mandag 28. desember 2009

Vinterdraum på vestlandet

Før det blei mørkt på julekvelden sendte vi opp ein "varmluftsballong". Det var utruleg fasinerande for både liten og stor. Vi tente på ei lita brikke som varma opp ballongen såpass at det danna seg lufttrykk og den sveva av seg sjølv.

Den sveva høgt opp over oss og for mot Bergen... skikkeleg flott!!! Dette var (naturlegvis) pappa sin idè, til glede for oss. 

Onkel Anders skulle ta 360 på ski, velukka til tusen. Hehe....

Mollemor full fart ned bakken ved hytta! 

Aurora og mollemor susar saman! Erteris. 

Vesle Geir jr. drukna nesten i all snøen, fantastisk spanande. 

Onkel Bjørn og Geiremann studerar utsikten. 

Ungane på veg bort til mormor og tante sine hus, der er akebakken perfekt i disse dagar. 

Julekvelden er over og vi er alle heime frå fjellet. Vi har hatt fire alle tiders dagar på hytta med god mat, deilig drikke, masse pakkar, speling, lesing, god familie og atter mat.

Seinare i veka reiser vi på svigers si hytte, og kjenner eg dei rett blir det nok nett lika mykje god mat og drikke der òg. Magen romlar av tankjen....

No har eg fått fotobok til jul og håpar den kan vere med på å hjelpe meg i å ta betre bileter. Greitt å veta kva som skal til for å ha eit best mogleg utgangspunkt. Trikset er vel å ta MASSE bileter, prøva og feila. Puuuh.... Spanande og kjekt er det ihvertfall, så får tida vise om det gir resultat.

God romjul alle saman. Takk til alle som vitjar bloggen.

Klem Gunilla 

søndag 20. desember 2009

O jul med din glede!

Ja tenk at vi skulle få kvit jul i år. Det er ein liten draum som har gått i oppfylling:) I helga har meg og mamma vore og klargjort hytta til julefeiring. Då reiser samler alle seg på Kvamskogen og feirer ilag. Det gler vi oss til!







Brøytekantane skjuler hytta!



På laurdag kom det ca 50 cm nysnø!



Vi fann eit fint juletre i hagen, og fekk pynta og klargjort det!







Då eg kom heim var det komt mange fine julekort frå venner og kjente!

Tuuuusen takk.... No fekk vi to kjekke jenter på døra......og MÅ berre kom oss ut i snøen!

Ha ei flott veke. Køyr forsiktig folkens.

Klem F

lørdag 19. desember 2009

Med ynskje om ei strålande jul!



I går laga eg omsider mange julakort til dei næraste. Normalt sender eg kort til fjern og nær, men det rekk eg sannsynlegvis ikkje denne jula. *SUKK*.

Eg ynskjer deg og dine ei fantasisk jul, til og med kanskje kvit??!??? Her heime daler snøen ned, kjempe fint. Håpar vinden gir seg, slik at vi kan ut i akebakken igjen.

Vi har vore å aka i dag, med livet som innsats. Heldigvis hadde vi oss ein god pause hos tante Åslaug og gjengen, det gav oss nye krefter til å prøve litt til. Skikkeleg ruskaver! 

GOD JUL TIL ALLE SOM ER INNOM BLOGGEN VÅR!!!!!

Klem frå Gunilla

tirsdag 15. desember 2009

Ostebollar, stor suksess!

I dag har vi laga deilige enkle ostebollar som var stor suksess for både liten og stor.

Ostebolleoppskrifta fekk eg Vibeke, "medeigar" av tre kusiner:

Ostebollar:

150 g smør

12 dl mjølk

1 1/2 ts salt

50 gram gjær (evt. 75 gram om ynskjeleg)

1500 gram mjøl

600 gram revet ost

Bland alt det tørre samt osten.

Spe deretter lunka melk og smelta smør (blanda) inn i deigen.

Dette er perfekt mat å ha på lur i frysen. Godt å eta til lunsj, samt litt sunnare enn dei søte bollane vi pleier å baka. 






Vi åt ostebollar til kvelds og fekk koseleg besøk frå broremann og Sondre (søskenbarn) frå Fitjar.

Fortsatt god advent.

Beste helsing

Gunilla 


onsdag 9. desember 2009

Grautfest for liten og stor

var skikkeleg spanande for ungane. Det er blitt ein tradisjon med klubben, og i år som i fjor kom nipanissen på nesøk. I år slapp han seg skikkeleg laus, ungane skrattlo og syns det var stor stas med besøk.

Vi er etterkvart blitt mange når vi er samla, heile ni ungar i antall og to på veg... Til neste år skal vi feire det utandørs i lavo er planen. Tenkjer at du Martin ordner lavo`en, du har jo butikken med det "rare" i??? Eg er spent...tihi...

Denne søte kalendaren kjøpte mannen på reise i Tyskland. Den er med å skaper mykje spaning og ikkje minst altfor tidlege morgonar i heimen...Zzzzz... Diverre er posane veldig små, så til neste år skal eg sy slike fine posar som deg søster. Knall god idè frå mitt og mine!


