torsdag 26. februar 2009

Teatime...

Roen har senka seg i heimen. Det er ein heil masse eg burde gjort som husvask, rydding, kle, ja du veit?!???

I dag orkar eg berre litt blogging og litt tv-kikking:). Rett og slett...

Det er jo helg snart så det mesta kan eg utsetja til i morgon. Deilig å berre ta det heilt med ro av og til. 


Denne store gode starbucks koppen kjøpte min kjære til meg forrige jobbtur til USA, den er heilt toppers til folk som elskar TE!!!!! Han drog med seg ein kopp til seg sjølv òg:).


På kjøkkenet har vi fire "rulleskap" dei rommer diverse. Benkeplata vår er 80 cm brei, mot normalt 60 cm, dvs. at rulleskapa rommer 20 cm (djup). Rulleskapa rommar stort sett kvardagslege ting som disse oppbevaringsboksane etter farmora til husfaren. Dei er så skjønne!!!!  Vi brukar dei til kaffi, makaroni og pengar.

Her ser du boksane litt på nært hald:). Kjempe koselege....


Slik ser rulleskapet ut når eg ikkje vil vise folk rotet. Veldig praktisk når vi har uventa gjester:)...tihi...

Ha ein strålandes kveld.

Beste helsing 

G

tirsdag 24. februar 2009

Våren nærmar seg...






No nærmar det seg vår igjen og disse bileta får meg til å tenkja på våren. I fjor var vi til London i byrjinga av april.

Ein fantastisk tur med mange kjekke familiemedlemmar. Det var ein jentetur, stikkord for turen var shopping, mat og musical. Det var heilt fantastisk!!! 

Vi håpar difor på ein ny tur om ikkje så altfor lenge (og at mammene tar hintet...tihi), då til ein ny spanande europeisk storby. 

Nokon som kan anbefale ein europeisk by utanom det vanlege?

Ha ein aldeles strålande kveld! Tusen takk for at du stakk innom. Vi set stor pris på tilbakemeldingar:). 

G

mandag 23. februar 2009

Tittil, tottil, tillerot, neglefru og store gubben hesten!

Desse tøffe Camper skoa kjøpte eg til Aurora i La Roca Village i haust. Er du over snittet interessert i sko er Spania definitivt landet å reisa til. Eg kom sjølv heim med 3 nye par!!

Desse tærne likar seg best utan sko! Det er jammen ikkje lenge til guten stikk av med mine sko, eller omvendt!
Ha ein fin dag!
F

Ting og tang.


Tingbutikken på bryggen er ein av mine favorittbutikkar i Bergen by (som forøvrig er min favorittby på vestlandet).

Då vi budde i Bergen gjekk vi ofte innom her i helgene.

Det kjekkaste var opningstidene. Den hadde søndagsope, det passar jo oss bønder perfekt når vi er i Bergen, ofte ei helg:). Der finn du alt du skulle trenge til kjøkken, bad, etc. 

Til jul kjøpte eg såpedispenser og tannkostholdar til mamma og pappa.

Sidan vi er på liggebesøk i dag så tok eg bilete av dei då ungane fekk seg eit kveldsbad. Husfaren er på jobbtur, så då passar det fint å overnatta hos mamma:). Det er jo berre nokre hundre meter mellom husa, men likevel. Stor stas!!!! 

Ha ein fin kveld.

Butikken finn du her.

søndag 22. februar 2009

Våren pressar seg på?

No har vi hatt deilig snø på bakken i over to veker, men i dag var så og sei all snøen regna vekk! Det såg ikkje ut rundt huset. Gamle lauv, kvister og leiker har gøymt seg i lengre tid....


Men det som var gledelig var at det hadde knuppa seg i både potter og steinbedd. Dagane er lysare og sommaren nærmar seg. Snart sitt vi og grillar både mat og kroppar på terassen som idag er våt og glatt!! Eg kjenner at eg gler meg til varmare dagar!
Ha ei god veke folkens.
Klem F

lørdag 21. februar 2009

Takk for sist!

