
Dette er husfaren si heimalaga hue (diverre ikkje meg...), som både far og småtassar har like. Kjempe søtt når alle tre brukar dei samstundes. Dei passar perfekt til hovudet, og blir nok heilt supre i bruk no når temperaturen blir litt høgare.
HEIA NORGE!!!!! 
Molle si favoritthue for tida. Den passar perfekt til hovudet! Den vesle hekla blomen på hua gjere liksom noko heil spesielt. Knall søt! Tante "Tine" har strikka denne, eg er heilt imponert!

Gjett om denne har vore mykje i bruk??!! Som biletet visar er hua veldig godt brukt! Molle elskar å bruke denne, og ikkje minst passar den perfekt til fjorårets dressar som eg kjøpte på cubus.
Vesle Geir plukkar ALLTID ut denne søte hua som tante "føddis" har strikka. Den har hatt eit hardt liv og har mista duskane på toppen, berre nokre få tråar igjen. Skikkeleg tøff!
Denne er knalltøff og vesle Geir elskar den. Om nokre veker er den nok i bruk kvar dag. Foreløpig er det litt for kaldt, då det er ein kort modell som passar meir utover våren! Bilen som er sydd på er så søt...
Ei lita samling av dei hyppigast brukte huene i huset:).
Personleg brukar eg ei gammal peak hue eg fekk av min kjære for mange år sidan... Kanskje på tide å investere i noko nytt:).
Ha ein fin kveld.
G