GULROTKAKA
Saftig og sunn...
Til bursdagen min i 2005 (følte det var i fjor...) fekk eg ei utruleg kjekk bok frå svigermor, og svigerfar.
KJENDISENES beste kaker og andre favoritter.
det ser diverre ut som den ikkje er i sal lenger, men om du vil ha ei oppskrift av meg er det berre å spør om kopi, i denne boka er det meste...mmm.
Den har vi brukt vanvittig mykje. I denne boka finn du ei mengde gode oppskrifter for å kunne lage ei betre kake eller ein god dessert.
Oppskrift på gulrotkake:
4 egg
2 1/2 dl sukker
3 dl kveitemjøl eller spelt
2 ts natron
2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
5 dl revne gulrøtter
1 1/2 dl soyaolje
Egg og sukker piskast til eggedosis. Alt det tørre siktes sammen i eggedosisen. Revne gulrøtter og olje må rørast i, Hell røra i lita, smurt langpanne. Kaka må steikast på nederste rille ved 175 grader Celsius i ca. 30 - 40 min. Avkjøl.
Fyll:
200 g Philadelphia
100 g meierismør
200 gram melis
4 ts vaniljesukker
1 ss revet sitronskal
Ost, smør, meis, sitronskal og vaniljesukker blandast saman i hurtigmiksar eller for hånd. Osten og smøret bør ha romtemperatur. Kaka deler du i to (etter at den er avkjølt) og kremen tek du både inni og fordeler over heile kaka oppå. Denne kaka er utruleg lett og V E L D I G god. Kanskje ikkje
det sunnaste fyllet, men gjett om den smakar godt.
Mmmmm.....
Det er enkelt å dele kaka etter steiking (avkjøl), eg brukte ei stor hjerteform denne gongen. Då laga eg 1 1/2 oppskrift. Forma var ganske stor...
Det har vore litt ufrivillig bloggtørke frå mi side. Eg har ikkje funne USB kabel og les til eksamen. Godt vi er "tre kusiner" jenter.
Klem Gunilla
5 kommentarer:
SUNN e vel å ta litt hardt i kanskje? ;) Men at den er god, tvila eg ikkje ett sekund på!
Hehe, eg har brukt tittelen i oppskriftsboka, dei hevdar at den er sunn? Tihi... Fyllet er nok diverre heller USUNT, men kaka er ikkje så verst utan smør etc. Den er skikkeleg god ihvertfall:). Klem G
Å det hadde gjort seg med eit stykke no i kveld?!!
Pugge, pugge, pugge..
Suss
Gulrotkake er knallgodt, om det ikke er så sunt, så er det lov å skeie ut innimellom.
Kikker innom for å ønske dere en strålende flot helg, klem.
Hei på dere.
Det varmet godt å lese disse kommentarene. Jeg kan glede dere med å si at boken blir gitt ut på nytt og jeg jobber i disse dager med å justere litt her og der ;)
Med vennlig hilsen.
Gudrun Runarsdottir
Legg inn en kommentar