Ute dalar snøen i store mengder. Det er så flott! Blir så glad av å sjå at dei ellers litt fargelause omgivelsane ute plutseleg er kvite.
Ungane storkosar seg og har laga snøballar i barnehagen....
ENDELEG!!!!
Etter at vi kom heim frå familiebading gjekk eg i gong med å fullføra prosjektet på vaskerommet. Det skal brukast til ein reservegong. Praktisk i forhold til barnevogn og ellers kle som vi diverre har så altfor mykje av...
Så no er det omsider klart til bruk og blei ganske koseleg, syns eg.
Det er inspirerande å vera innom så mange fine bloggar, trur det gir masse god energi.
Kjenner eg klør i fingrane etter å male, pusse og fikse på alt rundt meg.
Er det nokon som har tips til fine fargar til å male panel? Eg skal i gong med soverom nr to når eg er ferdig med loftstova. Syns ikkje at alt skal vere kvitt heller, det kan bli litt mykje.
Eg blir kjempe glad for tips om fargar evt. andre gode forslag under oppussing.
Gunnhild:)
1 kommentar:
Heia! Har du brukt heilt kvitt når du har malt resten??? Eg har brukt en farge som hette letthet -syns den e veldig fin -men nesten kvit då! Kva med grå-blått?? Eller lys mint.....??
Legg inn en kommentar