tirsdag 28. desember 2010

Jula 2010

Vi Tre Kusinene har hatt oss ein aldri så lita uplanlagt bloggferie ser det ut til.

Vi har vel alle lagt beina på bordet og nytt dagane saman med næraste familie. Eg har vore kameralaus i over ei veke, og har kjent abstinensen titt og ofte. Heldigvis fann eg kameraet under eine setet i bilen for eit par dagar sidan! *PHU*

Dette året har vi feira jul saman med husfar sin familie. Vi har hatt ei hærlig julefeiring med mykje sosialt samvær og deilig mat kvar einaste dag.

Første serien under er fra julafta, og mi kjære svigerkusine Sissel har tatt bileta....

God stemning, puddersnø ute, glade ungar, glade vaksne, deilig lukt av pinnekjøtt, masse pakkar, høg forventning.....

Ni av oss fekk tøffe strikkahuer "Made by Sigrid". Over ser du søte detaljar på hua. Dei yngste jentene hadde små, søte paljettar nederst på huene sine.

Marcus ute i nysnøen på Røssland. Iført Mia si hue:)



Geir akar i Hagen. Stas med ny rattkjelke som gjekk så fort at han vart skremd av seg sjølv...smiler*


Mormor og dei 4 eldste barnebarna fresar nedover bakkane i full fart! Tøffe mormor:) Lottamor har det best inne om dagen. -10 grader er i kaldaste laget for vesle Frøken Fryd!


Mollemor iført julegåva frå Tante Åslaug. Kjempe søt hue med ein søt blomst. Aurora og Lotta fekk samme hua i ein anna farge. Aurora var kjempe stolt av at veslesystera fekk prikk lik hue.

Amanda er med ut i kulden...ho vart godt ivaretatt av mamma Aurora..
Heldigvis har ungane fri i ei lita veke til. Vi skal NYTA dagane og gler oss til å feira nyttår saman med familien Hillestad!
*NYTTÅR*
Ha ei fin romjul kjære vener.
ROMJUL ROMJUL
JuleKlem frå Frøydis

torsdag 23. desember 2010

God jul kjære bloggvener og alle som er innom!



No er det berre nokre minuttar til sjølvaste julafta! FANTASTISK<3>

Den store dagen vi har sett fram til i heile haust. I kveld la ungane seg fulle av forventning til den store dagen i morgon. Idag har meg og husfar montert køyseng til eldsta prinsesso. Det håpar vi ho blir SUPER glad for! Vi har montert og gjort alt klart i skjul, og eg er overgidd over kor lettlurt ein 6 åring kan vere*smiler* Ho var heilt inneforstått med at mamma skulle rydda rommet sånn "skikkelig" før jul..*tihi* Stilte heller ingen spørsmål over at døra inn til rommet var låst...Berre lukkeleg for at ho kunne overnatta inne ilag med storebror i natt...




No er sviblane endeleg komme oppi ei kjekke "SALLAD" skål eg fekk av eldsta kusino tidligare. Det tykkjer eg vart koseleg.

Her på Vestlandet har det bøtta ned med snø idag. No nærmar det seg ein halv meter på tunet. Vi jublar medan det dalar ned:) I romjula satsar vi på AKEDAG med grilling, kakao og kos utanfor, så naboar og vener må psyka seg opp til konkurranse?!

God jul til alle som er innom, no må jula berre komma! Takk for eit flott bloggår, ingen tvil om at andre bloggarar kjem med mange kjekke tips og gir oss MASSE inspirasjon!


Suss Frøydis

lørdag 18. desember 2010

Ny trappegang og nye lampar.

Endeleg er trappegangen så godt som ferdig. Etter ein mindre "kamp" blei vi omsider einige om å male, sparkle og pusse opp sjølve. Det gjekk jo som smurt, og mannen har vore kjempe flink. Furutrappa har vi pussa ned med pussemaskin og deretter kvitolja den, så no er den lys og fin.

Skulle vi hatt folk til jobben hadde tusen-lappane flaksa ut...

Forrige helg var mannen og eg til Haugesund på lampeshopping. Då kjøpte vi disse lampane som no pryder veggane i den nye gangen.

Lampane kjøpte vi på ein kjempe flott interiør butikk, Hødnebø i Haugesund sentrum.


Litt småplukk gjenstår, elles er vi stort sett ferdige...


