torsdag 27. august 2009

Strikkedilla....

....hos kusinene? Detta vart litt "løye" for eg tok bildeta i går men kom ikkje så langt at eg la dei ut. Du kom meg i forkjøpet med ditt strikkeinnlegg F!!



Eg har nett strikka nytt barnehagesett te gulleguten. Tenk sista året i barnehagen, neste år er da skulegut, og då vil han nok ikkje ha mammo sine strikkasett.

Neste prosjekt er babyteppet te minsten som snart kjem. Viss da blir ferdig.

Eg har eit tips te sida å sjå masse gratis mønster og mulighet for å kjøpa masse ulike garn typar http://www.garnstudio.com/. Har funne eit babyteppe der og. Tinga garn, betalte på måndag og onsdag låg garnet i postkassen. Kjapt levert!! No må vi bare få garnet inn te mormor som skal strikka!!!!


V

onsdag 26. august 2009

PUFF DADDY

Eg kom over ei FANTASTISK side som eg gjerne vil dele med dåke som er innom bloggen vår. Mitt neste strikkeprosjekt vart eg tipsa om på denne sida, og garn er allereie bestilt!




Lag en strikka puff!

Denne er skikkelig enkel å lage, god for beina og populær hos minstemann.
Materialer:
Eskimo, 18 nøster. Bruk GJERNE akrylgarn eller bomullsgarn i stedet, da det nok vil se bedre ut etter en del bruk.Pinner 15 mm2 dundyner. Vi brukte Jysk sine aller billigste dundyner til 129,-
Slik gjør du det:Legg opp 35 masker med tre tråder eskimogarn på pinne # 15.Strikk rillestrikk (altså kun rette masker) til du har nok garn igjen til å felle og til å sy sammen puffen.Fell løst av.Sy sammen kortsidene så pent du kan.Sy sammen langsidene. Her gjelder det virkelig å snurpe. Vi syntes det var lettest hvis du først trer nåla gjennom annenhver rille bortover og så snurper. Deretter gjør du det samme på de rillene du enda ikke har snurpet. Snurper du alle rillene i en jafs, er det vanskelig å få det til og bli helt tett.Når du har tettet en langside kan du fylle puffen.For at den strikka puffen skal bli jevn og fin og lett å forme senere anbefaler vi å brette dyne nummer en sammen til en slags ball som du legger inn i dyne nummer to. Brett dyne nummer to rundt den først dynen så jevnt du kan.Putt dynene inn i puffen.Snurp på samme måte som før.

Årets julegåve?

Bilder og oppskrift er henta på www.pickles.no sine sider.

TUSEN TAKK for gratis oppskrift. No tenkjer eg at Heidi, Sigrid, Vibeke etc vart gira??? ti hi... Fram med strikkepinnane jenter:)

Har du tips til andre sider? Ver gild å legg att ein kommentar til kusinene..

Klem F

lørdag 22. august 2009

Dagens fangst!

Vi vil benytta sjansen til å takka vår SUPER rause og snille onkel for at han deler på godsakene i hagen sin. Kvar einaste haust sidan tidleg på 80-tallet har vi hatt fri forsyning i frukthagen.

Eg hugsar godt då vi var mindre, vi stod på vakt i tilfelle nokon frå byggefeltet skulle våga seg over brua....Då stod trekløveret klar med hammar, sag og rotne epler...







Stor klem frå takknemmlege gnagarar.....

torsdag 20. august 2009

Barnekunst!

Tidligare i sommar malte ungane kvart sitt lerret på 50x70 cm. Utan påvirkning frå mor fekk dei mala akkurat det dei hadde lyst til. Marcus laga eit pokemon monster og Aurora laga ei prinsesse. Det gjenspeglar godt kva som opptar ein 7 åring og ein 5 åring!







No pryder kunsten veggen i gangen nede. Friske fine fargar. Made by the Nilsen Mathisen kids...Tihi *stolt*

God helg folkens!
Klem F

mandag 17. august 2009

Ekstrem oppussing.

I kjellaren skal vi no pussa opp den eine leiligheten slik at vesle broremann (på tjue år)kan flytta inn til oss.
Det gledar vi oss til, men forutsetningen for alle er at det blir isolert mellom etasjane og overflate behandla. Det er veldig lytt og best for alle partar å isolere:).

Leiligheten består av eit lite kjøkken, ei koseleg stove med to store vindu og ein liten koseleg vedovn, eit soverom, bad og eit lite kott.










Denne veka skal vi i gang med isolering og maling, så eg håpar det blir stor forandring.
Forhåpentligvis får vi malt kjøkkenfrontane i tillegg.
Har tenkt å ha ein farge som heiter refleksjon på veggane, og kvite karmar, dører, tak og kjøkkenfrontar. Golvet skal berre vere ubehandla furu enn så lenge.
Det må "herda" ei stund om vi oljer det. Trur ikkje vi har tid til det i denne omgang.
Dersom du har kreative tips om fargevalg i ein leilighet med panel på alle veggar så blir vi VELDIG glad for tips og råd. Trenger ikkje alltid vere så vanleg.
Ha ei fin veke.
Gunilla.







søndag 16. august 2009

Klubb med gode venniner....

Omlag 1 gang i månaden har søstrene sisters og to gode venninner klubb ilag. Då kosar vi oss med god kvelds og nylaga dessert. Praten går jamnt og trutt til langt over midnatt....Vi går liksom aldri tom for noko å snakka om...tihi. Tenk JENTER, no har vi snart 5 års jubileuum!!!??


Eg gler meg allerede til neste møte....
Stor klem Frøydis

lørdag 15. august 2009

Tripp, trapp tresko...

