fredag 30. april 2010

trallallalla...bryllupsforbredelsar

Til tross for at vi har god tid til Spania bryllup er det jo alltid ein god del ting som skal ordnast.

Sidan vi har vore saman i eit lite tiår har vi bestemt oss for å reise vekk med næraste familie, forlovarar og alle ungane for å markera "the happening". I tillegg har vi lyst på ein vennefest her heime, kanskje saman med deg sista? Det hadde vore knallkjekt.  

Prest, frisør, fotograf, lokaler (hagebryllup utanfor villaen vi bur i), kyrkje, bil, kjole og dress er i boks. Kjolen kjøpte eg av ei kjekk lukkeleg gift jenta frå samme kommune. Heilt topp!  

Eg kom over denne skjønne barnekjolen på cubus. Eg har sikra meg to kjolar til dei styrste jentene, men sidan størrelsane ikkje gjekk så langt ned (som dei to minste brurepikene) må vi fortsetja jakta. Det er jo halve gøyen! he he... 

Denne søte knaggen fekk mollemor frå eit vennepar i byn då ho var nyfødt, kjempe søt!

Romantisk og søt!



LOVE IS IN THE AIR! 

Klem Gunilla 



torsdag 29. april 2010

Hipp hipp hurra

Denna veka har vi den store bursdagsveka. 3 års dag på søndag og 6 årsdag i dag!! Vi har vore spente i fleire veker...... Og truslane har vore mange om "at du får ikkje komma i bursdagen min.....!!!"

Tema for guta bursdagen var fotball.



Denna guten blei 6 år i dag, og mammo syns da er rart at vetleguten er skulegut til hausten.


Denna vetla muso blei 3 år på søndag og har gled seg utrulig!!!!!!
Ha ei fin veka!
Klems V

tirsdag 27. april 2010

Puss puss så får du en suss!

Eg hugsar godt kor nøgne mamma og pappa var med tannpussen då vi var små. Dette prøver vi etter beste evne å føre vidare.

Vi har byrja med ein artig leik:
Her i huset får ungane no velge om "mormor" eller "bessen" skal pusse tenna. Kvar dag vel dei å starte med "bessen" sin forsiktige puss der tannkosten såvidt toucher borti tennene... Hans særpreg var roleg tempo med mjuke overgangar fra innsida til utsida....mens tenna sakte men sikkert blir reine og kvite. Når denne behaglege runden har foregått nokre minutt er ungane ivrige etter å komma igang med mormors spesial! Då speeder tannpussen kraftig opp alle tenna har fått seg ei overhaling i eit forykande tempo medan tannkremen sprutar rundt i fjeset! hihi (lettare overdreve sjølvsagt!)

Ungane skrattler og tenna blir reinare enn nokon gong! *fnis*
TESTTEST

TESTTEST
"Puss, puss så får du en suss, puss så får du en suss. Hver eneste tann med børste og vann. Puss så får du en suss!"

Det er godt når slike gode minner plutselig dukkar opp. Eg undrar meg om mine kjekke søsken opplevde tannpussen på samme måten?

Ha ein flott kveld folkens!
TEST
Klem Frøydis

mandag 26. april 2010

I`m lovin it!

Det absolutt kjekkaste gjenstår på det "nya" soverommet vårt; innreiing og innflytting.

Eg er på jakt etter ein behageleg soveromslampe, og nokre fine liftgardiner.
Så har du tips så blir eg kjempe glad for dette. Har høyrt rykte om at eg skulle vore ein tur til tante Tine og tante Sissel for ein liten kikk?!??  

Litt før og etter bileter finn du under: 


Veggane er malt med fargen "kvit" og golvet er olja (som også er tilsatt kalk)

Natt og dag med maling og trekvitt. Vi skal få det koseleg oppe når alle romma er ferdige, sånn utpå sumaren ein gong?!? 

Den flinke maskeringsmannen min...det er han VELDIG god på!

Før malarkosten var tatt i bruk såg rommet slik ut, ikkje heilt etter min smak:)


Ha ein fin veke alle saman.

Klem Gunilla 

lørdag 24. april 2010

Hagesenter og vårstemning...

Til tross for snø langt nedover snøsidene er vi definitivt i vårstemning. I solkroken treng vi strengt tatt ikkje jakke på ein gong:). 

