Viser innlegg med etiketten Innandørs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Innandørs. Vis alle innlegg

mandag 3. januar 2011

Nytt år, nye planar!


Julepynten er alt komme i esker og er på veg opp på loftet igjen:)



Det er alltid stor stas å hente jula ned fra loftet, men for å vera heilt ærlig er det nesten endå betre å ta jula opp igjen på loftet. Første nyttårsdag pakka vi alt fint inn i eskene og stua det vekk.

Det blir så luftig og romslig utan juletre, kalenderposar, julestjerner, julelys etc.

No er det tid for ommøblering, nye gardiner, oppussing og elles det vanlige som kvernar oppi hovudet når ein har permisjon! *hihi*

No har eg hatt permisjon i 7 mnd, og konkludert med at eg vil ha liftgardiner/gardiner i hovudetasjen. (Kjøken/Stove)


Stoff frå Panduro


Stoff frå Panduro

Eg vurderer å ha farge på liftgardinene i TV-kroken, resten av huset skal ha kvite gardiner/lifter.



Fram til no har vi berre hatt persienner i alle vindu. Veggen som eg malte grå (dagen før terminen i juni) maler eg muligens lys igjen til våren... Stoppar aldri opp for prosjekt i dette huset.

Er det nokon som har tips til fine, helst ferdigsydde liftgardiner? Ser for meg kvite med struktur, men er åpen for forslag:)


Ha ein finfin dag alle saman!

Klem F

tirsdag 16. mars 2010

Helga vår

På søndag vart vi plutselig 9 på pizza!! Kjempe koselig hadde vi da, og mammo får mykje hjelp å laga middagen. Full konsentrasjon i jobben.


I går måtte vi nyta finveret og vera ute. Denna karen hadde mykje arbeid med nokon slalomkøyrarar etter onklane, og laga løypa til dei!



Ha ei fin veka.
V

lørdag 3. oktober 2009

System i kaoset...

Vi har diverre ein veldig liten gang, så det krever god orden for at det ikkje skal bli eit fullstendig kaos. Tidlegare har vi hatt ein kommode og ein haug med knaggar i gangen. Ikkje spesielt fint, og fullstendig kaos til tider. Knaggane har vore overfulle av jakker, regnkle, posar, vesker, ja i det heile. 

No har vi laga hyller og fått "integrerte" korger. To korger pr familiemedlem. Då kan vi ha vottar, huer, skjerf, hanskar, refleks, m.m i den eine korga og strikkegenserar, cardigan, m.m i den andre.

Bak korgene er det i tillegg romslig plass så der har eg plassert dei ytterkleda som sjeldan er i bruk, f.eks vinterdress og veldig tjukke ytterkleder. Skoskap er innkjøpt til ungane og meg, mannen må klara seg med golvet. Skoa hans er så store at skoskap blir meiningslaust. 

Eg har snikra ein benk som skal malast og stå i gangen, då kan mannen ha skoa under denne så blir dei meir skjult.

Uansett, kanskje veldig uinteressant for folk flest på ein deilig laurdagskveld. 

PS. Korgene heiter "knipsa" og er kjøpt på fantastiske IKEA. 

Ha ei fortsatt GOD helg! 

Klem frå Gunilla

onsdag 9. september 2009

Heimelaga juice...


Det er ikkje akkurat appelsin sesong, men uansett er juicen betre enn den du får kjøpt i butikken....Mmmm.


Mannen er glad i duppeditter og ynskte seg ein EVA SOLO appelsinpressar til jul.. Det er eg glad for:)

Meg og prinsen pressa 1-2 kg appelsiner... Heimelaga juice med isbitar. Knall godt.

Ha ein strålande dag. Hugs nok C vitamin...hahaha

Klem F

fredag 17. april 2009

As good as it gets.


Soverommet er eit av dei romma eg ikkje er nøgd med. Soverommet i seg sjølv har eit stort potensiale med store fine vindu, fantastisk utsikt og mange mulighetar...

Det er inredninga eg ikkje likar. Dvs. senga er så absolutt ikkje vår stil, og skapa stod då vi overtok huset... Rommer masse kle, og det er det viktigaste. TROSS ALT. 

