Måtte vi få lika fin vinter i år som i fjor.
Dette er den koselege nissen som flyttar seg rundt i huset og gjere mykje rart:).
I dag har vi vore på loftet og henta julestjerna, adventstaken, luciatoget og julabyen. Ungane var i ekstase, for no forstår dei at jula faktisk nærmar seg.
Dagen byrja med årsfest i gymsalen, pølser, saft, kaka og nissebesøk! Det var utruleg spanande.
Etterpå hadde vi ein impulsiv julaverkstad, og skal sei ungane produserte. Lykter, bileter og anna flott kunst:).
I kveld har vi vore på lysfest hos mamma og pappa. Det var stor stas for liten og stor. Der fekk vi servert pizzahorn, potetkaker med sylteflesk (vår bessen si oppskrift...mmmm....), lappar med syltetøy eller krem, julabrus og kakao. Ungane måtte også leita etter kvar sin godtepose. Kjempe stas.
Skal sei pappa hadde pynta huset for sesongen, masse flotte julalys.
No er det berre for naboane og hiva seg rundt? Tihi...
Eg tok ein del bileter der nede, men det mest velukka for kvelden tok Margrethe medan vi vaksne måtte stilla oss opp.
Minnene har vi med oss og så håpar vi på at dette kan bli nok ein tradisjon.
Klem frå Gunilla