Her i heimen har skuleguten og eg lagt vår elsk på ein heimalaga frokostblanding. Knall god og eg innbiller meg at den er sunnare og! Har laga 5 ganger dei siste vekene så ein kan trygt sei denne har slått ann.

150 g store havregryn (ikkje lettkokte)
25 g skivede mandla
25 g hakka valnøtter
25 g knuste linfrø
25 g hakka pekannøtter
25 g blansjerte hasselnøtter (vil sei kok opp vatn, ha nøttene i ca 30 sek og over i kaldt. Eg gidde ikkje da..... bare hakka dei eg. Går veldig fint.......)
25 g gresskarfrøkjerner
25 g solsikkefrø
200 g honning
2 ss solsikkeolja

Bland alle tørre ingrediensene. Varm forsiktig opp honning og olja. Bland dette godt med dei tørre. Spre blandinga på eit bakepapir på steikeplata. Steik på 175 grader i 15 - 20 min. I min ovn må dei ha 20 min. Den skal vera djup gyllen, ikkje mørkebrun. La den kjølna på plata, virker klisete når du tar blandinga ut av ovnen men blir sprø når den blir kald. Ha over i lufttett beholder (Norges glas nyttar eg)

Før steiking

Her hos oss eter vi den med skumma kultur på !!!!
Sundt og godt!
Ha ei fin veka.
Klem V
2 kommentarer:
Mmm..Høyrtes knallgodt ut!
Fy søren det såg herleg ut! G
Legg inn en kommentar