Forrige laurdag var vi masse ute for sola glimta til nokre timar og energinivået steig vesentleg. Etter utviding av terassen har vi ein haug med terassebord til overs (det skuldast at mor i huset (les: eg) skulle måle opp og beregne kor mykje vi trengte. Eg tok det raskt i hovudet utan målbånd og nærare kontrollmåling, brukte den gode magefølelsen...hahaha. Det resulterte naturlegvis i ca. 15 kvm for mykje. Hugsar det var så surt ver ute den dagen at eg stod til og med inne og tok beslutninga...) Eg har bestemt meg for å gjere det beste utav skivebommen og har no laga sandkasse til ungane og benk som vi skal ha i yttergangen vår. Benken kan eg vise seinare, då den skal malast og litt sånt. Den har mål som passar fint i forhold til korger 30x30, på ikea.
Eg har jo ein hemmeleg draum om å vere snikker, så endeleg får eg utfolda meg litt på hobbybabis. Kva er vel betre enn det? Tenk for eit kreativt yrke det er å vere snikker?!!? Om du har anledning til å utfolda deg litt. Aldri for seint, men trur eg skal halde meg innanfor huset`s fire veggar.
No gjenstår berre eit par strøk med beis (slik som huset), duk i botn og masse gøy sand! Håpar sandkassen blir til glede for store og små. Eg ha sjølv mange gode minner etter leik i sandkasse som liten.
HA EI GOD HELG.
Klem snikkaren
Gunilla
6 kommentarer:
Må sei eg blir imponert over snikkarferdighetane dine. Eg har snakka om sandkasse i snart 22 år, men har eg fått det? Nope, og no er det snart for seint trur eg....
God helg til dåke.
Fy fasan! Flottare enn flottast.
Hei!
For eit kjerringemne du er. Sandkassen sg stor og god ut.
Hemmelig beundrer..
EG ER IMPONERT!!! har du snekra den heilt åleine?? Det hadde aldri eg fått til...tøffing du :)
ungane kjem nok til å ha mykje kjekt oppi sandkassen som mammo har laga! eit lurt tips er å ha duk eller plast i bunn på sandkassen før du tar sanden oppi slik at ikkje ugraset veks opp..men det visste du sikkert! god helg til deg og dine :)
Flinke du, ein sandkasse er kjekk både for liten og stor.
Fortsatt fin helg til dåke.
Takk for kjekke kommentarar. Det er jo litt artig å få respons på min nye hobby. Tihi...GOD HELG ALLE SAMAN. Klem Gunilla PS. Den beundraren må du lengre ut på landet med F!
Legg inn en kommentar