Det er vel ikkje til å stikka under ein stol at det er travelt å vera trebarnsmamma. Kjekt, men travelt! *fnis* Dei største gullungane i familien hatt haustferie, så her har det vore full rulle og stormande jubel heile veka. Det er SUPER kjekt å finna på litt ekstra når vi har ferie, så her har vi hatt liggebesøk, vore på liggebesøk, hatt middagsbesøk, vore på middagsbesøk, vore med tante Tine og Co til "Eventyrland"(Mauranger) vore med June på fisketur, vore på nistemattur med mosto og Co..Ja vi har kost oss masse i det fine vestlandsveret.
No som vi har baby i huset igjen har eg fått låna ein del strikkakle eg sjølv laga til mine eigne tantebarn. Dei har eg tatt meg tid til å merke med mine eigne namnelappar. For å seia det slik; det er vel og lenge til eg er tom, for produksjonen har pussig nok stoppa opp om dagen:)
Les meir om namnelappane her.
Det har vore mindre tid til bloggen, men eg vonar vi kjem sterkt tilbake.
Ha ein deilig sundag!
Stor klem F
Stolt turner
-
Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn!
Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort!
Utrolig...
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar