mandag 31. mai 2010

Huset i skogen


Vi har byygd oss hus langd nede i skogen heilt for oss sjølve, enn så lenge iallefall. Hagen er viss vi snur godviljen til da ein kan kalla naturhagen..... endå. Vi går rundt og lurer litt på korleis vi skal ha da. Men vi må nok ha inn ein gravemaskin før vi kjem veldig langt.
Her ein dag tenkte eg at eg får no prøva at da skal sjå nokolunde ut rundt dørane og gjekk på med godt mot og planta i urner.
Prøver meg fram med ulike blomar. Syns mange er kjempe fine men er (endå) grusomt dårleg på kva ting heiter :-)







Da byrja renga før når eg planta og eg tenkte at då tar eg bilder i måro og legge ut..... Men mine kjekke naboar kom meg i forkjøpet. Hjorten!!! Han lika tydelegvis desse fine raude blomane som stod i denna krukka. Men har bare smaka på dei søte små gule. Blir nok mange sånne hos meg då.
Desse står på terrassen, der har eg ikkje sett hjort endå......

Ha ei fin veka. Håpa at alle dagane blir som i dag.
Klem V

søndag 30. mai 2010

To gode vener!





Endeleg sumartemperatur og badever for dei minste. Sidan bassenget frå i fjor endå ikkje er erstatta med eit nytt (det blei sjølvsagt hol i...)tok vi fram ugrasstampen.

Jepp du leste rett. Eg fekk ein stor og stilig ugrasstamp av Sandnestanto. Den har verkeleg vore nyttig. Ikkje berre har eg brukt den til å samle ugras, men i dag gjorde den nytte som badestamp. Tihi... Ungane hadde det toppers på altanen, medan sola steikte rundt oss.

HERLEG!

Ha ei fin veke.

Klem Gunilla

lørdag 29. mai 2010

Kyllingnuggets


God kveld.
Her kjem eit lite tips viss du har lyst på noko godt ein kveld. Heimalaga Kyllingnuggets. Eg syns det er så gøy å prøva noko nytt og desse var knall gode, men eg har vore på grilling hos mamma og pappa idag så eg orka ikkje så mange. Men tru meg dei skal lagast fleire ganger.
Del ein kylingfilet opp og mariner i surmjelk over natta.
Knus Ritz kjeks og tilsett krydder. Vend kyllingen i dette.
Steik i ovnen ved 200 grader i 20 - 30 min.
Server med salat og sweet chilli saus. Hmmmmmm
V


torsdag 27. mai 2010

Det glade 80-talet...

Eg har nyss sett gjennom ein del strikkaklè som prinsessa skal få. Tida er knapp, så no står kleda klare til levering... 

I ullkleda fann eg blandt anna to nydelege jakker. Det er hentesetta tante Grete strikka til oss medan vi låg på sjukehuset.

Dei er spesialdesigna og strikka i akkurat rette størrelsen (44 cm og 48 cm). Vi var for tidleg født og jakkene er dermed pitte små:). Skikkeleg søte!!!!

Merete og Nilsen tvillingane . Merete var favorittsøskenebarnet, som passa oss mykje som små og som alltid var utruleg snill og god med oss. Ingeborg(dottera) er akkurat samme "sorten" og ungane våre elskar ho! 

Pappa i kjent stil då vi var små. Han var alltid hest, og vi satt på ryggen! JUHU!

Dei snille besteforeldra våre. Vi er heldige som framleis har farmor iblandt oss:).

Søstrene snuse i den SUPERKULE tvillingvogna!

Folk snakkar alltid om kor mykje pakkar det er "no til dags". Det glade 80-tallet hadde (såvidt eg ser...*fnis* ) akkurat like mykje pakkar. Her ser du dei tre kusinene og bromlemann Per Helge. 

Søstrene Nilsen med farmor!

SMIIIIL!

Tussaluso onkel Per...tihi...

Den eldste av oss tre kusiner, samt Gunilla på fanget.  

Vår herlege mamma med gullungane på fanget:)

Her er vi med dei nydelege jakkene på oss, dei viser ikkje så godt på biletet. 


Kanskje kan prinsessa bruke denne jakka heim frå sjukehuset? Spesielt om temperaturen framleis blir litt låg. Eg er så spent på om det blir ei Mathisenjenta eller Nilsenjenta. Eg held ein knapp på sistnemde...tihi... 

Klem Gunilla

Phu...