Familie og vener var samla til fest i Kråkeslottet. Vi fekk servert godsaker som held guten i huset opp endå:) Jubilanten var noko bleik idag, men vi håpar du hadde ein fin dag. I morgon får du kosa deg med MASSE nye leiker...


Prinsessene var med på laga MUFFINS før festen....Dei ville helst berre hatt ROSA, men sidan det var Geir sin bursdag så laga vi nokon blå og......

Gratulera med dagen kjære prins!!!


Tenk at den minste, søte, snille prinsen i familien fyller 2 ÅR idag!!!!!!!!!! Dette er ein stor dag for oss. Det er slettes ikkje tilfeldig at du og kongen deler dag:)
Vi gler oss max til kaker, bollar, gele, saft, brus og snop! Vonar det blir ein flott bursdag i Kråkeslottet.


Den siste timen før legging gjekk med til dekorering av pakkane til den store dagen....Det var kjempe kjekt. Det er alltid stas å få pakka inn heilt sjølv. Vi brukte IKEA sitt teikepapir på rull til gåvepapir, medan teikningar og namn var teikna direkte på pakkane. Jo meir jo betre....Det er vanskeleg å få satt ord på kor mykje vi set pris på dåke!!!!
God helg.


Klem tante

fredag 20. februar 2009

Bursdag i kråkeslottet.

Endeleg får vi brukt det tøffe toget vi fekk frå tante og onkel i Stavanger. Toget er av merket "toys pure" og eg trur det er kjøpt i Stavanger by. KNALL TØFT!!!

Lampen er i anledning guttabursdag blitt blå. Veldig greitt å kunne variere mellom blå, lilla, raud, grønn og gul. Passar til alle anledningar; påske, jul, bursdag, sommar og advent. 


Tøff tøff! 


Nok ei arbeidsveke er unnagjort og toåringen sin bursdag står i fokus.

Dette er jo i utgangspunktet ikkje ein "stor" dag, men storesøster (mollemor) på tre år

gledar seg VELDIG. Det er så søtt!!!!

Så i morgon heiser vi flagget for toåringen, og feirar med familie og vener. 

God helg folkens.

Beste helsing oss i kråkeslottet. 

tirsdag 17. februar 2009

Kos på fjellet!

Vi har hatt ei eventyrleg helg på Hovden saman med gode vener. Vi var 4 vaksne og 5 barn i ein topp moderne leilighet imidt i Hovden Alpin Lodge. Vi er så heldige og ha denne hærligheten til firmahytte!! Helga på Hovden har gått over all forventning; store og små har kost seg med boblebad, skigåing, kortspel og mykje god mat! Eg håpar vi kan gjenta denne suksessen om ikkje altfor lenge.



Desse tøffe skiskoa var flittig i bruk....

Aurora har full kontroll med pappa i ryggen!

Ungane er klare til å hoppa i boblebadet!!!!!!!!
Denne leiligheten vekte mykje inspirasjon i meg!!!!!!!! No er eg klar til å bretta opp armane og gjennomføra ting i min eigen heim.....

Vi vil takka for ei kjempe helg saman med familien Sætre/Bjelland!

Klem N.Mathisen


Rosinjakt




Her ser ungane på den kule traktoren som tar seg av måking av vegen utanfor. GØY!!!! 

I dag har vi berre vore inne men skal snart ta på oss vinterkleda for å gå ut:).

Snøen laver ned og vi har nok ein gong fått vinteren på besøk. Håpar det varer og varer. Det erjo så kjekt med vinter.

Vi har nett ete litt fruktsalat der minsteguten var mest opptatt av å få i seg alle rosinene...

Ha ein fin dag.

mandag 16. februar 2009

Har du tips til behandling av tregolv?

No er eg endeleg ferdig å male alt i loftstova.