Idag har vi hatt ein hærleg skogstur i ØS, PØS REGNVER!
Vi pakka sekken med varme rundstykker, saft, fiskekaker, snop og kaffi og drog på oss gode regnkle! Ferda gjekk til ein liten fjelltopp i bygda vår. På turen såg vi både maurtuer, flogesoppar, hestar, kyr, sauer, augestikkar og mykje anna kult.

Mykje spanande undervegs!

Fint terreng for store og små.


Tripp, trapp, tresko!

No er vi SUPER sultne og skal bort til verdas beste mosto og mormor å få heimelaga pizza!

Fortsatt god helg folkens.

Klem F

fredag 14. august 2009

Mamma et annet ord for kjærlighet...


I nokre kveldar no har vi laga takkekort til ca 70 gjester i anledning mamma sin 50-års dag.
Vi har klypt ut alle korta i stiv papp, laga kolasje, utforma personleg "takketekst", samt stempla teksten "takk for sist" inni kortet og "mamma et annet ord for kjærlighet" (skulle vore nynorsk, men det er ikkje så lett å oppdrive for oss bondeknølar...tihi) på utsida av konvolutten som blir sendt i posten.
HA EI GOD HELG FOLKENS.
Klem søstrene sisters

torsdag 13. august 2009

Smoothie til damene.



No er bærsesongen stort sett på hell, så eg håpar dåke har fylt frysen med masse ferske jordbær, bringebær, rips og anna knask.
Smoothie er eit "hit" for både liten og stor, og ikkje minst sunt og godt.
I går laga eg ein deilig smoothie og ingrediensane var:
ei korg med frosne bringebær
eple/appelsin juice
2 beger med annanas youghurt.
Eit anna triks er å fryse bananer som er på hell, ta av skal og frys heile.
I tillegg er det veldig godt å ha oppi fersk frukt som appelsin, kiwi, annanas, eple, mango...
MMMMMMMMMMMMMMMMmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm...............
Det har vore bloggtørke på meg dei siste dagane, då eg ikkje har komt meg på nett med maskinen min.
Godt at du søster har vore så flink, praktisk med felles blogg.
HA EI GOD HELG FOLKENS.
Klem
G


søndag 9. august 2009

Konkurranse


Vi i Tre Kusiner er alle gald i Blafre sin design! No har dei på sida si www.blafre.blogspot.com, ein konkurranse vi godt kunne tenka oss å vinna!!! Kryssa fingrane jenter!!!

lørdag 8. august 2009

Gode minner frå sumaren!

Vi er berre tidleg i august, men eg føler på mange måtar at sumaren er på hell... Vi har hatt ein kjempe fin sumar, men godveret har latt venta på seg.... Det beste med denne sumaren er at vi har sett mykje til familie og vener. Store og små har stor kost seg ilag! Desse bildene er tatt av ungane i hagen til onkel Byngen. Eldste prinsen først og minste prinsen sist......sjølvsagt.

GOD HELG!

fredag 7. august 2009

Livet er fullt av kontrastar!

Forrige helg var søstrene sisters så heldige at vi fekk vere fadrar på gullet til vår fantastiske venninne Heidi. Vi er stolte og glade for å ha blitt spurt!

Dåpsbarnet sovna rett før kyrkjeklokkene byrja å kime, og sov like til dåpen var ferdig...:) Vatn i håret var ikkje nok til å avbryta ein god søvn for vår lille venn....tihi. Vi hadde ein hærleg dag i godt selskap!




TUSEN TAKK!

Klem fam N.Mathisen + Hillestad

mandag 3. august 2009

Mamma mia...



Disse flotte damene var deltagarar på kåring av minirockestjerner i helga. Dei sang "mamma mia"og viste eit forrykande danseshow....hehe... 

Dei vann kåringa for beste kostyme. 

Fire stolte mødre  og fedre såg på den store hendinga i anledning rockefestivalen FESTIDALEN!

Stå på damer!!!!!


søndag 2. august 2009

Mormor og dei åtte ungane...

Vår alles kjære, snille, gode, varme, rause, og fantastiske mormor/farmor sovna stille inn i går natt. 

Vi i "hagen" har alltid skrytt av mormor og dei åtte ungane. Det er jo heilt sant, åtte ungar! Eg smiler kvar gong eg tenkjer på det... Det er så herlig. 

Du har alltid betydd mykje for oss tre kusiner (og naturlegvis så veldig mange andre...). Vi har vokse opp saman og delt mange gode stunder. Vi sprang alltid over haugen til deg kjære mormor, du var alltid heime. Vinka til oss då vi skulle på skulen, eller tok imot oss då vi kom heim. 

Det var du som satt standarden for korti vi fekk bada, gå utan sko, springa i spruten, og så mykje meir. Når snøen er vekke på tunga er det berre å kle av seg.  Varm saft eller is fekk vi alltid....

Ingen var så takknemlig som deg, du takka oss alltid for både blomsterkvastar (av ulike slag) og mykje spanande fisk. Trekløveren (PH+F+G) fiska mykje som små, og til tider var det kun mormor som ville ha fangsten?!!??? Ho såg på medan vi renska garnet og syns det var lika spanande kvar gong. GODE MINNER KJÆRE MORMOR! 

Fred over minnet og takk for alle fine stunder. 

Klem frå oss alle. 

Min bloggliste

  • Gratulerer - ..til mannen min! Hurra for deg som har bursdag. Elsker hele deg
    for 43 minutter siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 2 måneder siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 6 måneder siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 9 måneder siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for ett år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for ett år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for ett år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 2 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 2 år siden
  • -
    for 2 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 3 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjente...
    for 4 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 4 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 5 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 5 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!