Etter legginga i kveld blei eg verande i underetasjen for å ta kle, rydda vaskerom og alt det vanlige. Då eg kom opp på kjøkkenet ein time seinare stod det ein STOR bukett med engkarse på kjøkkenbordet:) Store prinsen har funne vase og vatn heilt sjølv, og på toppen av det heile hadde han dandert oppsatsen med eit rødt jordbær i midten...*fnis* Utrulig snilt, veldig kreativt og kjempe stas for mammo.


Engkarsen minnar meg veldig om mi eiga mormor. Vi plukka flittig bukettar til mormor, og ho satte veldig stor pris på det:) Verdas finaste ugrass som ho sa det så godt! Det er jo stas at mine eigne har arva denne lysta etter å plukka ugrass....verdas finaste ugrass vel å merka!
Ha ein fin søndag!
Klem Frøydis
2 kommentarer:
Åhh eg huskar så godt at eg synes engkarse var verdens finaste blom, og i ein skråning voks det mengder av den. Eg huskar og den nedturen når eg skjønnte at engkarse var ugras noken år seinare...kunne ikkje forstå at verdens finaste blome var ugras i andre sine auger. :(
Kjempe søtt. Så skjønn liten kar. Klem mosto
Legg inn en kommentar