Viser innlegg med etiketten DÅP. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DÅP. Vis alle innlegg

torsdag 11. november 2010

Fødsel, dåp & God Jul....

Julakortet har hatt klar ei vekes tid, no sitt eg egentlig berre og ventar at det skal nærma seg desember...
TETS
TEST
Plutselig fekk eg eit par timar heilt utan forstyrrelsar...Lotta søv sin søtaste søvn i vogna, medan dei to eldste er på besøk hos gode vener. Det skal ikkje meir enn eit par timar til så er ein ajour igjen. Det tar heller ikkje lang tid før ein blir både rastlaus og saknar dei søte små rundt beina...heldigvis!
TEST
Endeleg er dåpstakkekortet i boks, no gjenstår det berre å kjøpa fotopapir og printe ut...*jippi*



TEST
I morgon gler eg meg til å ha heile gjengen fri pga planleggingsdag. Kanskje vi skal baka pepperkaker....hmmm. Det hadde dei nok likt. Pepperkaker, klementiner & julabrus hadde vore kos.
test
Ha ein fin fin dag folkens!
TESTTEST
Stor blogklem Frøydis

mandag 1. november 2010

Dåp!

No har det jammen gått over ei veke sidan vi feira Lotta sin dåpsdag saman med familie og gode vener. Vi hadde ein avslappande dag med mykje god mat, og mange trivelege samtalar! Dåpsbarnet oppførte seg eksemplarisk og sov seg gjennom heile måltidet...
TEST



TEST
I kveld sitt eg og lagar både julekort, takkekort og dåps-takkekort.. *kremt* Det er ein heila jobb, men når ein først har komt i gong er det jo mest av alt kjekt!

TUSEN HJARTELEG TAKK FOR MANGE FLOTTE GÅVER! Heldiggrisen Lotta.
TEST
Ha ei flott veke folkens. På vestlandet har vi hatt ein solrik dag idag:)
TEST
Klem Frøydis

mandag 18. oktober 2010

Dåp!

Til helga skal alle "tre kusiner" i dåp. Då ser vi fram til god mat og godt selskap med familie og vener.

Vår kjære Lotta skal døypast og i den anledning så skal to av kusinene og Heidi (tvilling bestis) gi dette herlege biletet som er malt av Bjørg Thoraldottir. Ho har masse flotte bileter som passar til både liten og stor.

Tittelen på biletet er KJÆRLEIK VED FØRSTE BLIKK!


Kva passar vel betre til eit lite born? Det er verkeleg kjærleik å bli foreldre...

Stor klem frå den eksamenslesande Gunilla

søndag 31. januar 2010

Gratulera med dagen vesle Olida!

I dag har vi feira vesle Olida sin dåp. Det var ein heftig start på dagen. I løpet av natta var det komme 20 cm nysnø, det var blåst rundt i fonner så det var mest ikkje mogleg å sjå ut vindauga! Heldigvis kom onkel Pelle med traktoren og fekk brøtt heilt fram til garasjen! TUSEN TAKK....

Klokka 11 byrja dåpen på Utåker, det var ei kosleg fin kyrkje. Presten var veldig flink, og ungane koste seg....


Dåpsbarnet hadde eit strålande humøt, og ho småflørta noko voldsomt med onkel Bjørn....:)

Små og store koste seg med koldtbord som inneheldt masse godsaker... Heimelaga lasagne, potetsalater, pastasalater, kylliglår, karbonader, aspik, hot-dogs, dressinger og ellers alt du kan tenkja deg!
♥
Sitat Marcus: "Mamma, kvifor var det egentlig så gøy i denne dåpen?
Tusen takk for oss vesle Olida! Vi er svært stolte av å vera fadrane dine.
PS: Grattis til onkel Byngen og, håpar du har hatt ein kjekke dag i snøen:)
Stor klem frå tvillingane
♥

fredag 7. august 2009

Livet er fullt av kontrastar!

Forrige helg var søstrene sisters så heldige at vi fekk vere fadrar på gullet til vår fantastiske venninne Heidi. Vi er stolte og glade for å ha blitt spurt!

Dåpsbarnet sovna rett før kyrkjeklokkene byrja å kime, og sov like til dåpen var ferdig...:) Vatn i håret var ikkje nok til å avbryta ein god søvn for vår lille venn....tihi. Vi hadde ein hærleg dag i godt selskap!




TUSEN TAKK!

Klem fam N.Mathisen + Hillestad

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!