Eg har malt lister/karmar kvite og veggar/takk eggekvit, oljemaling. Eg skal innreie og behandle golvet før eg legg ut FØR/ETTER bilete (det elskar eg å sjå på andre bloggar)...

Skal sei det er enorm forandring!

Plutseleg blei rommet romslig og kjempe triveleg. Kanskje eg til og med kjem til å bruka symaskinen samt byrje litt med scrapbooking igjen?!?? Kven veit?

Eit koseleg gjesterom er formålet sånn i utgangspunktet. 


No styrer eg med å pusse over golvet med fint sandpapir for så å behandle det. 

Har du tips til behandling av golv? Korleis utføre det og kva ville du gjort med golvet? Det er per i dag ubehandla furugolv, som eg faktisk likar veldig godt. Var inne på å male det lyst, men har slått det frå meg:). Syns det er fint med trekvitt golv, men ingenting imot å sette det inn med noko meir varig og kanskje finare. 

Eg blir kjempe glad for tips om behandlingsmetode, evt. teknikk. 


Bildet her er tatt frå stovevinduet ein kald vinterkveld før det kom nesten ein meter med snø, som no ligg og smeltar ute...sukk! 

Ha ein fin kveld alle saman.

G

søndag 15. februar 2009

Voksduk lenge leve!

Endeleg har eg fått meg nokre nye etterlengta voksdukar. Voksduk er heldigvis ikkje lengre det dei var. No fins det dukar i eit hav av fargar og mønster... Prinsippet er det samme, lett å halde reint og ikkje minst det mest skånsomme for trebord. Genialt når du har små ungar som ikkje alltid et like fint som oss vaksne...


Mamma har vitja Stoff og Stil, og kom heim med fem ulike dukar. Eg gav ho stikkord som bursdag prins/prinsesse, sumar og kvardag! Eg kunne ikkje gjort det betre sjølv. Heilt perfekt etter min smak!!!! 


Dette er kvardagsduken med turkis/mintgrønn og kvite prikkar. Samme sjanger som i liftgardinene som eg er så glad i. 


Vesleguten seier farvel til vinteren medan han skuer ned på dei to enorme snømenna nedi hagen, PAPPA OG PRINSEN. 

Prinsessa har vore med meg på loftet i dag, vi har malt nokre "settebord" og ein heimesnikra garasje som snart skal få komme ned i varmen. Det var stor stas!!!! 

Ha ei god natt og takk for ein fin kveld Anne Tone og Vibeke.

G

lørdag 14. februar 2009

Here we go again!

Siste innspurt med vinter og fantastisk ver må nyttast!!!! Vi har vore i "hagen" å aka i dag.

Lille molle har stått på ski og vesle pompen har hatt det travelt med å ta hånd om maten, sett på kanina og passa på akebrettet... Det  var ikkje den store akedagen for hans del med andre ord.  Men så....

Endeleg kom "onkel Pelle" og go guten,  då ordna alt seg.

Då vart det fart på akinga og alle saman heiv seg nok ein gong oppi båten nedover bakkane. GØY PÅ LANDET!  

Nokre av dei minste heiv seg oppi båten i oppoverbakke...stakkars slitarar av båten. Kanon tungt. 





Mmmm... Vi hadde med oss frukt, bollar, saft og varm kakao. 


Kanina er framleis på friarfot... Den har vore ute i ca. ett halv år og eg tør ikkje tenkja på kva den kjem til å gnaga i seg av flotte jordbærplanter, blomar og liknande til våren...hehe...

G

fredag 13. februar 2009

Tralalalala...

Ein liten bukett tullipanar til vår snille gode bloggven Anne Tone. Tusen takk for at du fiksa layouten vår med ein runde i photoshop. Du er så snill!!! Hadde ikkje vore mykje til blogg utan litt tips og hint frå deg frøken. 



