søndag 27. september 2009

Puff daddy!

Er du amatør innan strikking kan eg på det sterkaste anbefala å strikka ein puff av denne typen:) Denne var strikka på 1 veke. Då koste eg meg framfor TV om kveldane. Oppskrift finn du HER.






Lukka til og ha ei god veke folkens.


Klem Frøydis




lørdag 26. september 2009

HIPP HIPP HURRA!

Dagen i dag starta med to sett barneføtter som kom springane før fuglane feis.. tihi. Bursdagsgåva låg sjølvsagt klar i stova, før vi rakk å komma etter høyrte vi eit GLEDESHYL frå overetasjen! Bursdagsbarnet kom var VELDIG nøgd med den rosa DS'en som tante Sigrid hadde fiksa...




Youghurt kake er ein sann suksess: ikkje ei skei igjen av denne godbiten. Den kule forma fekk Marcus til bursdagen av fam. Skåle/Skarveland. Nøytral form som passar til begge kjønn. Du finn dei blant anna på Jernia.
OPPSKRIFT PÅ
YOUGHURT KAKE:
(Oppskrifta har eg fått hos Vibeke....den har redda dei siste bursdagane)
1 pk gele
(Blandes og haes i botn av forma. Skal jo snuast)
Dette må stivna før du tar oppå neste lag.
Lag nr. 2
1 pk. gele (blandes med halvparten av vatnmengd)
1 pk fløyte (piska)
1 x 4 pk bringebær youghurt
(desse punkta blandes og fylles over den stivna geleen.)
Når alt dette har stivna sett du forma i vannbad ca 30 sek. Då løsnar figuren og alt kan snuat over på eit anna fat!


Ellers så vil vi takka alle som har bidratt til å gi Aurora ein FANTASTISK dag! Vi har kost oss alle saman.
Klem Frøydis

fredag 25. september 2009

Baby

Verdens beste mormor (bubu) har strikka detaa nydeliga hentesettet med teppe til babyen som forhåpentlegvis snart har tenkt å komma!!!!! Det er to små som venter spent og ei mamma så byrja bli passe lei!!!


Ha ei fin helg.
V

onsdag 23. september 2009

Ovn



Etter å ha hatt ovnen i diverse deler utover stova i to månader, kom den endelig på plass i dag!!! No fyrer vi og brannanlegget går.........

Da er noko eget med vedovn og fyring!!!!

V

mandag 21. september 2009

Det står ein friar uti garden...





Denne flotte blomen med pyntedetaljar fekk vi av mi gode veninne (forlovar) gjennom store delar av livet.

Denne fekk vi i anledning "giftarmål". Til våren skal vi gifta oss, og det gledar vi oss stort til!!! 

Tusen takk for blomen familien Vimme Olsen, dåke er altfor snille! 

Klem frå Fru Hillestad 

søndag 20. september 2009

Hyttetur er balsam for sjela..

Endeleg har hausten komt. Fjellet er på sitt flottaste før snøen igjen dekker alle skjulte skattar. Denne helga har vi verkeleg lada batteria igjen.. Tur o skog og mark og ca 170 rundar med YATZY... Vi har kost oss med masse deilig mat. På menyen har vi hatt kamskjell, scampi, pizza etc.



Min hærlege familie.



Mykje myr i området krever bruer for å halde seg tørr på beina. Dette var stor stas for ungane.

Vatn og fjell i flott harmoni.

Vi såg mange augestikkarar på turen. Denne var meir eller mindre "tam", eller daud om du vil..
Ha ei flott veke folkens.
Klem Frøydis

fredag 18. september 2009

Mi vogga.........

Denne vogga laga min besse te meg når eg vart 2 år!! No når mi gullejenta vart to i vår pussa mamma opp vogga og beisa den, sydde nye sengkle.
Oppi vogga sit no min Vetlebamse. Den fekk fekk eg når eg vart fødd av mi mormor. Den er sydd fleire ganger, og eigentleg totalt utsleten, men er no blitt fast inventar i armkroken te gullajento mi. Da er godt for eg har ikkje hjarta te i kasta den!!!!!

God helg folkens
V

søndag 13. september 2009

Go onkel Anders!

Ting skjer i kjellaren og tru det eller ei så nærmer vi oss ferdige "down under".

No er stort sett alt malt ferdig og det gjenstår flising på kjøkken, sparkling/maling av gibstak og maling av kjøkkenfrontar på kjøkken. Er vi VELDIG optimistiske så er vesle broremann i hus over helga. MEN, då er vi veldig optimistiske.

Er vi realistiske så er han i hus neste onsdag:). Håpar det, hadde vore kjekt å fått onkel på plass. Ungane gledar seg, og det gjere naturlegvis vi òg. Disse bileta er tatt for over ei veke sidan, og mykje er blitt gjort sidan dette. 


Veggane er malt i fargen "refleksjon" og karmane er kvite. Vi er framleis i heftig diskusjon om golvet skal pussast og kvitoljast eller om det skal malast i ein lys grå farge?!!?????

Så no kan du kjære bloggar/gjest få vera med å bestemme. Ville du malt golvet lyst, eller pussa det og oljebehandla det? Legg igjen ein kommentar så kan eg telje opp i morgon kveld... Håpar på å få eit par kommentarar om ikkje meir...fniiis. 

Glasbyggestein ved sida av inngangsdøra. Kjempe stilig!!!! 

Soverommet er stort sett ferdig, og blei lyst og luftig. 

HA EI FIN VEKE.

Klem Gunilla 

Ut på tur aldri tur!










