Dei flotte lefsene som ligg i fryseboksen og ventar på jula...
Konklusjonen var at det er ein seriøs jobb å ha ansvaret for steikinga. Det blei med andre ord eit par + + som ikkje blei "godkjent".
Oppskrifta på nordlandslefsene er enkel og smakfull:
Oppskrifta på nordlandslefsene er enkel og smakfull:
2 koppar kefir
2 koppar farin
1 kopp sirup
1 kopp smør
2 egg
3 ts hjortesalt
2 ts natron
Bland alt saman (smelt smøret), ha i mjøl til passe deig.
Akkurat det er jo veldig vanskeleg å beregne. Alt skal speast i, deigen skal vere ganske blaut.
Den står kaldt over natta og når du baker ut kan du tilsetja endå mjøl. Det er betre at den er litt for blaut enn for hard, for då blir lefsene tørre...
Rull ut litt og litt av deigen og stikk ut lefsene med eit pannelokk, så blir dei perfekt runde...
Steik lefsene på takka.
GOD JUL OG LUKKA TIL!
Klem Gunilla
3 kommentarer:
Så morsomt. Da e tradisjonen til meg og mamma og. Vi har gjort det dei siste 5 åra, men i år var eg sjuk når vi skulle baka, så eg har fått dosen i frysen utan å delta. Det er eg som får steika, er såvidt eg får lov å prøve meg på utbakingo. Og det er nøye overvåka :-D eg smiler for meg sjølv.
Det såg iallefall nam ut.
Klem frå Solveig
Så flotte dei vart,Gunilla :-) De får gjera som meg og mor, "årleg tradisjon" å bake lefser til jul. Klemzy Liv Vigdis
Flinkingar!
Eg som kom for seint då....Tusen takk for lefsene.. Knakande gode.
Klem F
Legg inn en kommentar