torsdag 28. oktober 2010

Gulrotkaka SAFTIG OG SUNN!


GULROTKAKA

Saftig og sunn...

Til bursdagen min i 2005 (følte det var i fjor...) fekk eg ei utruleg kjekk bok frå svigermor, og svigerfar.

KJENDISENES beste kaker og andre favoritter.

det ser diverre ut som den ikkje er i sal lenger, men om du vil ha ei oppskrift av meg er det berre å spør om kopi, i denne boka er det meste...mmm. 

Den har vi brukt vanvittig mykje. I denne boka finn du ei mengde gode oppskrifter for å kunne lage ei betre kake eller ein god dessert. 

Oppskrift på gulrotkake:

4 egg

2 1/2 dl sukker

3 dl kveitemjøl eller spelt

2 ts natron

2 ts kanel

1 ts vaniljesukker

5 dl revne gulrøtter

1 1/2 dl soyaolje

Egg og sukker piskast til eggedosis. Alt det tørre siktes sammen i eggedosisen. Revne gulrøtter og olje må rørast i, Hell røra i lita, smurt langpanne. Kaka må steikast på nederste rille ved 175 grader Celsius i ca. 30 - 40 min. Avkjøl.

Fyll:

200 g Philadelphia

100 g meierismør

200 gram melis

4 ts vaniljesukker

1 ss revet sitronskal

Ost, smør, meis, sitronskal og vaniljesukker blandast saman  i hurtigmiksar eller for hånd. Osten og smøret bør ha romtemperatur. Kaka deler du i to (etter at den er avkjølt) og kremen tek du både inni og fordeler over heile kaka oppå. Denne kaka er utruleg lett og V E L D I G god. Kanskje ikkje



det sunnaste fyllet, men gjett om den smakar godt.

Mmmmm.....

Gulrotkaka til vesle LOTTA sin dåp, eg er ingen konditor...men den blei knall god:)

Det er enkelt å dele kaka etter steiking (avkjøl), eg brukte ei stor hjerteform denne gongen. Då laga eg 1  1/2 oppskrift. Forma var ganske stor... 

Det har vore litt ufrivillig bloggtørke frå mi side. Eg har ikkje funne USB kabel og les til eksamen. Godt vi er "tre kusiner" jenter.

Klem Gunilla 

onsdag 27. oktober 2010

Smuldrepai med epler og vaniljekrem..

Vidunderlig enkel og vidunderlig god!
TEST
test
Henriette hjelper tante med baksten!
TEST
Denne smuldrepaien har vi laga på det jevne i heile haust. Det tar berre nokre minuttar og blanda ingridiensane, og steiketida er kort! Ein god ide til klubb, for alt kan gjerast klart på førehand, og paien kan steikast rett før den skal etast. Rykande fersk saman med vaniljeis? NAM!

Oppskrifta har eg funne hos Det søte liv.

Den ser slik ut:

Smuldredeig:
100 gram smør
100 gram sukker
100 gram kveitemjøl
100 gram havregryn

Fyll:
5 dl vanijekrem
3 epler
2 ts kanel

Framgangsmåte:
Bland kveitemjøl, sukker og havregryn. Ha i smelta smør og bland smuldredeigen raskt saman.

Smør ei paiform. Fordel vaniljekremen. Legg på eplebiter og strø over kanel. Fordel så smuldredeigen på eplene.
TEST
Steikes midt i ovnen ved 200 grader i ca 15 - 20 minutt.
TEST
TISP:
Serveres lunken saman med vaniljeis og ein deilig kopp varm te:)
NAM
Lukka til!
NAM
Klem Frøydis

lørdag 23. oktober 2010

JIPPI!


No er det siste innspurt før dåpen i morgon, men berre måtte kikke innom bloggen i håp om ein av dei andre kusinene har publisert noko kjekt!

Ingen nye innlegg sidan sist, men ein skikkelig kjekk NYHET. Eg har nemlig vunne ein konkurranse hjå bloggen LIN & PAPIR. Denne kjekke bloggen tipsa faktisk ein sambygding om førre veke. *litt flaks skal man jo ha*

Kjempe kjekk blogg eg kan anbefala vidare.

God helk folkens!

Klem Frøydis

mandag 18. oktober 2010

Dåp!

