Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

onsdag 15. september 2010

Hageprosjekt...

I heile sumar har vi hatt utandørsprosjekt, og endeleg har hagen byrja å ta form!
TEST
Tidligere har vi hatt eit stykke mellom husa som berre har vore til irritasjon, eit skikkelig "rotihop". No har vi endeleg fått ein bein og fin plen. Stykket er mura inn med stein fra Ryfylket.
TEST
Haugland Maskin fra Uskedalen har laga murar og trapper for oss. Fantastisk flott arbeid!
TEST


Slik såg det ut etter første dagen!



Dei gamle ripsbuskane vart fjerna og plannering av plenen byrja!



Tunet såg rotete ut, og eit lastebillass av stein låg på vent...


Haugland Maskin har trylla fram tre flotte trapper og ein ny mur.
TEST

Slik såg det ut før vi sådde plen. Her kjem sandkasse og dissestativ! Eg håpar ungane får stor gleda av den utvida hagen. Fordelen er at vi har god kontroll frå terassen...Om eit lite år traskar nok vesle Lotta rundt med spade i handa medan vi grillar på terassen.....


Når første fasen var ferdig sette vi ivrig i gang med beleggningsstein utanfor inngangspartiet. Eit lokalt firma var ferdige med 220 m2 på ei veke. Kjempe kjekt!
TEST
Tunet ser no endeleg ryddig og reint ut.
TEST
No gjenstår ein del planting av stauder i fjellet rund huset. Ser for oss krypande stauder som trives i lite jord, og som veks utover fjellet. I morgon kjem "svigermor" fra øya. Ho har god peiling på staudar. Viss veret er på vår side plantar vi i til helga...

HAUSTKLEM fra Frøydis

tirsdag 8. juni 2010

Hageprosjekt!

Det er løye kor ein lagar seg arbeid når ein flyttar inn i nytt hus. Tomta vår er på litt over eit mål, og på nedsida av huset har vi ein kjekk flate der ungane kan spela fotball! Eldsteguten spelar kvar einaste dag og det er jo knall kjekt. Problemet er at det blir mykje springing etter ballen. Det er ganske kave å spasere ned steinrøysa kvar gong han fyrer av eit blindskudd. I fjor sommar bestemte vi oss vi å få gjerde rund deler av fotballbanen.
TEST
I bakgrunnen skimtar du banen. TEST


Vi sette i gang, lånte minigravar og fekk forskala ein ringmur langs plenen.
TEST
Broremannen stilte på dugnad og fekk støypt saman med husbonden.

I midten av mai hadde vi eindå ein dugnad saman med vener og familie. Karane jobba i timesvis og mor i huset er STORNØGD med jobben som vart gjort på ein dag!

Her ser dykk resultatet fra innsida. I utgangspunktet skulle eg ha ein hekk med laubærhegg på innsida av gjerdet, men førebels droppar vi hekken.
TEST
Neste storprosjekt i hagen er ein del nye murar, samt beleggningsstein rundt inngangspartiet. Det skal bli hærleg å få det reint og ryddig rundt dørene.
TEST
Ha ein kjekk dag og kos dykk i HAGEN!
TEST
Klem Frøydis

mandag 31. mai 2010

Huset i skogen


Vi har byygd oss hus langd nede i skogen heilt for oss sjølve, enn så lenge iallefall. Hagen er viss vi snur godviljen til da ein kan kalla naturhagen..... endå. Vi går rundt og lurer litt på korleis vi skal ha da. Men vi må nok ha inn ein gravemaskin før vi kjem veldig langt.
Her ein dag tenkte eg at eg får no prøva at da skal sjå nokolunde ut rundt dørane og gjekk på med godt mot og planta i urner.
Prøver meg fram med ulike blomar. Syns mange er kjempe fine men er (endå) grusomt dårleg på kva ting heiter :-)







Da byrja renga før når eg planta og eg tenkte at då tar eg bilder i måro og legge ut..... Men mine kjekke naboar kom meg i forkjøpet. Hjorten!!! Han lika tydelegvis desse fine raude blomane som stod i denna krukka. Men har bare smaka på dei søte små gule. Blir nok mange sånne hos meg då.
Desse står på terrassen, der har eg ikkje sett hjort endå......

