mandag 18. oktober 2010

Dåp!

Til helga skal alle "tre kusiner" i dåp. Då ser vi fram til god mat og godt selskap med familie og vener.

Vår kjære Lotta skal døypast og i den anledning så skal to av kusinene og Heidi (tvilling bestis) gi dette herlege biletet som er malt av Bjørg Thoraldottir. Ho har masse flotte bileter som passar til både liten og stor.

Tittelen på biletet er KJÆRLEIK VED FØRSTE BLIKK!


Kva passar vel betre til eit lite born? Det er verkeleg kjærleik å bli foreldre...

Stor klem frå den eksamenslesande Gunilla

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det blir stas for Lotta! Passar godt, for heile familien opplevde kjærleik ved første blikk å vi fekk vesle Lotta.

Klem eksamenslesande søster med blå ringar under augo...hehe

rod i hob sa...

Nydelig bilde!! Å kjempeflott presang!

Men eg ville ha retta det til B J Ø R G (med G) ;-) Lykke til med eksamenslesing :-)

Anonym sa...

HEHE, gift med Bjørn veit du...tihi...BJØRG ER RETT KJÆRE!

Elisa sa...

Hei!

Frøydis har vunne stoffpakke i utlodninga mi, send meg ein e-post med fargeønske, adresse og sånt så skal eg sende av gårde!

Min bloggliste

Om meg

Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!