No er det tid for albumar av ulike slag. Eit heilt år er gått sidan sist, og mange fine og endå fleire mislukka bileter er tatt:). Av alle tusen bileter er det kanskje ca. hundre eg er nøgd med. Erfaring etter at eg byrja å ta bileter er at dagslys/uterom er tingen.

Ha ein fin dag!

Klem Gunilla

Årets julekort.

I år har eg virkeleg telt på knappane, Skal, skal ikkje. Men vi får halde den 7 år lange tradisjonen tru å sende julekort til familie, vener og kollegaer! *fnis* Eg skulle ynskje eg hadde tatt vare på dei 7 ulike korta oppgjennom åra. Det hadde vore artig. Kanskje tante Å har dei på lur...? I eska med det rare oppi? Det er kjekt å sjå tilbake på.

Ein liten smakebit får dykk uansett under!




Kortet er bestilt hos http://www.kortshop.no/

Dei er unike på design og service. Kan anbefalast.

Klem Frøydis

søndag 6. desember 2009

Nyoppussa gang til jul...

Vi har hatt eit aldri så lite oppussingsprosjekt på gang siste vekene. Vi er så priviligerte at vi har leigd inn proffe folk til å ta jobben.. Sist vart det ikkje så vellykka, derfor har vi lagt ansvaret over på dei som kan jobben sin.



Sparkling var første steget!



Nye strier kom dagen etterpå!


Så var det tre strøk med maling før mor i huset vaska ned gangen og rulla ut teppet igjen..

Heit herlig!

No har eg hengt opp kalender posane på spilene. Det var ganske tilfeldig, men oppe er det nøyaktig 24 spiler. Lucky me. Har endå nokre pakkar igjen, men dei ligg klar i mammas hemmelige skap! Ungane gler seg ihjel til kvar pakke. I morgon er det endeleg nr. 7, den har dei gleda seg til ei veke no. Den inneheld tannbørsteholdere fra tante Sigrid! tihi.

Ha ei fortreffelig veke folkens! Takk for at du kikkar innom.

Klem Frøydis

fredag 4. desember 2009

Eigen signatur

For eit par veker sidan bestilte eg vevde namnelappar på ei svensk nettside. Tanken er at eg vil ha ein slags signatur på det eg strikkar og gir vekk til vener og kjende. Eg har strikka sikkert 10 vogntepper av typen som er vist under. Det er gode bomullstepper til småtroll! Dette teppet er laga til Tobias for lenge sidan, men sidan eg ikkje fekk dei nye lappane før idag har eg venta med å gi det fra meg.... Kanskje vi kan få til ein overrekkelse i helga?







Likte du namnelappane kan du kikke innom her.

I kveld har meg og ungane vore hos mamsen og fått favorittkvelden som jo er risengrynsgraut.. Det er alltid ein suksess. Tusen takk!

No vonar eg alle har kontroll til jul og har ei deilig helg.

Klem Frøydis

torsdag 3. desember 2009

Lucia-tog.



Det nærmer seg lucia-dagen og "staken" er komme ned frå loftet. I år står den på kjøkkenet, men eg ser på bileta at den stod på barnerommet i fjor. Igrunn koseleg, er jo ungane som går i lucia-tog. 

I går kom det ein flott, stor og nydeleg verdsborgar til! Han var aldeles nydeleg (fekk mms....). Gratulera så masse J+G+S og ikkje minst bestefar. Kjempe kjekt.  Vi gledar oss til å sjå han. 

Ha ei fin helg alle saman. Det nærmar seg jul og mykje skal gjerast i hus og heim. Til helga er planen å baksta litt pepperkaker og kakemenn. Vi er ikkje så glad i småkaker, men tradisjonane må vi halde på. I tillegg kunne eg tenkt meg å steike nordlandslefser. Mmmm... Etterkvart avansere med potetkaker, endå betre. 

Målet er å lage potetkaker i løpet av 2010. Nordlandslefser i 2009. Så får vi sjå om dagane strekk til...

PS. Marta, Vibeke, Guro og Frøydis, eldhuset og nye tradisjonar i 2010? Har vi ein plan? 

Stor klem frå

Gunilla 

tirsdag 1. desember 2009

Kalender og pepperkakehus!

Først og fremst vil eg takka mitt og mine for å visa oss den kreative julekalenderen du har laga til ungane dine. Eg likte den så godt at eg blei heilt "sjuk" etter å prøva meg på noko liknande. Det var absolutt heilt i mi ånd. No er posane sydd og fylt i meg all slags kjekke kalendergåver... Ungane er i ekstase.


Planen var å henge opp ein stål wire el liknande i trappeoppgangen, men sidan malaren akkurat har malt siste strøket.....så ligg no posane klar i stova i påvente av nytt oppheng... Jammen var det mykje jobb ja, men vel verdt det. Desse kan dei få med seg når dei blir "store."




Neste prosjekt var pynting av pepperkakehus. Ungane fekk fullstendig frie tøylar, og det er ikkje så vanskelig å sjå...tihi. Flinke!

Ha ei fin veke folkens!

Klem Frøydis

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 8 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!