I påsken fekk eg eit lite infall og ville gjera noko med senga. Sidan vi ikkje har lommebok til ny seng akkurat no så fann eg ut at eg kunne gjera det beste utav den vi har.

Jernsaga vart tatt i bruk og senga blei "ny". Tihi...måtte smiska VELDIG med mannen for å få det i boks. 

Dobbelseng, men enkelseng ved sidan av. Vi legg oss ALLTID to, men våkar alltid tre??!??

Er det ikkje rart? Prinsessa kjem snikande kvar einaste natt og luskar seg under dyna mi på eit

eller anna vis. Prinsen kjem tuslande inn tidlege morgonen...Zzzzz... 

På kommoden til mannen står eit koseleg bilete av tvillingane (søs + meg) og mamma, ser at vesleguten min er veldig lik på meg sjølv....kjekt!

Ha ein fortryllandes kveld så kjem det nok sikkert litt meir knask seinare i helga. Målet er å få hagen i tipp topp stand og elles kosa oss masse i sola. Deilig å vere ute heile dagen:) 

Det er jo meldt strålandes sol her på vestlandet.

Klem Gunilla 

søndag 12. april 2009

Den gongen eg var i Amerika.

I dag har vi berre vore inne... vore på besøk og hatt besøk.

Ein sånn typisk søndag med regn ute og kos inne. Prinsen og eg har rydda rommet, tømt skapet mitt for kle, sortert litt, kasta litt, "fiksa" senga og litt av kvart anna. Prinsessa har vore hos tante F og kost seg glugg ihjel. 

I 1998/1999 var eg ett år i Amerika (som mormor ville sagt), der kjøpte eg ein dreamcatcher som vi har over senga på soverommet. Den skal sila alle vonde draumar... Syns den er så søt. Høg affeksjonsverdi for meg... 

Då eg skulle reise heim fekk eg ei kjempe flott gåve frå vertsfamilien min, eit teppe med opplevelsesbileter etter opphaldet i USA. Kjempe koseleg! 

Vertssøstera mi, vertsmora mi og meg sjølv.

Legg merke til dei flotte slippersane som var så moderandes på den tida...hehe... 

Teppet eg fekk i gåve, i tillegg fekk eg discman. KJEMPE STAS. 

Ungane leitar etter mamma på teppet!!!

Ha ein fin kveld folkens!

G

mandag 23. mars 2009

Vasking, matlaging, kle, rydding

handlar stort sett kvardagen om. Nokre dagar er det meir ryddings enn andre dagar, men jammen er det godt etterpå.

No er det vindua som står for tur, sikkert seks månadar sidan sist....puuuh. Dei er fulle av saltvatn frå ein vindfull vinter, men det får bli ein anna dag. 

På peisen står den nye lykta eg kjøpte på Åhlens i Bergen. Likar den veldig godt! 

Nyvaska druer på kjøkkenbenken. 

Ha ei god veke.

G

søndag 1. mars 2009

Ei dukkevogn av typen Rolls Royce?



I helga har alle utanom husbonden overnatta hos mormor. Vi har hatt ei avslappande helg saman med naboen... Vi hadde ei utfordring i helga; og det var å rydda loftet.... Alle fire spankulerte krumrygga i toppetasjen i morgontimane. Eit par kuler fekk eg... men du kan du tru vi fann mykje spanande:) Vi har funne på eskevis med utkledningskle, fleire hundre skulebøker, gamle leiker som tog bane, lego klosser og dukkeutstyr. Vi har brent bål over ein lav sko. Mykje tull som aldri kjem til å sjå dagens lys igjen... No er det skikkelig system der oppe......missunneleg:) I ein alder av 27 år trur eg at eg har mykje meir rot og skrot på mitt loft enn det mamma har!!!

Ein av tinga eg tok med meg heim idag var dukkevogna eg fekk av farmor då eg var 5 år. Eg hugsar endå den dagen eg fekk ho...Farmor kom med hurtigbåten frå Bergen, og vi henta ho på kaien i Herøysundet.. Det var sikkert ein vanleg hurtigbåt, men eg hugsar det meir som ein cruisebåt!!

Eg vonar alle har hatt ein fin helg!

Klem F







torsdag 26. februar 2009

Teatime...

Roen har senka seg i heimen. Det er ein heil masse eg burde gjort som husvask, rydding, kle, ja du veit?!???

I dag orkar eg berre litt blogging og litt tv-kikking:). Rett og slett...

Det er jo helg snart så det mesta kan eg utsetja til i morgon. Deilig å berre ta det heilt med ro av og til. 


Denne store gode starbucks koppen kjøpte min kjære til meg forrige jobbtur til USA, den er heilt toppers til folk som elskar TE!!!!! Han drog med seg ein kopp til seg sjølv òg:).


På kjøkkenet har vi fire "rulleskap" dei rommer diverse. Benkeplata vår er 80 cm brei, mot normalt 60 cm, dvs. at rulleskapa rommer 20 cm (djup). Rulleskapa rommar stort sett kvardagslege ting som disse oppbevaringsboksane etter farmora til husfaren. Dei er så skjønne!!!!  Vi brukar dei til kaffi, makaroni og pengar.

Her ser du boksane litt på nært hald:). Kjempe koselege....


Slik ser rulleskapet ut når eg ikkje vil vise folk rotet. Veldig praktisk når vi har uventa gjester:)...tihi...

Ha ein strålandes kveld.

Beste helsing 

G

mandag 23. februar 2009

Ting og tang.


Tingbutikken på bryggen er ein av mine favorittbutikkar i Bergen by (som forøvrig er min favorittby på vestlandet).

Då vi budde i Bergen gjekk vi ofte innom her i helgene.

Det kjekkaste var opningstidene. Den hadde søndagsope, det passar jo oss bønder perfekt når vi er i Bergen, ofte ei helg:). Der finn du alt du skulle trenge til kjøkken, bad, etc. 

Til jul kjøpte eg såpedispenser og tannkostholdar til mamma og pappa.

Sidan vi er på liggebesøk i dag så tok eg bilete av dei då ungane fekk seg eit kveldsbad. Husfaren er på jobbtur, så då passar det fint å overnatta hos mamma:). Det er jo berre nokre hundre meter mellom husa, men likevel. Stor stas!!!! 

Ha ein fin kveld.

Butikken finn du her.

fredag 13. februar 2009

Tralalalala...

Ein liten bukett tullipanar til vår snille gode bloggven Anne Tone. Tusen takk for at du fiksa layouten vår med ein runde i photoshop. Du er så snill!!! Hadde ikkje vore mykje til blogg utan litt tips og hint frå deg frøken. 



Disse flotte tullipanane fekk eg av svigermor i dag:). Tusen takk! Ikkje nok med flotte blomar. Vi fekk middag då vi kom heim frå jobb og ungane fekk tøffe skogstad jakker. Ungane har storkosa seg her heime med farmor i heile dag, det er alltid stor stas. 
Denne kjekke gåva fekk eg av min gode kollega frå Sunde, tusen takk! I tillegg fekk eg eit lite søtt heimelaga hjarta frå det lokale bakeriet, med fromasj og marsipan. Mmmm... 
Skulle med andre ikkje tru det var fredag den 13. for min del, men BANK I BORDET enn så lenge! 
Ha ei god helg og kanskje det vanker ei gåve til deg på VALENTINES DAY
Eg trur diverre ikkje eg får noko spanande frå husfar, men set mykje meir pris på ein liten oppmerksomhet ein heilt annan dag:).
G

mandag 9. februar 2009

Tekopp!

Vi tre kusiner er veldig glad i ein god kopp te. Eg personleg er på jakt etter gode store og koselege tekoppar.

Vil ikkje ha koppar eg blir lei av, så dei må vere litt klassiske og enkle. Eg syns tekoppen under er så koselege. Det er av typen villeroy and boch! 

Eg blir kjempe glad for tips om kor eg kan få tak i tekoppar, såvel koselege som enkle koppar... 

Eg er glad i blanding av ny og gammal (evt. klassisk stil)... så er open for kva som helst:)

No er det tørka fruktblanding og sjokolade på menyen i kråkeslottet. Jula varer heilt til påske...


Gunnhild

torsdag 5. februar 2009

Hjelp å få......




Gromguten hadde så lyst på muffins i helgo. Vi sette i gang men å laga. Han gjekk fort lei, men vetlagullet ho var rundt meg heile tida for ho veit at da kjem noko godt på slutten av kake baking...........





Her i huset er da ikkje bare mammo så er fasinert av vatn!!! I lang tid sat vetlagullet og "sutla" på i helgo..






Eple er kjempe godt!!!!

onsdag 4. februar 2009

Det snør det snør tittelibom!


Ute dalar snøen i store mengder. Det er så flott! Blir så glad av å sjå at dei ellers litt fargelause omgivelsane ute plutseleg er kvite.

Ungane storkosar seg og har laga snøballar i barnehagen....

ENDELEG!!!!

Etter at vi kom heim frå familiebading gjekk eg i gong med å fullføra prosjektet på vaskerommet. Det skal brukast til ein reservegong. Praktisk i forhold til barnevogn og ellers kle som vi diverre har så altfor mykje av... 

Så no er det omsider klart til bruk og blei ganske koseleg, syns eg.

Det er inspirerande å vera innom så mange fine bloggar, trur det gir masse god energi.

Kjenner eg klør i fingrane etter å male, pusse og fikse på alt rundt meg.

Er det nokon som har tips til fine fargar til å male panel? Eg skal i gong med soverom nr to når eg er ferdig med loftstova. Syns ikkje at alt skal vere kvitt heller, det kan bli litt mykje. 

Eg blir kjempe glad for tips om fargar evt. andre gode forslag under oppussing.

Gunnhild:) 



fredag 30. januar 2009

Epleidyll...

Her ein dag grilla vi epler i peisen. Det var stor stas for dei minste og alle ville ha kvar sitt eple totalt fire ungar:). Då eplene omsidet var ferdig grilla, renska og låg oppskorne på fatet var det plutseleg ingen som ville ha. 

Det er jo heilt klassisk. Så den som måtte få i seg fire varme og gode epler det var meg, og svogeren min. Mmmm... Kan anbefalast med kanel og sukker på. God idè dersom du lagar til bål ute, eller har peis inne.

Ha ei god helg alle som kikkar innom.

Beste helsing

Gunnhild 




lørdag 24. januar 2009

Smoothie!


I ettermiddag tok vi oss ein pause og laga deilig smoothie.

Dagens smoothie bestod av:


frosne jordbær (ca. 1 liter)
to appelsiner
svisker + linfrø
biola
appelsinjuice

Eg hadde akkurat nok veske i til at det "gjekk rundt" i blenderen. Mmmm... Likar det best når det
er minst mogleg flytande og meir som is. YAMMY!!!! Ungane elskar det. Så enkelt, sunt og ikkje minst GODT!
I dag har vi rydda både inne og ute.  Mykje rydding, men det er på ingen måte alltid ryddig av den grunn. Toåringen og treåringen er kjempe flinke til å passa på at det ikkje er for ryddig...tihi...

Huset fløyt (sjølvsagt???!!)  verre enn nokosinne då svigerfar og Dag tilfeldigvis stakk innom... men sånn er det vel av og til. Det er masse rot før det blir ryddig!!!!

Vi skal flytta vaskerommet ned, og skal bruka dagens vaskerom til ein gang nr to.
Det blir ein slags "grov gong" som berre vi fire skal bruka, heldigvis er det skiferheller og utgangsdør her òg... 

Der treng det ikkje alltid vere så ryddig og vi kan ha alle sko og jakker lett tilgjengeleg.I noverande gang er det så trangt at når alle sko og jakker, samt Geir si barnevogn er inne så er det på eit vis altfor fullt. Skal kjøpa meg ein kommode og litt knask som eg kan ha i den nye gangen etterkvart. Tenkjer det blir ein bytur:) Legg ut bileter når eg er ferdig og har fått ut vaskemaskin og tørketrommel. Kjem røyrleggjar og skal fikse det praktiske i forhold til nytt vaskerom på mandag.
 

GOD HELG!

G

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 6 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 9 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 9 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 10 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 10 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 10 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 11 år siden
  • -
    for 12 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 12 år siden
  • Sjølvforsynt - Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! (Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...) Mi inspirasjonskjelde! Her g...
    for 13 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 13 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 13 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 14 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 14 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!