Sim sallabim...HAHA....sjå nedover;
Før såg huset slik ut, langt unna noko vi sjølv hadde bygd. Vi har gjort ein del store endringar med fasaden og syns det har gitt gode resultat.
Vi har bytta rekkverk på heile huset, to små balkongar i 3.etasje, stor altan 2. etasje, samt inngongspartiet til vaskerommet i 1. etasje. Disse små detaljane har gjort underverket spør du meg. Det gamle og tunge utrykket er vekke, HELDIGVIS.
Inngongspartiet mot vaskerommet, litt maling gjenstår men det er kun detaljar!
Litt av utsikten frå balkongen. Heile Hardangerfjorden rett utanfor.
Huset i front, ein del rot rundt huset men det skal vekk så snart kjellarleiligheten er ferdig. Kanskje neste veka onkel Anders?!!??? Blir kjempe flott resultat.
Huset frå sida, heilt noko anna:).
Vi er godt nøgde med rekkverket, brukt lekter overalt. Alt skal beisast nokre strøk til, men elles så nærmar det seg eit ferdig resultat. Så min kjære mann har mykje godt arbeid framfor seg. Her i huset er eg mest engasjert innandørs og mannen utandørs.
Denne flotte blomsterpotta fekk eg av ein god kollega for mange veker sidan. Det er større og finare enn nokon gong. Masse fine rosa blomar, men på dette biletet er det potta eg fokuserar på. Syns den er så søt.
Ha ein fin veke alle saman.
G
3 kommentarer:
Det vart knallfint!!! Stakkars BS som skal beise alt det rekkverket ;) Du må helse så masse til han og sei at han sang aldeles fantastisk fint i kyrkja (som vanleg). Hormonelle Linda vart rørt til tårer ;)
Ufattelig fint kjære deg:)
F
For eit fint resultat!! Jammen har dåke komme godt i mål! Imponert!
Legg inn en kommentar