Ha ei fin veka. Håpa at alle dagane blir som i dag.
Klem V

lørdag 10. oktober 2009

Idag har vi jobba som trelar rundt huset. Far i huset har leigd seg ein vedkløyvar og heile familien har hjelpt til. Desse to jentene har tjent seg lommepengar + ein is for framifrå innsats idag. Dei har jobba så svetten nesten rant! Gutane har bidratt like mykje, men dei er ikkje så lette å ta bilder av lenger:( Alltid ein fing eller ei tunge i vegen...hehe)





No håpar eg at vi har rikeleg med ved til neste år. Vi satsar på like fint ver sundag, slik at vi får gjort oss ferdige.
Ha ein NYDELEG sundag!
Klem F

onsdag 22. juli 2009

Hageprosjekt!

Slik såg det ut før vi starta!




For omlag 1 1/2 år sidan laga min kjære mann og mi flinke svigermor ei trapp på eine sida av huset. Svigermor var hagekonsulent, medan mannen hadde den praktiske delen... Trappa blei veldig koseleg. Men no har vi endeleg komt eit steg vidare i prosjektet; vi har nemleg lagt heller langs huset. Tante Åslaug har spandert avleggjarar som skal krypa mellom trinna, og gjerne mellom hellene...Siste steget er å lage ei tretrapp øverst. VIPS er vi oppe på terassen. Det ser ut til at min mann har arva sine grøne fingrar av svigermor. Det er jo veldig STAS!

Klem F

fredag 19. juni 2009

Blomsterkasse....

Heilt sidan vi fekk terasse på oppsida av huset har eg snakka om ein blomsterkasse som alternativ til rekkverk på eine kortsida..... Det er litt for høgt å detta ned når ungane kjem susande på sykkel:) Min snille mann fekk fart på sakene og snikra ein kasse til ho mor...









Eg er utruleg fornøgd med mannen sitt verk, og er no klar til å planta i min nye blomsterkasse. Den er nærmare 0,6 cbm stor, og fylt med lekastein i botn + jord øverst. Min første plan var å plante bambus i kassen. Lyden av bambus gjer meg så lukkeleg...tihi. Mitt andre alternativ er oliventre (Det minnar meg om hærlige dagar i Barcelona, men eg fryktar at vestlandsk ver tar knekken på dei...), medan mitt tredje alternativ er urter av ulike slag! Sidan kassen er ca 2 meter brei og over ein meter høg synes eg det høver seg med noko som visar godt igjen. Det er temmeleg verhardt på oppsida, så det er også eit hensyn vi må ta. Har du eit TIPS til kva som kan ta seg godt ut i min nye blomsterkasse???

Eg blir takksam for gode idear. Fint om du legg igjen ein link til forslaget ditt..
PS: Det kjem nye bileter av blomsterkasser når eg har fått planta i han....

Stor klem Frøydis

lørdag 23. mai 2009

Du søte LAVENDEL.....

Idag har vi hatt ein flott dag i hagen. Mannen har klypt plen og kantar, Marcus har spelt fotball, eg og Aurora har planta i pottene utanfor huset. Eg kjøpte LAVENDEL til nedsida. Dei held seg heile sesongen. Lavendel = duftplante og nytteplante i ei og samme plante....

Lavendel utanfor dørene...

Hærleg duft!

Ein liten bit fra urtehagen...



Avleggjar frå svigermor og naboen...


Tidligare idag har vi vore på Trio Cup og heia fram dei søte små! Klikk på linken om du vil sjå bileter:)
GOD HELG!