I dag har vi vore på hagesenteret i Rosendal, skikkeleg opptur! Der kjøpte vi diverse som trollhassel, jordbærplanter, jord, clematis, tusenfryd, hagehanskar, chiliplanter, blåbærplanter, m.m. 

Trollhassel, biletet er funne på nettet.


Tante Frøydis tok med seg heimelaga skillings/skulebollar til Rosendal, og det passa heilt perfekt for sultne magar. Mmmm.... 

Både liten og stor kosa seg.

Satsar på litt bileter frå hagen etterkvart.  Litt bloggtørke på meg for tida, brukar mykje tid ute og minst mogleg tid på data etter arbeidstid. Sumaren nærmar seg. HERLEG! 

Klem Gunilla ♥

onsdag 21. april 2010

Langhelg i "Paris"

Den berømte askeskya fekk stoppa turen vår til Paris, og med 6 veker til termin blir det ei stund til den muligheten byr seg igjen....fnis. Men vi har STORKOST oss med shopping, kafebesøk, museum, kino og besøk hos vener og familie. Tante Sigrid har tatt seg av ungane seint og tidleg 4 dagar til endes, samt diska opp med hotellfrukost kvar einaste dag. Det har vore heilt hærleg.


Ein av måla denne turen var barnevogn. Vi har kikka i utallige butikkar, men kjem ikkje heilt til enighet. Mannen er veldig begeistra for STOKKE vogna. Ingen tvil om at denne er tøff, men eg er meir skeptisk med tanke på omgivelsar.... Nokon som har erfaring med denne vogna? Eller andre anbefalingar. Eg er opptatt av komfort og kvalitet:)


Sidan vi måtte skippa Louvre fekk vi snike inn ein tur på museum i Stavanger. Det likte ungane kjempe godt. (Det trur eg dei må ha arva etter pappen...)



Som alternativ til Mona Lisa fekk vi sjå fleire flotte kunstverk av Mia Wiedenmann. Med mormor som moralsk støtte fekk ho produsert kjempe flotte maleri.


To gode venninner poserer for fotografen.

Medan ungane gjekk på kino med tanto gjekk vi på RENAA RESTAURANT OG MATBAR. Det var heilt topp!
TEST
Takk for at du kikkar innom bloggen vår. Ha ei fin veke og kos dåke i solskinnet.
Klem Frøydis

fredag 16. april 2010

19. juni


Detta er eit påminningsinnlegg til familen! Vi minner om "avtalen" vi har om å møtast i Hagen 19. juni. Innkallingane og arbeidsoppgåvene vil komma i byrjinga av mai.



Vi håpe at alle kan og at solo kjem innom. Tenkte å senda ei innkalling til ho og :-)















Vi satse og på at kvelden blir lika kjekk som sist!!!!
Ha ei fin helg
Klem V

tirsdag 13. april 2010

Hurra for onkel Anders!

Idag har vi feira onkel Anders sin 21 års dag i Kråkeslottet. Gunilla hadde laga heimelaga lasagne med deilig tilbehør, samt muffins av aller beste sort! Veret ute var fantastisk og vi koste oss i hagen med alt fra hyttebygging til fotballkamp.


TEST
Pompel og Pilt!
TEST
TEST
Hipp hurra for onkel!
TEST

TEST
Tuppen og Lillemor!

Tusen takk for oss!

Klem Frøydis, Marcus & Aurora

søndag 11. april 2010

O skjønne vestland!

Jammen har vi hatt ei FANTASTISK helg på vestlandet. Laurdagen byrja med fotball-cup for begge våre håpefulle. Det var spanande og kjekt. Dei har gleda seg i mange veker til denne cupen. Ungane har så snille tanter og søskenbarn og tribunen var full av kjentsfolk! Det er jo ekstra stas. Storebror storspelte medan prinsessa var meir opptatt av å visa medspelarane den lause tanna si:) hihi. Ganske useriøst å vera 5 år på sin første cup med andre ord:)



Ellers så har begge ungane vore på liggebesøk hos sine gode vener. Det var jo uvant for meg og husbonden. Vi sov frampå, hadde sein frukost og god tid til å nyta kaffien før vi sette oss i solveggen... Deilig.

Grilling på terassen er heilt topp!