Det er sjeldan eg lover ungane ting eg ikkje er HEILT bombesikker på, men i april LOVTE eg vår sprø prinsesse at ho kom til å mista si første melketann FØR ho vart storesøster..... I går kjende eg paniken kom snikande. Tanna har vore laus sidan mars, men ikkje SUPER laus heller. Eg bestemte meg for å ta saken i egne hender etter kveldsbadet. Då tanna så og sei hang etter ein tynn tråd tok sjefen sjølv tak i tanna og drog til!!
TEST
HIPP HURRA!
EIN STOOOR DAG FOR EI LITA SKULEJENTE
TEST

TEST
Etter at latterkrampen hadde lagt seg og gledeshyla var unnagjort kasta Aurora seg på telefonen til dei tre tantene... Det var i grunn ikkje så mykje lyd i ho, for tunga var konstant innom det nye holet i tanngarden.
TEST
Takk og pris for at tannfeen kom innom i løpet av natta. Det var nemlig bånn gass opp trappa klokka sju i dag tidleg...ein time før normalen.
TEST
Klem tannlege Mathisen

onsdag 26. mai 2010

Bordpynt, bordkort, og anna knask!

No ventar vi alle på ny baby i familien. Eg skvett litt kvar gong systo ringer, sidan eg har bakvakt...tihi... Eg føler eit stort ansvar no som mamma og pappa lever livets glade dagar i Kina. Eg veit jo at systo og team svigers har mange dei kan ringe til når det endeleg skjer. Sanninga er at eg blir kjempe snurten om ikkje telefonen kjem til MEG! Fniiis.Denne ventinga er så spanande at eg har ikkje ord. I tillegg blir det ekstra spesielt å få eit tantebarn no som eg har to skjønne gullungar sjølv. No kan eg vera meir bevvist på å gi ei hjelpande hand. Ser for meg trilleturar rundt bygda og ungar på liggebesøk. Herleg!!!!

I tillegg til å vente på ei lita prinsesse så planlegg vi bryllup på seinsumaren.  

Sjølv om det framleis er nokre månader til bryllup er det jo litt som skal planleggjast. Spesielt sidan bryllupet skal feirast i Spania. 

Bordkort, kyrkjeprogram, bordpynt, val av kyrkjesongar (eg er jo så heldig at eg skal gifta meg med ein "rockar" så songar i kyrkja skal vi ha),  kokk, servitør, ja i det heile.  

No har vi endeleg bestemt oss for kva sjanger vi skal ha til bords. Vi ser for oss rullesteinar, fine lyslykter, grønne friske blomar og søte bordkort/serviettar.

Vi jentene satsar på ein bytur om ikkje så altfor lenge, så kanskje vi kan gå til innkjøp av litt pynt då. 

biletet er funne på nettet.

GOD NATT FOLKENS. 

Klem frå Gunilla

tirsdag 25. mai 2010

Permisjon

No har eg allreie hatt permisjon i over ei veke. Dei første dagane hadde eg så mange planar at eg ikkje visste heilt kor eg skulle byrja! Loftet skulle ryddast, alle babykleda skulle vaskast, kjellarstova skulle klargjerast til gjesterom, utemøblane skulle malast, terassen skulle skurast til årets beising, vaskeromsinnreiinga skulle opp, alle soveromma skulle takast "skikkelig".... No er det viktigaste unnagjort.
TEST
Ja, eg har visst fått litt støv på hjernen. Eg kjenner eit sterkt behov for å ha det reint og ryddig i alle krokar! No høyres det sikkert ut som vi har det strøkent i heimen, men det er så og sei umulig med to små rundt meg...hihihi. Sjølv om eg har aldri så god tid så kjem rotet i takt med at eg ryddar! Idag kjente eg saknet etter å ta turen på jobb...fnis.
TEST


TEST
Vi kosar oss masse i denne ventetida. Formen er fin og ein har fortsatt ein del ugjorte prosjekt! Så får vi sjå kor lenge den minste prinsessa let venta på seg....kanskje kjem ho i natt, kanskje kjem ho om tre veker? Plutselig har vi nevane fulle og lite tid til å vera rastlause igjen....
TEST
Ha ei fin veke folkens.
TEST
Klem Frøydis

søndag 23. mai 2010

Leilighet til leige i vakre Kvinnherad


To flotte leilighetar til leige i Uskedalen sentrum, langtidsleige eller vekebasis (ferie).

Litt  informasjon om leilighetane finn du ved å trykke her (liten) og der (stor).

VELKOMEN TIL FERIEBYGDA USKEDALEN! 



torsdag 20. mai 2010

Har du ei pusedyne på lur?

