små terningar
AAAA
Kok makaroni til den er al dente og kjøl ned i kaldt vatn
EEE
Saus:
Surr den finhakka lauken i smøret, men pass på at det ikkje blir brunt. Når lauken er blank tilsettes mjølet. Rør til du har ei fin jevning. Ha i mjølk og kokekraft og rør til ein jevn saus. La sausen koke i ca 10 minutter til mjølsmaken forsvinn. Trekk kjelen av panna og pisk inn eggeplommene. Smak til med salt og pepper. (evt. muskat) Ha oppi kutta gulrøtter.
TEST
No skal alt blandast. Ha fisk og makaroni i ein stor bolle. Bland i sausen. Vend så i stivpiska eggekviter. Hell så blandinga i ei smurt ildfast form. På toppen kan du ha griljermel, ost og ein persilledusk!
TEST
Steikes i 30 min på ca 180 grader.
TEST
Serveres med kokte poteter, ein liten smørklatt og revne gulrøtter.
Dette er ei enkel oppskrift som fint kan gjerast klar kvelden før!
Lukka til folkens!
TEST
Frøydis

lørdag 4. september 2010

Lukkeleg gift og heime igjen!

No er vi heime i vakre Noreg igjen etter ein fantastisk bryllupstur til Spania. Vi sit igjen med eit hav av gode minner og mange tusen bileter.

Ingenting er som å vere på ferie med dei aller næraste, bu under samme tak, herlege felles måltid, småprating, friske diskusjonar (for dei kunnskapsrike), bading, soling, shopping, familiekos og litt til. Vi er utruleg heldige som har slik ein fantastisk familie, gode vener og snille ungar.

Kvar kveld har eit kokketeam på to diska opp dei herlegaste måltida, der den eine amatørkokken har kniva og overgått den andre. Kjekt og utruleg lærerikt og godt:)  Herlege rettar som spansk omelett, lammegryte, grillmat, fisk, paella, spanske kjøttbollar, wok, tapas, burritos, etc. har stått på menyen. Utover hausten skal eg leggja ut bileter og oppskrifter på rettane. Mmmm....

Om du vil ta ein kikk på nokre av bileta kan du klikke på denne linken bryllupsbileter og laste ned eit slideshow. 

Eg ynskjer å benytta anledningen til å takka alle dei fantastiske sjelene som har vore med oss på turen! 

Dette har vore to uforgløymlege veker, og no gledar vi oss hemningslaust til å motta filmen frå Mr. Tofte.

TUSEN TAKK! 

Klem frå familien Nilsen Hillestad





Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!