I ettermiddag har vi hatt naboane på grilling. Det er alltid kosleg å samla gjengen. Dei hadde med seg ATV og det var jo kjempe knas for gutane i familien. Eg er usikker på kven som koste seg mest?? hohoho.

Eg håpar dåke har hatt ei nydeleg helg. Det er deilig å tusla rundt i hagen iført sommarkle og småsko medan vi høyrer duren av ungane som hoppar på trampoline, spelar fotball, luftar kanina og kosar seg.

Stor klem Frydis

torsdag 8. april 2010

Slørjakt!

Eg er i Bergen på kurs i jobbsamanheng og har dermed muligheten til å gjere litt ærend på ettermiddagane. Det passar meg midt i blinken no som vi skal gifta oss. Eg har kjøpt brukt brudekjole og er kjempe nøgd (tusen takk til Hanna med den gode smaken)!!!! No manglar siste rest som slør og sko, så er er veldig nøgd. 

I tillegg skal jo brudepikene/svenn(ane) ha kleder. Sidan vi giftar oss i varmen må det bli noko som er komfortabelt i 30 grader +. Eg har sett for meg at jentene skal ha heilt enkle kjolar (kanskje lin?) med fin hårpynt og slør til Molle og Aurora. 

Kjenner eg jentene rett kunne dei nok tenkt seg noko som liknar på biletet under? Tihi... 

Biletet er lånt frå ei nettside, håpar det går bra... Dei sel det forøvrig på www.sprell.no 89,- pr stk


Viss du har tips til kjekke nettsider i anledning bryllup (bordkort, pynt, idear, etc.), så kom med dei. Det er berre kjekt! 

HA EIN FIN DAG.

Klem G

onsdag 7. april 2010

Benk

I påsken har den kjempe snille vetlebroren min hjelpt meg og få opp ein etterlengta benk i gangen. Benken e bygd og tilpassa av ulike Ikeamodular. No gjennstår da bare å få lys i lampen, og nokon tøffe puter så vil da bli bra!







Kva sida trur du lampen bør stå på? Eg trur da kanskje bli finast med blomen, men av sikkerhetshensyn blir den nok med veggen :-). Tre små under skulealder er nok faren stor for at den havnar i golvet ein gang og tre.....

TUUUUUUUUUUUUSEN TAKK FOR HJELPO PELLE.
Ha ein fin onsdagskveld.
V

søndag 4. april 2010

VÅR


Her ein dag var vi hos onkel B og plukka masse snøklokker til mormor. Endelig er våren her!!!



Sjå alle snøklokkene. Huska når vi kom frå skulen og plukka store bukketar til mormor og bestefar, mamma og pappa og alle tantene!!!!



Eg og vetleguten min var ute og planta påskablomar utfor døro her tidlegare i veka, da sludda og blås... Då mista vi nesten truo på at da skulle bli vår i påsken, men heldisvis ser da ut som våren endelig er er.......



Morgonstund har gull i munn, og her har vi vore på beino i øve 2 tima. Minstajento er alt lagt på sin fyste lur;-)

Ha ein fin søndag!

Klems V

lørdag 3. april 2010

Påskekos fra ende til annen!

Gjett om vi blir godt ivaretatt her på hytta! Det er ein draum å tilbringe påsken saman med mormor, bessen og tante og onkel fra Fitjar! Kvar morgon vakner vi opp av bessen sine steg. Han diskar opp med pannekaker, nysteikt brød, potetkaker og nytrekt kaffi!

Idag kom endeleg påskeveret for fullt.
No sitt vi på terassen og kjenner sola steiker i kinna:) Tihi!!!


Livet er herlig!



Vi har kost oss med med hekling, strikking, skitrekk, aking, soling og god mat i mange dagar...



Marcus prøver seg på snowboard!



Mormor har laga sitjeplass utandørs!


Ein liten pust i bakken...





Mormor og bessen i solveggen!

God påske folkens!

Klem fra F

Min bloggliste

  • syk pode.. - Poden har astma, og vanligvis plager det han ikke nevneverdig. Men når han blir syk, blir han fort veldig dårlig. Han har allerede vært på sykehuset et pa...
    for 8 timer siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for én uke siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 4 måneder siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 måneder siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for ett år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for ett år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for ett år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 2 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 2 år siden
  • -
    for 2 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 3 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjente...
    for 4 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 4 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 5 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 5 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!