Til helga skal alle "tre kusiner" i dåp. Då ser vi fram til god mat og godt selskap med familie og vener.

Vår kjære Lotta skal døypast og i den anledning så skal to av kusinene og Heidi (tvilling bestis) gi dette herlege biletet som er malt av Bjørg Thoraldottir. Ho har masse flotte bileter som passar til både liten og stor.

Tittelen på biletet er KJÆRLEIK VED FØRSTE BLIKK!


Kva passar vel betre til eit lite born? Det er verkeleg kjærleik å bli foreldre...

Stor klem frå den eksamenslesande Gunilla

søndag 17. oktober 2010

Å Vestland, Vestland........


I helga har vi hatt da flottaste hausteveret her på Vestlandet. Ingen plass er så fin som her då!! I dag har da vore arrangert Varden Opp. Dei sprekaste spring opp og vi andre tusler. Eg tok dei to største med meg og gjekk med bestemor og Henriette. Madly på 3 syns da blei ein lang tur men mammo syns ho var kjempe flink.

Vi tar den tid vi treng........
Pause i bakken med litt påfyll av energi.

Vi må registrera oss i boko. Pizzahorn pause her.

Konrad og Henriette på toppen av Varden!!! Bestemor og Madly venta på oss nede i Trollskogen. Der syns Madly ho hadde gått langt nok.

I går var eg og dei to store på skogstur til Verdens ende. Så vi har nytt haustveret til fulle og gitt blanke i at badet skulle hatt seg ein omgang med såpa....... Pappen i huset har lest til eksamen, så badet treng fortsatt såpa!!!!

Ha ein fin søndagskveld.
Klem V

lørdag 16. oktober 2010

Så var det helg igjen!

Det er vel ikkje til å stikka under ein stol at det er travelt å vera trebarnsmamma. Kjekt, men travelt! *fnis* Dei største gullungane i familien hatt haustferie, så her har det vore full rulle og stormande jubel heile veka. Det er SUPER kjekt å finna på litt ekstra når vi har ferie, så her har vi hatt liggebesøk, vore på liggebesøk, hatt middagsbesøk, vore på middagsbesøk, vore med tante Tine og Co til "Eventyrland"(Mauranger) vore med June på fisketur, vore på nistemattur med mosto og Co..Ja vi har kost oss masse i det fine vestlandsveret.

No som vi har baby i huset igjen har eg fått låna ein del strikkakle eg sjølv laga til mine eigne tantebarn. Dei har eg tatt meg tid til å merke med mine eigne namnelappar. For å seia det slik; det er vel og lenge til eg er tom, for produksjonen har pussig nok stoppa opp om dagen:)




Les meir om namnelappane her.

Det har vore mindre tid til bloggen, men eg vonar vi kjem sterkt tilbake.

Ha ein deilig sundag!

Stor klem F

onsdag 13. oktober 2010

Scones til frukost!

Idag har meg og Marcus laga heimelaga scones til frukost. Dette blir også kalla hastebrød sidan dei er raske og bake og fordi dei ikkje treng heving. Brødet har kort holdbarhet og er absolutt best samme dag....






Eg deler gjerne oppskrifta med dåke:
(DAMMS STORE BAKEBOK)

SCONES
16 stk. (4 leiver)

8-9 dl kveitemjøl
1 ts salt
5 ts bakepulver
100 gr. margarin
4 dl mjølk
(rosiner om ynskjeleg)

ovnstemperatur 250 C, i 12-15 min. (takk Monica)




1. Begynn med å måle opp dei tørre ingrediensane i bakebollen. Smuldre fettet i det tørre.

2. Arbeid røra i nokre minuttar til den har blitt kornet. Tilett mjølka og kna.

3. Klem den lause deigen direkte ut på bakepapiret og form til runde leiver.

4. Bruk spore el. kniv til å dele dei i fire, utan at snitten går heilt gjennom.

Masse lukka til!

Klem Frøydis

fredag 8. oktober 2010

Velkomen til verda vesle.......

prinsesse!!

Idag har Lotta, mormor og meg kost oss skikkelig. Dagen byrja med at vi tre jentene hadde oss ein trimtur rundt bygda. Endeleg kom sola igjen og gradestokken bikka såvidt 20 grader. Hærlig!