I helga har vi gått naturstien atmed huset. Denne stien gjekk vi alltid når vi var små. Med niste i sekken og kakao på termosen benka vi oss til midt i løypa... No er desverre benken vekke, men dei kjekke bruene er framleis like fine. Denne løypa kan vere unnagjort på 7 minutt, men med 4 små som klatrar, balanserer, hopper og syng så kan den vare i timesvis:)
Ha ei hærleg veke folkens!


lørdag 12. september 2009

Operasjon sandkasse.



Forrige laurdag var vi masse ute for sola glimta til nokre timar og energinivået steig vesentleg. Etter utviding av terassen har vi ein haug med terassebord til overs (det skuldast at mor i huset (les: eg) skulle måle opp og beregne kor mykje vi trengte. Eg tok det raskt i hovudet utan målbånd og nærare kontrollmåling, brukte den gode magefølelsen...hahaha. Det resulterte naturlegvis i ca. 15 kvm for mykje. Hugsar det var så surt ver ute den dagen at eg stod til og med inne og tok beslutninga...) Eg har bestemt meg for å gjere det beste utav skivebommen og har no laga sandkasse til ungane og  benk som vi skal ha i yttergangen vår. Benken kan eg vise seinare, då den skal malast og litt sånt. Den har mål som passar fint i forhold til korger 30x30, på ikea.

Eg har jo ein hemmeleg draum om å vere snikker, så endeleg får eg utfolda meg litt på hobbybabis. Kva er vel betre enn det? Tenk for eit kreativt yrke det er å vere snikker?!!? Om du har anledning til å utfolda deg litt. Aldri for seint, men trur eg skal halde meg innanfor huset`s fire veggar.

No gjenstår berre eit par strøk med beis (slik som huset), duk i botn og masse gøy sand! Håpar sandkassen blir til glede for store og små. Eg ha sjølv mange gode minner etter leik i sandkasse som liten. 

HA EI GOD HELG.

Klem snikkaren

Gunilla  

torsdag 10. september 2009

Tann i manko...

Gjett om det var jubel i taket. Skuleguten har endeleg mista si første fortann. Vi har hatt ein travel kveld med rikking av tanna.





Veslesyster inspiserer fortanna til Marcus. I følgje ho sjølv er det "rett før" ho og mistar ei tann nede...? No ligg tanna i vant, og etter tips frå denne bloggen skreiv Marcus brev til tannfeen.

SITAT:
Hei tannfeen!
Etter at du har sett tanna mi har eg lyst til å legge den i tannglasset.
Klem Marcus...
Med dette håpar han på nokre kroner samtidig som at han får behalde tanna si... Eg kan informere om at tannfeen no har vore innom med EURO til haustferien.... tihi. Veslesyster Aurora var bekymra for at tannfeen ikkje kom seg inn i natt.. Marcus kunne då informere ho om at tannfeen var magisk og kom seg inn uansett om dørene var låst..
Klem Frøydis

onsdag 9. september 2009

Heimelaga juice...


Det er ikkje akkurat appelsin sesong, men uansett er juicen betre enn den du får kjøpt i butikken....Mmmm.


Mannen er glad i duppeditter og ynskte seg ein EVA SOLO appelsinpressar til jul.. Det er eg glad for:)

Meg og prinsen pressa 1-2 kg appelsiner... Heimelaga juice med isbitar. Knall godt.

Ha ein strålande dag. Hugs nok C vitamin...hahaha

Klem F

tirsdag 8. september 2009

Kjem tannfeen i natt?



Jammen er det rart at vår kjære skulegut snart er tannlaus. Dei søte små mjølketennene dett ut ei etter ei... Ganske rørande faktisk. Han har stor tru på at tannfeen er raus når det gjeld fortenna. Dei er jo ifølje han sjølv mykje verdt sidan dei er så store...
Tannfeen

søndag 6. september 2009

Før og etter bilete.

Sim sallabim...HAHA....sjå nedover; 

Før såg huset slik ut, langt unna noko vi sjølv hadde bygd. Vi har gjort ein del store endringar med fasaden og syns det har gitt gode resultat. 

Vi har bytta rekkverk på heile huset, to små balkongar i 3.etasje, stor altan 2. etasje, samt inngongspartiet til vaskerommet i 1. etasje. Disse små detaljane har gjort underverket spør du meg. Det gamle og tunge utrykket er vekke, HELDIGVIS. 

Inngongspartiet mot vaskerommet, litt maling gjenstår men det er kun detaljar! 


Litt av utsikten frå balkongen. Heile Hardangerfjorden rett utanfor. 


Huset i front, ein del rot rundt huset men det skal vekk så snart kjellarleiligheten er ferdig. Kanskje neste veka onkel Anders?!!??? Blir kjempe flott resultat. 


Huset frå sida, heilt noko anna:). 


Vi er godt nøgde med rekkverket, brukt lekter overalt. Alt skal beisast nokre strøk til, men elles så nærmar det seg eit ferdig resultat. Så min kjære mann har mykje godt arbeid framfor seg. Her i huset er eg mest engasjert innandørs og mannen utandørs. 

Denne flotte blomsterpotta fekk eg av ein god kollega for mange veker sidan. Det er større og finare enn nokon gong. Masse fine rosa blomar, men på dette biletet er det potta eg fokuserar på. Syns den er så søt.  

Ha ein fin veke alle saman.

G

Ingen september uten.......

sauasanking for oss!!!! Fysre helga i september ber da te fjells på jakt etter dei kjære sauene te bestefar. Her er svartesauen funnen og komme ilag med resten av bestefar sine sauer. Da spørs kor mykje hjelpda var i meg med tre veker te termin?!?!?!

Vetlajento vil dela rundstykket sitt med sauene.........

Vetleguten er blitt stor og hjelper te med å få dyra inn til deling.
Ha ein fin dag.
V



Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!