For åtte år sidan var meg og mamsen på JYSK og handla diverse babysengkle til prinsen som var på veg. Mormor handla blant anna eit søtt sengesett som var av flanell. Det er super mjukt, gult, med masse småpusar på! Dette skulle bli prinsen sin storfavoritt. Heldigvis supplerte tante Åslaug og eine kusina med trekk nummer to av samme typen to året etterpå....
TEST
Etter åtte år med heftig kos er begge trekka berre to store filler. Prosedyren om kvelden er å bretta denne filla over puta og kose seg oppå pusane. No lurer eg på om det er nokon der ute som veit kor eg får tak i eit liknande trekk?
TESTTEST
TEST
Restane av pusedyna

TEST
Sjølv hadde eg ei pute som er ihjel kost. Den var eg så inderleg glad i, og mitt største mareritt var å miste denne skatten.... Guten byrjar å bli stor, så det er litt flaut å ha med seg denne filla på overnatting.....men eg tykkjer det er sjarmerande at ein så TØFF kar er så knytta til eit dynetrekk.
TEST
Ha ein kosleg kveld folkens! Eg vonar det er mange der ute som sjølv hadde ein bamse, klut, dukke eller liknande som var ein stor del av barndommen og tryggheten!
TEST
Klem F

tirsdag 18. mai 2010

Ventetid!

For ein start på fødselspermisjonen. Idag er eg lettare solbrent på nase og kinn. Fregnene poppar fram ei etter ei....heilt topp!

TEST

For første gang sidan prinsen byrja på skulen har eg tatt imot han etter skuletid. Guten var både sjokkert og lukkeleg på samme tid. *fnis* Det var sjølvsagt kjempe stas.... Vi har elles hatt ein "travel" dag med hagearbeid, hyttebygging, sykkeltur og vasking av kle. Ingenting er så travelt som å ha fri..hoho.



No er vi nesten i mål med vasking av alle babykleda. Eg har fått samla saman klær frå alle kantar. Både mosto og tante Tine har bidratt med små skattar som eg hugsar godt igjen. No gler vi oss til å ta dei i bruk atter ein gong....
TEST

test
Ha ei flott veke folkens!!
STOR Klem F

mandag 17. mai 2010

HIPP HIPP HURRA!

Dagen idag skriv seg inn i rekkene som ein FLOTT 17. mai. På skulen koste vi oss med pølser, is, kaker, brus og alt som elles kan freista! Ungane fløy frå aktivitet til aktivitet og sopa inn flotte premiar... Etter at dagen var omme på skulen fortsatte festen i Kråkeslotten. Mosto og onkel serverte eit måltid av dei sjeldne! HÆRLIG....
TEST

Bessen held tradisjonen tru og forsynte oss med heliumgass og ballongar! Det var kult å stå opp til stova full av ballongar...

TEST

Ein feststemt familie kan ikkje anna enn å kosa seg!

Kvelden fekk ein nydeleg avslutning då vi kom heim....På døra hang det eit gåvekort på heile 250,- kroner namna til prinsen i huset. Han hadde best resultat på HESTESKO KASTING i sin klasse...Gjett om det er mykje pengar for ein 8-åring. Han sprang bort til mormor og bessen, ringte mosto og sendte melding til pappa som er på jobb!


Stor gleda i livet for ein liten kar! ST

Håpar alle har kost seg idag! No skin sola over bygda, og mor i huset har sin første permisjonsdag i morgon...


Klem F

søndag 16. mai 2010

Ostekake, Heidi spesial!

Mi kake er endå ikkje pynta, biletet er lånt frå mollerens.no


I morgon er det 17. mai og familien Nilsen Hillestad gledar seg veldig...tihi... 

Litt mat er førebudd til i morgon, blandt anna ei ostekake.

Oppskrifta har eg fått frå ei super veninne og kan anbefalast alle på det varmaste.  

Ostekake Heidi spesial:

Kok opp 1 1/2 dl vatn og rør ut 1 pk gele (sitron, bringebær, you name it) KJØL NED.

Botn:

Knus ein pakke mariekjeks eller digestive og bland i ca. 150 gram smelta meierismør.  Ha det heile i ei kakeform (sett i kjøleskap)

Fyll: 

Pisk 3 dl fløyte + 1 1/2 dl sukker + 2 ts vaniljesukker. Rør deretter i 250 gram naturell ost (tine evt. philadelphia) + to boksar creme freche. Bland alt saman og tilsett til slutt gele.

Hell røra over kjeksbotn 0g sett det heile i kjøleskapet. 

Heidi brukar alltid sitrongele, det gjere kaka ekstra frisk og god.  Eg måtte nøye meg med bringebærgele i dag, og i tillegg måtte eg jukse med rømme istadenfor creme freche. Såvidt eg las på nettet skulle ikkje det ha noko betydning i denne samanheng.

Dette er ei kake du ikkje skal steike, ENKELT OG GODT!

