Før det blei mørkt på julekvelden sendte vi opp ein "varmluftsballong". Det var utruleg fasinerande for både liten og stor. Vi tente på ei lita brikke som varma opp ballongen såpass at det danna seg lufttrykk og den sveva av seg sjølv.
Den sveva høgt opp over oss og for mot Bergen... skikkeleg flott!!! Dette var (naturlegvis) pappa sin idè, til glede for oss.
Onkel Anders skulle ta 360 på ski, velukka til tusen. Hehe....
Mollemor full fart ned bakken ved hytta!
Aurora og mollemor susar saman! Erteris.Vesle Geir jr. drukna nesten i all snøen, fantastisk spanande.
Onkel Bjørn og Geiremann studerar utsikten.
Ungane på veg bort til mormor og tante sine hus, der er akebakken perfekt i disse dagar.
Julekvelden er over og vi er alle heime frå fjellet. Vi har hatt fire alle tiders dagar på hytta med god mat, deilig drikke, masse pakkar, speling, lesing, god familie og atter mat.
Seinare i veka reiser vi på svigers si hytte, og kjenner eg dei rett blir det nok nett lika mykje god mat og drikke der òg. Magen romlar av tankjen....
No har eg fått fotobok til jul og håpar den kan vere med på å hjelpe meg i å ta betre bileter. Greitt å veta kva som skal til for å ha eit best mogleg utgangspunkt. Trikset er vel å ta MASSE bileter, prøva og feila. Puuuh.... Spanande og kjekt er det ihvertfall, så får tida vise om det gir resultat.
God romjul alle saman. Takk til alle som vitjar bloggen.
Klem Gunilla
2 kommentarer:
Fine bilder Gunilla :-)
Håpar at alt er vel med dåkke!!
Hos oss går alt kraftig fort fortida! Forstår ikkje kor tida blir av....!! Men, men -bra det og!!
Klem!
Så kjekt å sjå bildene dine:) Vi er i Sandnes og koser oss. Her er -12 grader idag.
Kos dåke hos svigers.
Klem Frøydis, Bjørn, Marcus, AUrora & Gunilla
Legg inn en kommentar