Til helga skal to av oss "tre kusiner" på hyttetur. Det gledar vi oss stort til. Ideelt sett så burde alle tre vore med, då hadde vi vore meir komplette, men det passa ikkje slik denne gongen. Vi jentene kan kanskje ta oss ein tur åleine, slik at vi kan svinte nedom IKEA ein heil dag? Tenk kor herleg? Noko å tenkja på...
Maten er handla inn og vi reiser direkte til Kvamskogen rett etter jobb. D, heldige som har mamma og pappa med koseleg hytte. Det er gode vermeldinga så vi satser på mykje aking, skigåing (njaaaaaa....) kakao, pølser på termos, appelsin og kvikk lunsj og heilt sikkert nokre glas med vin etter at ungane er lagt. Snakka meg om ro i sjelero. Reine rehabiliteringa etter ein elles travel kvardag, der vi alle føler at vi skulle hatt mykje meir tid med ungane og kvarandre. Sånn er det vel å vere småbarnsforeldre:).
Eg håpar på litt brettspel og satsar på at bøttebaletten blir med på ALIAS, mitt nye favorittspel.
Spelet kostar 198,- og det er jo ikkje så verst for eit artig spel som igrunn passar til både liten og stor. Dersom vi spelar med små ungar har vi valt å gjere det slik at den som er på lag med dei minste får velge eit ord dei veit er overkommeleg...Elles blir det jo ikkje noko kjekt. Ungane blir kjempe stolte når dei klarar det. Les meir på http://www.brettspill.no/spill.aspx?spillId=1229
På menyen står det pizza på fredagenm hjortegryta på laurdagen og deilig middag hos tante Åslaug på søndagen.
GOD MORSDAG PÅ SØNDAG ALLE MAMMAER.
Nyt dagen og kjenn på kor deilig det er å vera mamma... Tenk kor heldige vi er????
Gunnhild:)
1 kommentar:
Alias e kanonkjekt!!
HB dåkke har de kjekt på hyttetur :-D
Legg inn en kommentar