I dag har vi vore i "hagen" og lufta ein 20 år gammal rattkjelke, skia, akebretta og i det heile.
Alle oss vaksne (mamma, pappa, broremann og meg) har oppført oss nett som ungane i heile dag. Vi har brukt masse energi opp og ned bakken... så no forstår eg kvifor ungane av og til streiker når dei skal opp ein bakke. Tenk kor tungt det er med masse små når du er liten? Snøen rekk nesten til låret deira. Då er det herleg å ha mormor, bessen og onkel rundt seg:).
Det sprøaste påfunnet i dag var då vi drog båten (ja du leste rett...) heilt til topps og sklei ned igjen, alle saman. Det var vanvittig gøy. Båten tok ut og vi måtte bremsa for at vi ikkje skulle fortsetja nedover skogen og treffa tre og krattvekst... Då slo pulsen!!!! KJEMPE GØY.
Mamma i full fart nedover bakken med filmkamera i eine handa...
Go` klumpen kosar seg i det nya "akebrettet" vårt.
JIPPI!
Ein kokusbolle til derssert...YAMMI!
Ein liten pust i bakken med grilling av pølsa og varm kakao.
KULT å aka med bessen!
Ein drøs...
Onkel må vera forsiktig då gibsen nettopp er tatt av etter brudd i foten, såg ikkje ut til å hindra han i å ha det GØY!
Mormor og bessen hjelper småtrolla med å ta skia på:)
Ha ein fin kveld.
G
3 kommentarer:
Ååååå!! De såg kjempekjekt ut!! Noge som ikkje e fullt så kjekt i dag, e å stå opp.....!! Huff.. Eg MÅ vaska håret -åsså MÅ eg føna det, ellers fryse de jo -å de e LIIITE stas....
Ha en fine dag :-)
For en herlig dag dere hadde. Kjekt når hele stor-familien er med..tipper det var ekstra kjekt for ungene. :) Vi sørget for å nyte dagen i går vi også. Var jo helt fantastisk vær her på vestlandet!
Ser ut som dåke koste dåke skikkelig ja. Kjekt å kikka innom bloggen dåkas og sjå ka så skjer i Herøysund. Masse fine bilder på bloggen :-)
Pratast plutselig.
Klem frå Elin
Legg inn en kommentar