var skikkeleg spanande for ungane. Det er blitt ein tradisjon med klubben, og i år som i fjor kom nipanissen på nesøk. I år slapp han seg skikkeleg laus, ungane skrattlo og syns det var stor stas med besøk.
Vi er etterkvart blitt mange når vi er samla, heile ni ungar i antall og to på veg... Til neste år skal vi feire det utandørs i lavo er planen. Tenkjer at du Martin ordner lavo`en, du har jo butikken med det "rare" i??? Eg er spent...tihi...
Denne søte kalendaren kjøpte mannen på reise i Tyskland. Den er med å skaper mykje spaning og ikkje minst altfor tidlege morgonar i heimen...Zzzzz... Diverre er posane veldig små, så til neste år skal eg sy slike fine posar som deg søster. Knall god idè frå mitt og mine!
No er det tid for albumar av ulike slag. Eit heilt år er gått sidan sist, og mange fine og endå fleire mislukka bileter er tatt:). Av alle tusen bileter er det kanskje ca. hundre eg er nøgd med. Erfaring etter at eg byrja å ta bileter er at dagslys/uterom er tingen.
Ha ein fin dag!
Klem Gunilla
2 kommentarer:
fine bilde av gullo! Gamla kusina vente endå på dei ho skal ha i trappa.....
Gamlakusino skal få når ho kjem på besøk...:). Fritt valg. Stor klem G
Legg inn en kommentar