No er eg endeleg ferdig å male alt i loftstova.
Eg har malt lister/karmar kvite og veggar/takk eggekvit, oljemaling. Eg skal innreie og behandle golvet før eg legg ut FØR/ETTER bilete (det elskar eg å sjå på andre bloggar)...
Skal sei det er enorm forandring!
Plutseleg blei rommet romslig og kjempe triveleg. Kanskje eg til og med kjem til å bruka symaskinen samt byrje litt med scrapbooking igjen?!?? Kven veit?
Eit koseleg gjesterom er formålet sånn i utgangspunktet.
No styrer eg med å pusse over golvet med fint sandpapir for så å behandle det.
Har du tips til behandling av golv? Korleis utføre det og kva ville du gjort med golvet? Det er per i dag ubehandla furugolv, som eg faktisk likar veldig godt. Var inne på å male det lyst, men har slått det frå meg:). Syns det er fint med trekvitt golv, men ingenting imot å sette det inn med noko meir varig og kanskje finare.
Eg blir kjempe glad for tips om behandlingsmetode, evt. teknikk.
Bildet her er tatt frå stovevinduet ein kald vinterkveld før det kom nesten ein meter med snø, som no ligg og smeltar ute...sukk!
Ha ein fin kveld alle saman.
G
6 kommentarer:
Har sagt det før, å seie det igjen. Vegg til vegg teppe!! Kvitt, helst floss... Mmmm lekkert OG hygienisk!!
Ny banner! Grattla, flinke du e ;-)
Banner og banner...tihi... Eg prøvde meg seine kvelden og la den inn. Skal prøva meg litt i kveld og:)...eller seinare i veko. Klem G
PS. Kvitt teppe er genialt med to små reinslege ungar...hehe...
Din luring...spare før og etter bildet til du er helt ferdig...har du hør!! Nå var jeg SÅ sikker på at vi skulle få se den malte loftsstua..hihi.
Fra spøk til alvor - hva med å olje gulvet? Det finnes jo olje i forskjellige nyanser - fra mørkt til lyst (hvitt). Eller beise og lakke? Mange muligheter!! Lykke til!
Ingen dum ide! Lurt litt på å olje det med kalk i, sånn at det blir lyst å trivelig:)!!! Har du prøvd det?
G
Eg er enig med Mitt og Mine.
Oljing av golvet er nok det beste. Denne diskusjonen hadde eg og Bjørn S når dåke la nytt golv på kjøkkenet. Då fall dåke ned på oljevoks frå Osmo. Men sidan det ikkje er søl og gris som på kjøkkenet, vil eg nok anbefale vanleg olje på loftet. Grunnen er at denne gir eit mattare preg, noko som igjen gjer golvet lunare. Det er vel mest koseleg der oppe på loftet. Det finnes eit produkt som heiter Woca Mesterolje hvit, som dåke kan bruke. Det er nødvendig med maskin for å påføre dette, men det er ingen problem. Ta dåke ein tur til Bergen, så skal dåke få låne maskin gratis.... :)
Åge
Sidan eg er veldig utålmodig så freste eg ut til Husnes og kjøpte olje:). Trur det blir kjempe fint når eg endeleg kjem i gang. Fyrst er det pussing og nedvask. Ting tar tid, men er definitivt verdt det! Eg har jakta etter oljevokst frå osmo, men diverre er ikkje det å oppdrive i kommunen. Endte med faxe sin, tilsatt kvitt. Tusen takk for tilbod om gratis maskin, men eg har kjøpt utstyr i dag;). Ikkje dei heilt store flatene. Klem G
Legg inn en kommentar