Disse flotte tullipanane fekk eg av svigermor i dag:). Tusen takk! Ikkje nok med flotte blomar. Vi fekk middag då vi kom heim frå jobb og ungane fekk tøffe skogstad jakker. Ungane har storkosa seg her heime med farmor i heile dag, det er alltid stor stas. 
Denne kjekke gåva fekk eg av min gode kollega frå Sunde, tusen takk! I tillegg fekk eg eit lite søtt heimelaga hjarta frå det lokale bakeriet, med fromasj og marsipan. Mmmm... 
Skulle med andre ikkje tru det var fredag den 13. for min del, men BANK I BORDET enn så lenge! 
Ha ei god helg og kanskje det vanker ei gåve til deg på VALENTINES DAY
Eg trur diverre ikkje eg får noko spanande frå husfar, men set mykje meir pris på ein liten oppmerksomhet ein heilt annan dag:).
G

torsdag 12. februar 2009

Glede...



Denne flotte buketten med fargerike tulipanar fekk eg hos ei GOD venninne igår. Kjekt å friska opp kjøkkenbordet med denne!

Tusen takk kjære Åsta!

Med fare for å gjenta meg sjølv legg eg inn ein link til vår lokale nettside.
Her kan dåke sjå kva vi har gjort på i ettermiddag... KOS KOS KOS...

No prøver eg iherdig å tørke kle, slik at alt er klart til destinasjon HOVDEN i morgon tidleg....


Ynkjer alle ei GOD helg!

onsdag 11. februar 2009

Mine "nye" stolar...

I dag har vi fått litt nye stolar på arbeidsplassen og skulle dermed kvitte oss med disse gamle slitarane. Vi har til tider litt lite sitteplassar og eg tok dei difor med meg heim. Gode reservestolar når vi likevel skal venta med å investera i "drømmestolane" våre... Syns faktisk dei er stilige,  i tillegg så er eg så glad i rødt. Ville nok aldri kjøpt raude stolar, men sidan dei er gratis så er de jo heilt strålandes.

Bileta på veggen er tatt av Bodil Haga.

Vi er kjempe godt nøgd med alle dei flotte bileta ho tok då vi lånte ho ein formiddag i haust. Vi kan difor anbefala alle å bruka ho. Ein anna kjempe flink fotograf i Kvinnherad er Atle Helland.

Ha ein fin kveld.

tirsdag 10. februar 2009

Nett som i gamle dagar...

I dag har vi vore i "hagen" og lufta ein 20 år gammal rattkjelke, skia, akebretta og i det heile.

Alle oss vaksne (mamma, pappa, broremann og meg) har oppført oss nett som ungane i heile dag. Vi har brukt masse energi opp og ned bakken... så no forstår eg kvifor ungane av og til streiker når dei skal opp ein bakke. Tenk kor tungt det er med masse små når du er liten? Snøen rekk nesten til låret deira. Då er det herleg å ha mormor, bessen og onkel rundt seg:).

Det sprøaste påfunnet i dag var då vi drog båten (ja du leste rett...) heilt til topps og sklei ned igjen, alle saman. Det var vanvittig gøy. Båten tok ut og vi måtte bremsa for at vi ikkje skulle fortsetja nedover skogen og treffa tre og krattvekst... Då slo pulsen!!!! KJEMPE GØY. 

Mamma i full fart nedover bakken med filmkamera i eine handa... 


Go` klumpen kosar seg i det nya "akebrettet" vårt. 

JIPPI! 


Ein kokusbolle til derssert...YAMMI! 


Ein liten pust i bakken med grilling av pølsa og varm kakao. 

KULT å aka med bessen! 


Ein drøs...

Onkel må vera forsiktig då gibsen nettopp er tatt av etter brudd i foten, såg ikkje ut til å hindra han i å ha det GØY! 



Mormor og bessen hjelper småtrolla med å ta skia på:)

Ha ein fin kveld.

G

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 6 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 7 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 8 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 9 år siden
  • -
    for 9 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 9 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 11 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 12 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!