Klem F

torsdag 21. mai 2009

Endelig......


Kan vi ynskja velkommen til gards med blomar utfor døro!!!!

Vi har hatt nokon påskaliljer som har sett sine beste dagar, men i dag var det ope på Hagesenteret og då fekk eg mannen i huset med. Vi har planta til vi var søkk våte!!!!


Denna nydelige blomen var med frå Haugesund på måndag!

Ha ein fin kveld.
Klem V

lørdag 16. mai 2009

Ein praktfull hage!


Idag har vi vore i 34 års dag til vår kjære søster/tante/svigerinne.
På menyen stod det:
Grillpølser
Blautkake
Iskrem
Medan eg var på Husnes idag måtte eg beundra den flotte hagen til familien Gjerde.....
I overgangen frå terassen til parkeringa er det laga eit overbygg. På bakken er det lagt gamle heller.

Inntil garasjen har vi muligheten til å setja oss nedpå og nyta sola medan vi ser på ungane som hoppar på trampolina!

Tante Sigrid har jakta etter denne pelargoniaen i Sandnes...


Dei er heldige og har ei ekstra tomt ovenfor huset. Her går det koslege stiar som er spanande for dei minste...

Lyseblå hagemøblar med heimelaga pute...





Reint og ryddig!

Pust i bakken....

Vi håpar at jubilanten har kost seg like mykje som oss.
No slappar vi av med Grand Prix. Vi er så heldige at mamma har strøke ALLE budnadsskjortene til familien Nilsen/Mathisen/Hillestad. Phu. TUSEN TAKK.
Lykke til med feiringa av 17 mai folkens!
Klem F

torsdag 30. april 2009

Friske fargar i hagen!

Det herskar vel ingen tvil om at våren er på veg:) Det er kjekt å sjå at det blømer i kvar ein krok! Blomsten som er avbilda har eg fått av "Farmor" på øyo.

I morgon har vi to maler prosjekt som skal gjerast, det gler eg meg til å ta bilder av! Marcus har arva ein sjarmerande pult etter besto, medan Aurora skal mala ein gammal gyngehest... Det er kjekt å ha litt planar i det små sidan heile gjengen har fri ilag!




Med ynskje om ein HÆRLIG fridag til alle som er innom:)

Klem F





søndag 5. april 2009

URTER UTE OG INNE

I dag har vi hatt ein drømmedag ute i solskinnet.

Vi har kost i den hærlige vårlufta. Til og med urtene mine fekk lufta seg litt idag. Dei har eg normalt sett inne på høgskåpet, men idag fekk dei nyta sola ei stund.. Eg synes det er så dekorativt med urter. Dei som er veldig observante ser at det verken er BASILIKUM eller OREGANO i pottene. (Sjølv om det står det utanpå)
Nokon som vil gjetta kva urter eg har oppi krukkene mine??
Dei luktar særs godt.....
Krukkene kjøpte eg forresten hos BARONESSA for eit par år sidan...

Idag har vi vore på tur, fanga kaniner som har gått laus sidan i sommar, tørka kle i solveggen, grilla på terassen og vore på bading, pussa ned to tripp trapp stolar som treng eit nytt strøk...PHU. Det har vore ein kosedag saman med ungane og gode vener/familie...





GOD SØNDAG TIL ALLE SOM KIKKAR INNOM
DEI TRE KUSINENE...
Eg kan opplyse om at det er timian i begge pottene!
Klem Frøydis






Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 6 år siden
  • daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...
    for 9 år siden
  • Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...
    for 10 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 10 år siden
  • Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!
    for 10 år siden
  • Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...
    for 10 år siden
  • B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤
    for 11 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...
    for 12 år siden
  • -
    for 12 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 12 år siden
  • Sjølvforsynt - Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! (Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...) Mi inspirasjonskjelde! Her g...
    for 13 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 13 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 14 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 14 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 15 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!