GOD 17. MAI ALLE SAMAN.

Klem frå oss i kråkeslottet




mandag 10. mai 2010

YOU ROCK TANTE!


I vekesvis har desse prinsessene planlagt overnatting hos tante Sigrid...idag var endelig dagen kommen og jentene har vore SUPER gira og fulle av forventning! Det var stor stemning i bilen då dei sette nasene mot Husnes. Dette var ei rein jenteovernatting så det var ikkje snakk om at prinsane skulle vere med... Planen var klar: MAMMA MIA show, DS speling, kvelds med nugatti skive, hopping i senga og kos med tante.
TEST
Heldigvis er ikkje mosto er ikkje verre på det enn at den eldste prinsen fekk overnatte hos den yngste prinsen....så alle ungane var fornøgde.
TEST
Eg hugsar sjølv den gode følelsen det var å ha liggebesøk av kjekke søskenbarn. ... Då koste vi oss uendeleg mykje....
TESTTEST
Godt med snille, tålmodige tanter!!!
TEST


Stor Klem F

onsdag 5. mai 2010

Grillsesongen er starta!

Grillspyd spesial, Herr. Mathisen

Familien Nilsen, Mathisen og Hillestad er godt i gang med grillsesongen. Ingenting er som sol, sumar(snart ihvertfall) og herleg grillmat. 

Vi grilla etter jobb i dag, Herr. Mathisen var grillsjef. Det er utan unntak velukka.

Heia Team Svigers. 

Sumaren 2010 er fyrste året vi ikkje har masse planar om alt som skulle vore gjort. Dei store posjekta er unnagjort (hagen, utviding av altan, oppussing inne, etc.), og resten er berre kos. Altanen er utvida og endeleg kan vi ha ein grillfest med mange gjester.

PS: Eg meinar ikkje på nokon måte at vi er ferdige med "alt" som skulle vore gjort (no no no...). Dette må jo presiserast sidan mannen er i Amerika og kjem heim i morgon. Endeleg, no ventar vi alle tre. Lengselen har vore STOR!  

HA EIN FIN KVELD FOLKENS!


Biletet er funne på nettet og illustrerar meg akkurat no:)


Klem Gunilla

mandag 3. mai 2010

"Kanino og Kuo"

Her er bilde av "vetlebamsen" min. Den fekk av mi mormor når eg var baby. Den fulgte meg i tjukt og tynt når eg var lito jenta. Den har ei større søster men den har aldri vore så god som denna. "Vetlebamsen" er sydd av både meg og mamma.... de kan tenka dåke kven som har gjort finaste arbeid? Den har vore vaska maaaaaaange ganger. No sit den te stas på ei hylla ved sida av senga mi.
Jentene mine og har kvar sin bamse. Ei har ei ku og mini har ei kanin. Eldsta jento kunne gi frå seg mykje når minien skulle bli fød,t men ikkje kuo!!! Den er nesten hellig og blir krise viss nokon andre låner den. Eg har eit delt forhold te desse kosedyro, liker ikkje at dei blir så skitne og skal vera med i senga..... thi hi. Så her får dei seg med jamne mellomrom ein runde i maskinen og spreng tørka slik at dei er klare te kvelden

Ha ei fin veka!
Klemz V

søndag 2. mai 2010

Gratulera med dagen Borghild!



Vi håpar du har hatt ein SUPER DUPER minnerik dag på Stord.


Stor klem fra oss tre kusinene frå Herøysundet!

lørdag 1. mai 2010

Rørt av prinsen!

Er det ikkje fantastisk kor rørt ein kan bli av sine skjønne små? Når kvelden har komt og roen har senka seg får vi jo veldig god tid til å setja pris på alt vi har rundt oss. Det er ein god følelse å bretta dynene godt rundt ungane, gi dei eit kyss på kinnet og kviskra: "Mamma er så glad i deg!"

Etter legginga i kveld blei eg verande i underetasjen for å ta kle, rydda vaskerom og alt det vanlige. Då eg kom opp på kjøkkenet ein time seinare stod det ein STOR bukett med engkarse på kjøkkenbordet:) Store prinsen har funne vase og vatn heilt sjølv, og på toppen av det heile hadde han dandert oppsatsen med eit rødt jordbær i midten...*fnis* Utrulig snilt, veldig kreativt og kjempe stas for mammo.






Engkarsen minnar meg veldig om mi eiga mormor. Vi plukka flittig bukettar til mormor, og ho satte veldig stor pris på det:) Verdas finaste ugrass som ho sa det så godt! Det er jo stas at mine eigne har arva denne lysta etter å plukka ugrass....verdas finaste ugrass vel å merka!

Ha ein fin søndag!

Klem Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!