Etter turen fekk eg servert ferske rundtykker hos mamsen. Godt å bli dulla med sjølv om ein nærmar seg 30 med stormskritt. Etter ein god lunsj gjekk ferda vidare på babybesøk. Familien Moberg har nemlig fått sitt aller første barnebarn og det er jo stor stas for heile familien. GRATULERA SÅ KJEMPE MASSE TIL ALLE!



Ei avslappa nydeleg lita jente...likna på mammo si...



Kjempe søt takløk på trappa hos tante GM.



Fargerike muffins.



Tenk at Lotta no er 4 mnd. Ho såg ut som ein konfirmant atmed den vesle nykomlingen...tihi

No gler vi oss til helga og det store STILETTHÆLRACET i Uskedalen. Vi håpar været blir som lova og at mange tar turen denne dagen.

Klem Frøydis

tirsdag 5. oktober 2010

Pizzahorn..

Med dette vestlandsveret må ein finna på inneaktivitetar som tar nokre timar! Måndag var den store bakedagen her i huset. Det er jammen godt å fylla opp frysen med pizza/pølsehorn. Ungane blir så hoppande glade når den kjedelige nista blir erstatta med bakst frå ho mor...hehe.

Eg googla etter oppskrift og kom tilfeldigvis over denne på bloggen SNILLPIKE.


Pizzahorn i fleng!

<3
Vesle Lotta låg i vogna atmed meg og sprelte med tærne, gnagde på leiker, pludra og kosa seg. Heldige meg!

Frøydis

mandag 4. oktober 2010

OLIDA 1 ÅR


Gratulera med 1 årsdagen vetla gullet vårt!!!!


Eg har sete og mimra og sett på bilder og syns det er kjempe rart at det er 1 år sio detta bilde vart teke. Eg syns nett eg gjekk å venta på gullet som hadde såååååååå god tid. No har ho ikkje god tid lenger og stabber rundt her!!!

Bamsen så stora søstera kjøpte når vi venta på babyen har vore god å ha når ein skal sova. Enten da er å kasta den på golvet eller kosa med den.
Bare verdens finaste jenta

Full konsentrasjon på stranda i sommar.
Ha ei fin veka.
Klem V

Har du meldt deg på!?


Trykk på plakaten for meir informasjon!
TEST
Veret for laurdag finn du her.
TEST
Dette blir knallkjekt.

fredag 1. oktober 2010

Molle 5 år!


Det er både FANTASTISK og litt vemodig når ungane plutselig har blitt så store. Det er jammen ikkje lett å sleppa taket....litt etter litt får dei prøva seg på eiga hand ut i den store verda... TE

Idag fyller Molle endeleg 5 år. Vi er så glade for å ha dåke så nær, og vi gler oss stort til feiring i Kråkeslottet i morgon!





HIPP HIPP HURRA FOR MOLLE 5 ÅR!

Klem fra oss i Hagen

Min bloggliste

  • Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...
    for 4 år siden
  • Nina Kanina - Strikka e gøy og da har eg gjort siden egva liten...hekla derimot e da sjelden eg gjere - da e gøy men eg slite med og forstå dessa heklemønstere...
    for 7 år siden
  • for å havne litt bakpå - Årets julekortbilder ble tatt en hektisk formiddagstime, klemt inn etter skole og før en avslutning. Ikke de store krumspringene i år, en pakke kokos ...
    for 7 år siden
  • Instagram - Fra nå av blir det ikke lagt ut mer på denne bloggen men følg meg gjerne på min instagramkonto: gurimalla_
    for 8 år siden
  • Peace & Joy - ...kortet er fra Søstrene Grene Verdens beste Wilma og verdens mest slitne Snoopy Det tar på å være elskeren til Wilma
    for 8 år siden
  • Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...
    for 8 år siden
  • W O O D - W O O D W O R K Handmade #Handmade is the new black
    for 9 år siden
  • En dose farge? - Jentene på NIB spør om det rom for litt farge på soverommet? Tja... eg likar soverommet roleg og avslappa men litt mørkegrått samman med haustfargar synes eg...
    for 9 år siden
  • Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og pl...
    for 10 år siden
  • -
    for 10 år siden
  • A beautiful day… - [image: What a beautiful day]
    for 10 år siden
  • Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...
    for 11 år siden
  • Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...
    for 12 år siden
  • Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...
    for 12 år siden
  • Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...
    for 13 år siden

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!