Roen har senka seg i heimen. Det er ein heil masse eg burde gjort som husvask, rydding, kle, ja du veit?!???
I dag orkar eg berre litt blogging og litt tv-kikking:). Rett og slett...
Det er jo helg snart så det mesta kan eg utsetja til i morgon. Deilig å berre ta det heilt med ro av og til.
Denne store gode starbucks koppen kjøpte min kjære til meg forrige jobbtur til USA, den er heilt toppers til folk som elskar TE!!!!! Han drog med seg ein kopp til seg sjølv òg:).
På kjøkkenet har vi fire "rulleskap" dei rommer diverse. Benkeplata vår er 80 cm brei, mot normalt 60 cm, dvs. at rulleskapa rommer 20 cm (djup). Rulleskapa rommar stort sett kvardagslege ting som disse oppbevaringsboksane etter farmora til husfaren. Dei er så skjønne!!!! Vi brukar dei til kaffi, makaroni og pengar.
Her ser du boksane litt på nært hald:). Kjempe koselege....
Slik ser rulleskapet ut når eg ikkje vil vise folk rotet. Veldig praktisk når vi har uventa gjester:)...tihi...
Ha ein strålandes kveld.
Beste helsing
G
1 kommentar:
Dei boksane va bare heilt nydelige! Mamma har en svart med same motiv -bare større. den som pleie husa kromkakan med jul....! Ska ha møte i mårå, då blir de bestemt kor lenge eg ska væra her, men eg ska iallefall heim på permisjon frå i mårå te mandag kl 0900!! **glede seg kraftig jah**
Legg inn en kommentar