Designer: Gerhard Berg (Berg - Vegg)

I morgon skal det ryddast og flyttast på ein del leiker. Dei skal opp i loftsstova, så kanskje blir det litt ryddigare i hovudetasjen? Drømme drømme....

God førjulstid folkens!

Ta vare på kvarandre...

Klem Gunilla

onsdag 15. desember 2010

Grautfest og nissevisitt

Klubben har etterkvart fått ein stor barneflokk, heile 11 skjønne små. Etterkvart som barneflokken har auka har behovet for god plass merkast kvar gong vi samlast.

I år blei grautfesten flytta ut i lavoen (i heimbygda), som blei bygd i sumar. Der kosa vi oss med kjempe god graut, tapas, spekemat, muffins, gløgg, kakao, saft, julabrus og ikkje minst nissebesøk.

Nissen var kjempe kul, og det var ingen tvil om at det var nipanissen som hadde teke seg tur.
Ungane jubla over kvar sin snopepose, og då utan mandarin...hehe...







Tusen takk gode klubbjenter og ikkje minst søster som ordna og stelte så masse på førehand.
Ha ein strålandes dag!

Klem Gunilla
Sjå forresten konkurranse hos ZanZ her!

tirsdag 14. desember 2010

Nordlandslefsa til jul...

Dei flotte lefsene som ligg i fryseboksen og ventar på jula...

For ei veke sidan laga mamma og eg deilige nordlandslefser til jul. Eg hadde ansvaret for steikinga og mamma bakinga, og eg litt baking...

Konklusjonen var at det er ein seriøs jobb å ha ansvaret for steikinga. Det blei med andre ord eit par + + som ikkje blei "godkjent".

Oppskrifta på nordlandslefsene er enkel og smakfull:

2 koppar kefir
2 koppar farin
1 kopp sirup
1 kopp smør
2 egg
3 ts hjortesalt
2 ts natron

Bland alt saman (smelt smøret), ha i mjøl til passe deig.

Akkurat det er jo veldig vanskeleg å beregne. Alt skal speast i, deigen skal vere ganske blaut.
Den står kaldt over natta og når du baker ut kan du tilsetja endå mjøl. Det er betre at den er litt for blaut enn for hard, for då blir lefsene tørre...

Rull ut litt og litt av deigen og stikk ut lefsene med eit pannelokk, så blir dei perfekt runde...

Steik lefsene på takka.

GOD JUL OG LUKKA TIL!

Klem Gunilla


mandag 13. desember 2010

Gratulera så mykje til Silje!

Denne kommentaren gav deg plutselig ei søt vimpelrekke, samt ei overrasking frå oss Tre Kusiner!

Anonym sa...
hei hei:0)

Detta vil eg gjerne vera med på.
Den vimpelen var kjempe fine:0)
Så må eg bare sei, at dåke har ein kjempe fine blogg jenter!!!

klem fra silje-m s!


Tusen takk for mange kjekke kommentarar kjære bloggvenninner. Travle dagar fører til at bloggen har låg prioritet om dagen.

No er det juleverkstadar, avslutningar, juleshopping, baking og grautfestar som tar all fokus! Veldig stas at det nærmar seg jul.

Stemningen er stigane og pulsen går pittelitt fortare enn normalt.

Klem frå Tre Kusiner

mandag 6. desember 2010

Vinn GOD JUL vimplar...

Slike skjønne vimplar og ei lita overrasking kan bli di om du legg igjen ein liten kommentar til oss tre kusiner.


Vinnaren av vimplane blir trukke på søndag 12. des, slik at vi får anledning til å sende det til deg i posten før jul!

Dei passar perfekt i eit passe stort vindu, på ein vegg eller andre kreative stadar i huset.



LUKKA TIL!!!!

Klem frå oss tre kusiner


PS. Vimplane får du kjøpt på TILBORDS på Husnes, der finn du utruleg masse flott!

lørdag 4. desember 2010

Kakemenn


På torsdag var da full fart på kjøkkenet på Kringleneset!! Vi baka Norlandskaker, potetkaker, kakemenn og Kvednakjeks!!!!

Full konsentrasjon!





Ei lita jente på 3 år klarte til og med å baka seg nokon små potetkaker. Kjempeflink jenta!!!

Ha ein fin laurdagskveld.
Klem V

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 8 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 10 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 13 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!